– Me vert ofte intervjua av folk som faen ikkje har peiling på det dei skal skrive om
Wenche Pedersen (Ap) er ikkje raus i omtalen av verken Nordlys eller iFinnmark, deira dekning av samanslåinga eller journalistane sitt kunnskapsnivå. – Får stå for hennes egen regning, svarer redaktør Arne Reginiussen.
Førre veke skreiv Medier24 om ordførar i Porsanger, Aina Borch (Ap), som var sterkt kritisk til korleis den samiske avisa Ságat dekkjer fylkessamanslåinga. Spesielt reagerte ho på korleis redaktørane Geir Wulff og Lars Birger Persen kommenterte saka på Facebook.
Ifølgje den røynde Ap-politikaren i Finnmark, Wenche Pedersen, er verken Nordlys eller iFinnmark særleg betre.
Pedersen er ein av Finnmark Ap sine klaraste røyster mot samanslåinga mellom Troms og Finnmark, og er tidligare fylkesrådmann og no gruppeleiar og ordførarkandidat i Vadsø Ap.
Nådelaus Ap-politikar
– At iFinnmark og Nordlys i spørsmålsstillinga er farga av kva redaktørane deira meiner, er opplagt. Redaktør i iFinnmark, Arne Reginiussen, kallar eg berre for Arne Regionussen, seier Wenche Pedersen.
– Det er ikkje berre i Ságat at nyheitsdekninga er farga av redaktørane, seier ho.
– At Helge Nitteberg i Nordlys har latt Skjalg Fjellheim halda på slik han har gjort, er ei gåte, seier Pedersen.
Av konkrete døme der ho meiner Nordlys har gått over streken, er kommentaren, titulert «Gerilja i Finnmark», dømet ho kjem med. Pedersen meiner Fjellheim driv sjikane i innlegget. Kommentaren gjekk seinare ut og orsaka ordbruken i saka.
– Me driv journalistikk. Herregud
Skjalg Fjellheim i Nordlys stiller seg uforståande til kritikken frå Pedersen.
– Det verkar som om ho har lite trening i ei kritisk offentlegheit, der hennar eigne strategiar vert sett under kritisk søkjelys. Folk som er i stand til å trenere vilje i eit representativ demokrati fleire gongar, har betydeleg makt. I Nordlys har me, gjennom kommentarjournalistikken, vektlagt saklegheit og balanse. Me har utfordra maktstrukturane i Finnmark Ap, og stilt spørsmål. Det er ikkje tvil om at det har vore motstand mot regionreforma i Finnmark, og den skal me ha respekt for, men me har stilt spørsmål til om mangelen på anerkjenninga av regjeringa si avgjerd kan vere ei fare for demokratiet, seier Fjellheim.
– Me driv journalistikk. Herregud. Me representerer ei kritisk offentlegheit. Me er kritisk til alle type makt, også den Wenche P. forvaltar, legg han til.
Merkelege spørsmål
Det som skapte mest oppstyr rundt Ságat førre veke var tittelen «Styret i Finnmark Ap sviktet Finnmark». Kritikarane meinte avisa gjekk for langt i å konstatere med svik i tittelen.
– Det er ikkje berre i Ságat redaktørane fargar nyheitsdekninga. Det skjer også i Nordlys og Finnmark Dagblad, seier ho.
Det som uroar endå meir er det ho opplever som kunnskapslause journalistar.
– Me har mange små redaksjonar og større redaksjonar, men ein trend me, som samfunnsaktørar, ser, er at det er for lite ordentleg journalistikk. Me får dei merkelegaste spørsmål, seier ho.
– I saker om regionreforma vert me intervjua av journalistar som ikkje har peiling på samfunnsutvikling, seier ho.
Reginiussen: – Nedlatande og elitistisk
Verken Helge Nitteberg i Nordlys eller Arne Reginiussen i iFinnmark er einig i kritikken frå Pedersen.
– Eg er spent på korleis ho argumenterer for dette her konkret. Eg kan seie at me har ei lang og god tradisjon, i Nordlys, for å skilje mellom meiningar og faktabasert journalistikk. Det meiner eg me i aller høgaste grad får til i denne saka, seier Nitteberg til Medier24.
I ein sms til Medier24, skriv Reginiussen:
«Det er klassisk hersketeknikk, man sitter selv med fasiten og mener alle andre har for lite kunnskap. Vi har hatt balanserte saker om regionreformen der ulike syn har sluppet til. Våre journalister har god evne i å sette seg inn i sakene og at Wenche mener de er kunnskapsløse får stå for hennes egen regning. Det er trasig at en folkevalgt inntar en slik nedlatende og elitistisk holdning.
Når det gjelder Wenches konspirasjonsteorier om at mine synspunkter skal være i nyhetsdekningen, så blir det såpass lavmål at det er nesten ikke vits å kommentere. Vi har et stort kobbel med journalister og fire redaktører og hvis Wenche tror at jeg sitter der og gjennomgående planter og legger inn hva jeg mener om de ulike sakene så tror jeg hun har tatt litt mye møllers tran.»
– Me snakkar ofte med kjelder i Tromsø
Pedersen kjem med eit ferskt døme:
– For nokre veker sidan vart eg ringd opp av ei dame, frå ei Finnmark-avis, som seier «Snakkar eg med Wenche Pedersen? Eg forstår det slik at du er mot regionreforma?» Då kjenner eg at eg får ein klump i magen, og så tenkjer eg «korleis i alle dagar skal eg fortelje dette mennesket kva dette handlar om?», seier ho.
Ho saknar meir grundig journalistikk om samanslåinga.
– God gammaldags journalistikk, kor ein nyttar fleire kjelder, og kan noko om Finnmark og samfunnet, er mangelvare, påstår ho.
Nitteberg i Nordlys er ærleg på at i og med at dei held til i Tromsø, er det ein fare for at regionen er overrepresentert i kjeldetilfanget deira.
– Me har hatt reportasjar kor me har reist rundt i Finnmark, og fått med ulike synspunkt på fylkessamanslåinga. Me har dekkja ei lang rekkje møter og prosessar. Det einaste eg kan sjå er at, sidan me har hovudbase i Tromsø, oftare snakkar med kjelder som har tilhald i Troms, enn i Finnmark. Men er det nokre saker me har dekkja med kjelder frå Finnmark, er det i denne, seier han.