I november 2017 fikk Gard Steiro den andre nynorskprisen på kort tid.

Etter eitt år med nynorsk i VG, har ikkje avisa motteke ein einaste protest. No må andre følge etter, meiner journalist og målmann

Dagbladet er blitt verst i klassen, seier Jens Kihl. Det gjer ikkje djupt inntrykk, svarer John Arne Markussen. Men i Aftenposten kan det gå mot endringar.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

For eitt år sidan opna VG-redaktør Gard Steiro for (litt) meir nynorsk.

Saka om verdas tyngste kvinne skreiv seg inn i historiebøkene som den første nyheitssaka på nynorsk i VG – som ikkje handla om nynorsk – på nærare 70 år.

Steiro innførte ei ny språklinje som let journalistane skrive nynorsk der det var relevant og naturleg.

– Ein ting som ikkje har overraska meg, men som er slåande, er at det har ikkje vore nokon lesarprotestar mot dette. Eg har ikkje motteke ein einaste lesarprotest.

Det seier Steiro eit drygt år etter at nynorskforbodet var historie i VG.

– Det kan tyde på at frykten for at dette skulle vekke sterke reaksjonar var noko overdrive. Tilbakemeldingane vi har fått har vore positive.

– Naturleg med bokmål og nynorsk i store medier

Men det betyr ikkje at det blir mange fleire nynorskartiklar av den grunn.

– Eg held akkurat den same linja som tidlegare, det er ingen endringar i den. VG vil i all hovudsak framleis vere ei bokmålsavis. Så har vi sagt at vi opnar for nynorsk, og at det ikkje er noko forbod mot det lenger. Eg har tillit til at reporterane gjer dei rette vala når saka er tjent med å bli skriven på nynorsk. 

Brotet med nynorsksensuren førte til eit prisdryss frå målrørsla til mannen som kun hadde site nokre månader i sjefsstolen hos bokmålsbastionen VG.

Etter prisdrysset uttalte Steiro at han følte seg som Barack Obama då han (Obama, altså) vann fredsprisen.

– Det var kjekt å få heider for at vi gjorde ei lita dreiing. Samtidig er det openlyst at det er mange som har gjort langt meir for nynorsk enn VG og meg. Når du ser på listene over kven som har vunne prisane tidlegare, så er det andre som har fortent den meir, seier han no.  

VG-journalistane Jostein Matre og Frank Ertesvåg har stått for flesteparten av sakene som har blitt skrive på nynorsk i VG det siste året. Sjølv seier dei til Medier24 at det ikkje er snakk om særs mange nynorsksaker sidan forbodet blei oppheva:

Matre viser til tre som han har stått for, Ertesvåg viser til omtrent det same talet.

Men lesarane til landets største nettavis har dei siste vekene kunne lese saker på nynorsk om blant anna varslarsaker i Senterpartiet og tidenes første bygdepride.

Det store antallet nynorsksaker har altså uteblitt, men Steiro seier at for han har ikkje mengda vore det viktigaste. Eitt år etter nynorskopninga trur han VG har gjort akkurat det dei sa dei ville gjere.

– Det var viktig å understreke som vi gjorde i starten at det var ikkje ei markant endring i korleis ein oppfattar VG, men det var ei prinsippavgjersle. Og for målrørsla er kanskje prinsippavgjersla viktig, og kan føre til at ein får ei oppmjuking i andre redaksjonar også. Dette kan gjere at både bokmål og nynorsk i store medier blir sett på som heilt naturleg, noko eg meiner det er.

– Målfolket er vane med å vente

– Den prinsipielle sigeren har vore større enn den reint praktiske sigeren, som handlar om kor mykje meir nynorsk det har blitt i norsk offentlegheit. 

Det seier nynorskjournalist i Klassekampen og nestleiar i Noregs Mållag, Jens Kihl:

– For det har ikkje blitt frykteleg mykje meir nynorsk i VG, men forskjellen på eit forbod og eit ikkje-forbod er veldig stor. Det er det framleis all grunn til å rose VG for.

Jens Kihl, journalist og målmann.

– Det er viktig å merke seg at kravet til målrørsla aldri har vore ein prosentsats eller lovbestemmelsar. Vi har berre ønska den prinsipielle opninga for nynorsk, og den er vi i ferd med å få og det er eg glad for uansett, seier Kihl. 

Han seier det er svært bra at saker om alt frå varslingar til bygdepride blir skrive på nynorsk.

– Eg gler meg over kvar einaste nynorsksak i kvalitetsavisa VG. Med tid og stunder kjem vi dit at kva som helst kan stå på nynorsk i VG. Det er eg heilt sikker på, og det ville gjere dei til endå meir av ei avis for heile landet. Eg heiar på gode journalistkollegaer i VG som har lyst til å bruke språket sitt på papir og skjerm.

Han meiner det at det ikkje har kome ein einaste lesarprotest viser at å oppheve nynorsksensuren i VG var langt på overtid. 

– Eg håper dei ser at nynorsk funkar som fjell, og at det berre er å opne opp for meir framover. Det kjem sikkert til å ta litt tid, men det tok oss 199 år, 11 månader og 3 veker å få Grunnlova på nynorsk, så målfolket er vane med å vente. Men vi håpar det går litt raskare denne gangen.

– Dagbladet verst i klassen

At nynorskprotestane har latt vente på seg hos ei av landets største aviser, meiner han viser at fleire må følgje etter.

– Det er stor forskjell på nynorskopninga til VG og ei full jamstilling slik som ein god del andre aviser og mediehus praktiserer, og den håper eg vil kome. Men det er ikkje Gard Steiro som er verst i klassen, det er det Dagbladet som er, seier han og held fram:

– Min draum er at den neste redaktøren i Dagbladet, Alexandra Beverfjord, blir den historiske redaktøren som tar eit endeleg farvel med sensurlinja.

