Fredag kunne ein i Avisa Nordhordland lesa at Magnar Klausen (83) fekk kulturprisen av Radøy kommune. Artikkelen var signert Arthur Kleiveland – politisk sekretær i «Kultur- og sørvistorget» i Radøy kommune.
Avisa hadde ikkje lagt inn ein merknad om dobbeltrolla. Det til trass for at Ver Varsam-plakaten slår fast at ein skal «unngå dobbeltroller, verv, oppdrag eller bindingar som kan skape interessekonfliktar eller føre til spekulasjonar om inhabilitet».
– Han er ein stor ressursperson, så om eg skulle vore veldig prinsippfast opp mot etikken ville det gått på kostnad av innhaldet i avisa. At ein er nøydd til å sjå litt mellom fingrane trur eg dei fleste redaktørane landet rundt opplever, seier redaktør Trond Roger Nydal til Medier24.
Eit søk i Retriever viser at Kleiveland har skrive 155 saker for avisa med journalist-byline i 2019.
– Skjedd ein glepp
Avisa Nordhordland er ein liten redaksjon, med hovudsete i Knarvik i Lindås kommune. Med berre fire journalistar fast tilsett er det ikkje like enkelt å rekkja over alt.
– Han er sikkert den som kjenner Nordhordland best av alle, så eg ser på han som ein stor ressurs for avisa, og har halde fram samarbeidet med han. Me har tett dialog om kva stoff han skal levera, og så seint som i helga var han ute og dekkja kulturarrangement me ikkje hadde hatt folk til å dekkja utan han, seier Nydal vidare.
Likevel er han tydeleg på at artikkelen fredag burde hatt ei setning som gjorde greie for bakanforliggande forhold, slik det står i punkt 2.3 i Ver Varsam-plakaten.
– Det har me hatt i tidlegare saker, så her har det skjedd ein glepp – og det burde vore presisert, seier Nydal.
– Har de vurdert å halda fram med engasjementet, men at han då er nøydd til å sei frå seg stillinga i kommunen?
– Me forsøker å styra unna at han skal dekkja stoff kor det er openbert konfliktstoff, nyheitsjournalistikk, eller ting som gjer hans faste jobb i Radøy kommune til eit problem. Han skriv mest om det me ser på som ufarleg stoff og arrangement.
– Han er populær over alt
Nydal har vore redaktør i avisa sidan 2015. Alt då var Kleiveland engasjert i avisa, og har før det vore både journalist og redaktør i Avisa Nordhordland i ei årrekkje.
Nydal kan ikkje hugsa å ha fått negative tilbakemeldingar på dobbeltrolla.
– Tvert om er tilbakemeldingane at folk trur han framleis er tilsett i avisa, og at han gjer ein kjempejobb. Han er populær over alt han dreg, og er ein stor ressurs for ei lita lokalavis.
Sjølv seier journalisten til Medier24 at han meiner han har eit ryddig forhold til saker han sjølv er inhabile i.
– Det er eit klart prinsipp frå mi side at eg ikkje skriv om politiske saker i Radøy kommune. Det er definitivt uaktuelt både for meg og avisa, seier han.
Skriv om sport og kultur
Også han meiner artikkelen fredag kunne blitt løyst annleis.
– Her burde det stått at artikkelen er innsendt frå Radøy kommune, seier han.
Kleiveland seier han hovudsakleg skriv saker om sport og kulturstoff som konsertar og liknande.
– Det hender eg skriv og tar bilete frå kulturarrangement kommunen står bak. Då har redaktøren lagt til at eg, artikkelforfattar, er tilsett i Radøy kommunen.
Det hender òg at artiklane vert sende ut til lokalavisene – inkludert konkurrenten Strilen – som pressemelding.