Illustrasjonsfoto av skattelistene til Skatteetaten til venstre. Til høgre er redaktør Tove Lie i Khrono.

Skatte­etaten i avslag om innsyn: – Khrono sitt inn­hald blir for snevert

– Hårreisande, meiner Redaktørforeningen. No hamnar saka hos Finansdepartementet.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Skatteetaten har nyleg avslått å gi kunnskapsavisa Khrono tilgang til folkeregisteropplysingar som presseorgan.

Årsak?

«Etter vår oppfatning blir Khronos innhold for snevert til å falle inn under virkeområdet i mediefridomslova», skriv Skatteetaten i sitt avslag, signert seniorrådgjevar Kristin Os i juridisk avdeling.

Klage førte ikkje fram

Det får redaktør Tove Lie i Khrono til å reagera.

– Dette legg store avgrensningar på mange medium si moglegheit til å driva undersøkande journalistikk. Eg stiller spørsmål ved om det er Skatteetaten som skal definera kva medium som skal inn under mediefridomslova. Pressefriheita kan ikkje avgrensast av Skattedirektoratet, seier ho til Medier24.

Redaktør Tove Lie i Khrono. Her frå då ho vart kåra til «Årets fagpresseredaktør» i 2018.

Khrono er ei uavhengig nyheitsavis for høgare utdanning og forsking, og er eigd av ei rekkje ulike universitet. Avisa er medlem i Fagpressen.

Nettavisa si klage på avslag førte ikkje fram, og det endelege avslaget kan heller ikkje klagast på, skriv Skatteetaten i sitt avslag.

– Merkeleg

No har dei kopla på Norsk Journalistlag (NJ), Norsk Redaktørforening (NR) og Norsk Presseforbund (NP), som tek saka vidare til Finansdepartementet.

– Dette er heilt hårreisande av Skatteetaten. Dei kan ikkje ha lese og forstått førearbeidet til mediefridomslova. No trer det også ei ny medieansvarslov i kraft 1. juli. Det er openbert at Khrono fell innunder denne lova og skal ha tilgang til desse opplysingane, seier generalsekretær Arne Jensen i NR, og legg til:

Generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening.

– Dersom dette er linja Skatteetaten legg seg på, vil fleire fagtidsskrift råkast, og det er ikkje i tråd med politikarane sin intensjon.

Jurist Kristine Foss i NP er heller ikkje imponert.

– Det er openbert at Khrono driv journalistisk verksemd, at det er merkeleg at ein held fast på eit slikt syn. Dei har ei altfor snever forståing av kva som er journalistisk verksemd, og bommar på kva som er formålet med avgrensinga i lova. Eg forstår ikkje kvar Skatteetaten har vore dei siste åra, seier ho.

Skatteetaten ynskjer ikkje å kommentera

I brevet til departementet ber presseorganisasjonene at dei vurderer saka på nytt, opp mot den nye medieansvarslova som trer i kraft 1. juli.

– I den nye lova forsøker ein å retta opp at det gamle lovverket vert praktisert for snevert, då andre tilsvarande publikasjonar har blitt behandla likt, seier Foss til Medier24.

Jurist Kristine Foss i Norsk Presseforbund.

Skatteetaten ynskjer ikkje å kommentera saka overfor Medier24.

«Vi har dessverre ikke anledning til å kommentere denne saken når den er klagd inn til departementet»‚ skriv kommunikasjonsrådgjevar Ernst Larsen i Skatteetaten i ein e-post.

Samanliknar seg med Dagens Næringsliv

I si argumenterer Khrono med at dei ikkje berre dekkjer universitets- og høgskulesektoren, men også politikk og offentleg forvaltning knytt til forsking og høgare utdanning.

«Khrono dekker kunnskapssektoren på samme måte som Dagens Næringsliv dekker næringslivssektoren og Nationen dekker landbrukssektoren. Det er ikke naturlig å skille Khrono fra andre massemedium», skriv Khrono.

Der får dei lite støtte av Skatteetaten.

«At Khrono har som målgruppe andre enn personer i universitets- og høgskolesektoren, er dette uten betydning så lenge den fremstår som en nisjeavis og ikke som en dagsaktuell nyhetsformidler. Å sammenligne Khrono med Dagens Næringsliv og Nasjonen (sic!) finner vi ikke relevant. Dette er dagsaviser med dagsaktuelle nyheter/redaksjonelt stoff og samfunnsdebatt som ikke bare er knyttet til næringsliv og landbruk», skriv dei i svaret sitt.

Powered by Labrador CMS