– Det burde stikke litt i ei kulturradikal avis som Dagbladet at dei blei den aller treigaste blant riksavisene for å opne for nynorsk. Det håper eg gjer litt vondt oppe på Hasle, seier Kihl.

150 år gammal forretningsidé

– Det får sjølvsagt Jens Kihl lov til å meine, men det gjer ikkje noko djupare inntrykk på meg. Eg synest ikkje det gjer så vondt.

Det seier Dagbladet-redaktør John Arne Markussen. Språkpraksisen i avisa er å nytte radikalt bokmål.

– Og slik har praksisen vore så langt tilbake eg kan hugse. Det var også det som var utgangspunktet då avisa blei starta for snart 150 år sidan. 

Og difor vil ein ikkje kunne lese nyheitssaker på nynorsk i Dagbladet, ifølgje han.

John Arne Markussen, avtroppende sjefredaktør i Dagbladet.

– Språkforma er jo ein del av forretningsidèen til mediehuset. Det er eigarane og styret som bestemmer avisa sitt formål og språkform. Eg ser at andre aviser har ei mykje meir open linje, men vi held fast på at dette er ein del av forretningsidèen.

– Journalistar som blir tilsett i Dagbladet brukar bokmål, men vi har lenge praktisert at spaltistar og debattantar kan skrive på nynorsk. Så det er ikkje slik at det er umogleg å få nynorsk på trykk, men arbeidsspråket er bokmål, seier Markussen.

Riksavis – men skal ikkje spegle heile landet

Sjølv om Dagbladet er ei riksavis, så meiner ikkje Markussen at avisa treng å spegle landet ved å benytte seg av begge dei offisielle målformene.

– Nei, eg trur vi er der vi skal vere i forhold til publikum sine forventningar. Når ein har gjort eit historisk val på målform så har lesarane forventningar til den målforma dei skal finne i avisa. Det er ikkje noko problem for oss å forsvare nynorsk på leiarplass, men hos oss er det bokmål som er arbeidsspråket. 

– Gard Steiro synest det er naturleg med nynorsk i store medier. Synest du det er naturleg med nynorsk i ei riksavis som Dagbladet?

– Nei, det synest eg ikkje. Det er viktig at lesarane har forventningar. Vi har aviser i landet som skrivast kun på nynorsk nettopp fordi det er ein del av forretningsidèen.

– Men Dagbladet er ei riksavis, og det er 600.000 nynorskbrukarar i landet. Trur ikkje du nokon av dei har forventningar om å sjå språket sitt på trykk i Dagbladet?

– Det er ingen som forventar at Dagbladet skal opne opp for nynorsk. Ganske enkelt fordi ein har andre forventningar til Dagbladet, ein forventar bokmål. Vi har ei linje på dette, og den følgjer vi. 

– Så forretningsidéen trumfar eventuelle ønske frå lesarane? 

– Ja, i dette tilfellet så gjer den det.

 Og sjølv om storebror VG ikkje har fått nokre lesarprotestar på nynorsken, skjer det ikkje nokre språkendringar hos Dagbladet med det første. 

– Det skjer ikkje noko i mi periode, og den går mot slutten, seier Markussen.

– Lever fint med det

– Verda gjekk ikkje under, nei. 

Det seier sjefredaktør i Aftenposten, Espen Egil Hansen, om reaksjonane etter at dei i juli i fjor publiserte eit portrettintervju med Aasmund Nordstoga på nynorsk.

Då kom det ingen lesarprotestar som han kjenner til, i avisa som elles er prega av moderat bokmål.

– Så lenge eg har vore sjefredaktør har vi opna for at kronikkar, lesarinnlegg og omtalar skrive på nynorsk også publiserast på nynorsk, seier han og held fram:

– Så gjer vi enkelte vurderingar på nokre saker der vi slepp til nynorsk viss det følast naturleg. I enkelttilfelle har vi gjort det. 

Sjefredaktør Espen Egil Hansen i Aftenposten.

Sjølv om det snart er eitt år sidan ein kunne lese den forrige nyheitssaka på nynorsk i Aftenposten, trur han ikkje lesaren har noko imot målforma.

– Eg opplever det ikkje som noko problem for folk når det er innlegg på nynorsk, tvert imot. Eg trur vi lever fint med det. Det viktigaste er at vi har eit godt og sikkert språk, og at våre produkt er godt redigerte.

Modernisering på gang

Men det kan vere språkmessige endringar i sikte for landets største papiravis. 

– Både språk og mediebruk er under utvikling, og då er det naturleg frå tid til annan å gå gjennom den praksisen og det regelverket vi har, og diskutere om det følast moderne. Det har Aftenposten gjort veldig mange gonger sidan 1860, og no har vi funne ei anledning til å gjere det igjen. Så får vi sjå kva som kjem ut av det, seier han.

Det er Harald Stanghelle som leier arbeidet som Hansen omtalar som ei utarbeiding av forslag til nye retningslinjer. 

– Vi har følt behov for å sjå på korleis vi eigentleg handterer språket vårt, og om dei unntaka vi har følast moderne. Så ein kan kalle det ei viss modernisering, seier Hansen.

– Betyr det at det kan kome fleire nyheitssaker på nynorsk?

– Eg vil ikkje utelukke det eine eller det andre. Eg er forsiktig med å forskotere dei konklusjonane som Harald anbefaler. Vi skal behandle det og kome tilbake til resultatet når vi er klare.

Powered by Labrador CMS