Aslak Bonde, politisk analytikar.

Etter 16 år:

Aslak Bonde sluttar i Morgenbladet i protest

Gir seg etter 16 år som kommentator i avisa. – Vemodig, seier han til Medier24.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det opplyser Bonde til Medier24.

Etter at Morgenbladet for ein dryg månad sidan varsla dei tilsette om at dei skal kutta åtte millionar i personalkostnadar har ni personar fått innvilga sluttpakke.

I tillegg har redaksjonsklubben ytra sterk mistillit overfor sjefredaktør Anna B. Jenssen. Klubben har også i lengre tid protestert kraftig mot kutt dei ikkje meiner er naudsynt å gjennomføra på noverande tidspunkt.

– Veldig vemodig

Politisk kommentator Aslak Bonde i Morgenbladet seier no til Medier24 at han gir seg i avisa som protest mot måten NHST og styret behandlar avisa som dei kjøpte opp i 2016.

– Det er veldig vemodig, seier han til Medier24, og legg til:

– Eg har halde igjen litt, for eg har håpa dei skulle sjå kor urimeleg kutta er. Då Jenssen sa at auken i pressestøtta ikkje har noko betydning for nedbemanninga viste ho at journalistikk ikkje er det viktigaste i produktet ho er redaktør for.

Bonde seier han er open for å starta opp noko nytt, som liknar Morgenbladet, med nytt namn.

Torsdag ettermiddag skriv Dagens Næringsliv og Journalisten at 32 skribentar og spaltistar nektar å levere stoff til Morgenbladet framover.

Sjefredaktør Anna Jenssen i Morgenbladet.

Bonde har varsla sjefredaktør Jenssen om avgangen, og er open for å halda fram med ei oppseiingstid. Det håpar redaktør Jenssen at han gjer.

Ho kommenterer avgangen slik overfor Medier24:

– Det er utruleg trist. Aslak Bonde har vore ein berebjelke i Morgenbladet. Det blir vanskeleg å erstatta han.

Ifølgje Bonde har han hatt noko på trykk i avisa i kvart einaste nummer sidan 2003.

– Det er det vel ingen andre som har gjort. Det er i Morgenbladet eg har vore lengst, då det er det prosjektet eg har knytt meg sterkast til.

Forstår avgjersla

Klubbleiar Jo T. Gaare i Morgenbladet.

Klubbleiar Jo T. Gaare seier det var trist å høyra at Bonde sluttar i avisa. Han var ikkje klar over avgjersla då Medier24 tok kontakt torsdag ettermiddag.

– Dette var veldig trist å høyra. Aslak Bonde har vore viktig for å analysera politikken både for lesarane og oss som jobbar i avisa, sånn at me ser samanhengane i politikken betre. Men me har forståing for grunngjevinga han gir for å slutta, og registrerer at han nemner den ekstra pressestøtta me skal få, som me òg meiner bør brukast på å rusta opp journalistikken, seier han til Medier24.

Han legg til:

– Dette er leiinga faktisk ikkje samd i, og det er ei gåte for oss. Me vil òg takka for støtta han har vist oss i den djupe krisa som går føre seg.

No håpar klubben at Bonde at vil skriva for avisa igjen dersom leiinga tek grep «han tykkjer er gode i næraste framtid.»

– Fri for å skriva for andre

Den tidlegare Aftenposten-journalisten har i lengre tid å forsøkt å få ei forklaring frå Morgenbladet-styret, seier han til Medier24. Det har han ikkje lukkast med.

– Dagsnytt 18 forsøkte i tre dagar å få meg i debatt med styret, men det var umogleg, seier han.

Bonde, som elles skriv for Dagens Perspektiv, Stat & Styring og Forum, held dørene opne for nye oppdrag.

– Eg er no fri for å skriva om politikk for andre også, seier han.

Powered by Labrador CMS