Haukeland Sjukehus. På biletet er NTB-sjefredaktør Mads Yngve Storvik, Sunnhordland-redaktør Magne Kydland, NRK Hordaland-redaktør Dyveke Buanes, Bergensavisen-redaktør Sigvald Sveinbjørnsson og generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Arne Jensen.

Redaktørar i harnisk: Sjukehusa avviklar praksis med offentleg­gjering av pasient­tilstand

Helse Vest med sjokkbeskjed til norske medium – lét ikkje pressa lenger få tilgang til helsetilstandar til pasientar. No reagerer fleire redaktørar.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Sjukehusa i Helse Vest publiserer i dag pressemeldingar med tilstanden til pasientar som kjem inn etter ulukker/traume i det offentlege rom. Det blir opplyst om ulukkesstad, type hending, alder og kjønn på skadde. Praksisen for dette er noko ulik i sjukehusa landet over, skriv Helse Vest i ei pressemelding.

Frå̊ og med 1. mars 2019 vil sjukehusa i Helse Vest ikkje stadfeste eller gi opplysingar til media om pasienten er innlagt eller om helsetilstanden. Dette gjeld alle sjukehus og behandlingsstader i Helse Stavanger, Helse Førde, Helse Fonna og Helse Bergen.

– Hårreisande

Sjefredaktør Sigvald Sveinbjørnsson i Bergensavisen er sterkt kritisk til avgjersla overfor Medier24.

– Eg er ingen ekspert på GDPR, som er bakgrunnen for at dei gjer dette, så eg veit ikkje om dei har orda sine i behald, men me må finne ut av lovlegheita i dette, eller om dei gjer det av bekvemshensyn, for denne basisen må dei endre på. Dette er hårreisande, seier redaktøren og held fram:

– Det vert vanskelegare for oss å bringe ut informasjon til lesarane våre om faktiske forhold. Dette kan føre til meir rykte om alvorlege ulukker, så me må finne ut korleis me kan endre på dette. Dette er ikkje bra.

– Vanskeleg

Sjefredaktør i NTB, Mads Yngve Storvik, reagerer på endringa.

– Dette handlar jo ikkje om at me ynskjer å grafse i pasientane sin helsetilstand og privatliv, men å bringe vesentlege nyheiter. Med den nye praksisen vert det vanskeleg, fortel han til Medier24.

Helse Vest meiner alle pasientar har rett til vern mot spreiing av opplysningar om personlege og helsemessige forhold, og at dette òg gjeld personar som er utsett for ulukker eller valdshandlingar som blir omtalt i media.

Helse Vest er ikkje med på kritikken

Kommunikasjonsdirektør i Helse Vest, Bente Aae, seier til Medier24 at dette er noko som har lege i korta lenge. 

– Mediebiletet har forandra seg, med sosiale medium, og det er ein annan takt på mediebiletet no enn tidlegare. Diskusjonen rundt korleis me skal handtere dette har vore med oss lenge. Det er ei erkjenning om at me nok burde ha avvikla denne praksisen for ei stund sidan, seier ho til Medier24 og held fram: 

– Når det kjem til å identifisere pasientar, så ser me at me måtte ta nokre grep for at både pasientar og medarbeidarar skal føle seg sikre på at teieplikta og personvernet vert vareteke, seier ho. 

– Føretaka kjenner godt til media sine arbeidsmåtar og behov, men det er eitt behov som må gå framføre. Me har respekt for måten media jobbar på, men at det å ikkje få desse opplysningane om pasientar si helsetilstand vanskeleggjer media si oppgåve vesentleg, det kan eg ikkje sjå. Dei opplysningane me gir i tillegg er gjerne ikkje avgjerande for å dekkje hendingar, seier ho.

– Nytt ledd i vanskeleggjeringa

Redaktør i Sunnhordland, Magne Kydland, er frustrert over beskjeden frå Helse Vest, som kom brått på lokalavisa.

– Det vert vanskelegare for oss å følgje opp og oppdatere saker som er av offentleg interesse, til dømes saker om trafikkulukker. Dette er saker der me eigentleg får den første infoen frå politiet og er avhengig av oppdatering av helsevesenet om helsetilstand, for å kunne gi best mogleg informasjon, seier Kydland til Medier24.

Han meiner dette er ei svært beklageleg utvikling, og at det vanskeleggjer arbeidsvilkåra til pressa.

– Eg vert frustrert når denne beskjeden kjem heilt utan førevarsel.Dette gjer våre arbeidsvilkår i pressa vanskelegare, seier Kydland og held fram:

– Dette er eit nytt ledd i det å vanskeleggjere pressa si kontakt opp mot det offentlege, seier han og viser til mange medium si frustrasjon rundt manglande eller mangelfull kommunikasjon med politiet.

– No må me ringe dei ned

Distriktsredaktør Dyveke Buanes i NRK Hordaland tykkjer avgjersla er veldig lite lur og skjønnar ikkje at Helse Vest kan «skjule seg bak GDPR».

– Fram til no har me venta på offisiell informasjon frå Helse Vest. Det eg fryktar no er at me må basere oss på meir usikre kjelder kva gjeld å få ut informasjon om pasientar sin helsetilstand. Min umiddelbare tanke er at her har kommunikasjonsavdelinga i Helse Vest skaffa seg vesentleg meir arbeid, for me kjem ikkje til å slutte å forsøke å finne ut av ting – no må me ringe dei ned, seier ho.

Buanes opplever at dei argumenterer med at dei vil heller «prioritere å redde liv enn å serve pressa», men at det ikkje er noko motsetnad her. Ho oppmodar Helse Vest til å gjere som politiet – å sende ut to setningar til dømes på Twitter.

– Det blir dumt om me no heller må ringe dei ned, legg ho til.

– Har vore veldig liberalt

Helse Vest vet Bente Aae meiner det ikkje er deira oppgåve å offentleggjere informasjon.

– Diskusjonen er om det er avgjerande informasjon for å følgje opp ei sak, og me kjenner til at media har sine retningslinjer og sin etikk som dei følgjer, så er dette ein del av vår etikk og dei reglane vi er pålagd å følgje, seier ho. 

– Det er ikkje vår oppgåve å offentleggjere denne informasjonen som såleis, me har ikkje nokon plikt på oss til det. