Sender brev til Bent Høie:

Reagerer på at journalistikk ikkje blir rekna som «samfunns­kritisk funksjon»

Presseorganisasjonane sender brev til helseministeren. – Lite gjennomtenkt, seier Arne Jensen.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • Saka vert oppdatert.

Etter at regjeringa torsdag vedtok å stenga alle barnehagane i landet som følgje av koronaviruset må mange foreldre vera heime med barna sine.

Berre kritisk nøkkelpersonell får i desse dagar sende barna sine i barnehagen. Beredskapsutvalet i Helsedirektoratet har laga ei liste med 15 funksjonar dei meiner er kritiske for samfunnet.

Kritiske samfunnsfunksjonar:

Styring og kriseledelse
Forsvar
Lov og orden
Helse og omsorg
Redningstjeneste
IKT-sikkerhet i sivil sektor
Natur og miljø
Forsyningssikkerhet
Vann og avløp
Finansielle tjenester
Kraftforsyning
Elektroniske kommunikasjonstjenester
Transport
Satellittbaserte tjenester
Apotekene

Journalistikk er ikkje på lista. Det reagerer generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening på.

– Det tenkjer eg er uheldig, seier generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening til Medier24.

Brev til Høie

Han har, saman med presseorganisasjonane, sendt eit brev til helse- og omsorgsminister Bent Høie og direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet.

Der ber dei om at media kjem inn på lista over samfunnskritiske funksjonar.

«Vi ser allerede nå eksempler på at nyhetsmedier, både lokalt og sentralt, sliter med å få vaktplaner til å gå opp og å få bemannet sentrale funksjoner i både rapporterings- og publiseringsledd. Eksempelvis er det for TV 2 i skrivende stund usikkert om man klarer å avvikle kveldssendingene som normalt de kommende dagene», skriv dei i brevet.

Det er Norsk Redaktørforening, Norsk Journalistlag, Mediebedriftenes Landsforening, Landslaget for lokalaviser og Fagpressen som står bak brevet.

Medier24 har vore i dialog med nyheitsredaktør Karianne Solbrække i TV 2 som torsdag opplevde «akutt bemanningskrise» før 18:30-sendinga.

Nyhetsredaktør Karianne Solbrække og programleiar Linn Wiik i TV 2.

Ho peiker på både sjukdom, stengte barnehagar og karantene på reisande som tre faktorar som gjer det krevande.

– Samfunnsoppdraget vårt har ikkje vore viktigare i mi levetid. Då meiner eg at iallfall ein del av våre funksjonar må definerast og koma inn på DSB si liste. Det vil gjera det enklare for oss, slik at dei med småbarnsforeldra får sendt dei på barnehage og skule, seier Solbrække.

Solbrække er sjølv førebudd på å fungera som vaktsjef, ei stilling ho tidlegare har hatt i kanalen.

– Dette kan dei ikkje gjera

Jensen legg til:

– Dette verkar lite gjennomtenkt.

Det er Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) som har utarbeidd lista.

– Myndigheitene kan ikkje på den eine sida vera opptekne av å få informasjon og på den andre sida gjera det vanskeleg for dei som skal få informasjonen ut, seier Jensen.

 

– Vanskeleg

I brevet skriv dei:

«Gitt det enorme behovet for informasjon til publikum som epidemien utløser, mener vi det er åpenbart at de redaktørstyrte, journalistiske mediene har en svært viktig og kritisk samfunnsfunksjon, i form av faglig fundert, kritisk og uavhengig informasjonsformidling. At mediene har en slik funksjon, har vært anerkjent av norske myndigheter helt fra andre verdenskrig.»

Vidare viser dei til at bestemmingane i kringkastingslova og smittevernlova som krev at media distribuerer samfunnskritisk informasjon, slik det er nedfelt i kringkastingslova § 2-4 og smittevernlova § 4-8.

Dei argumenterer også med den nye forskrifta om midlertidig fritak frå teneste for tenestepliktige i Sivilforsvaret.

«I den situasjonen vårt samfunn nå står oppe i, mener vi det er helt avgjørende at de redaktørstyrte, journalistiske mediene kan fortsette å gjøre sin jobb. Det vil i noen tilfeller bli vanskelig gitt de tiltak som nå er iverksatt», skriv presseorganisasjonane.

Helsedirektoratet viser til DSB for kommentarar. Medier24 har enno ikkje fått svar på våre førespurnader.

Powered by Labrador CMS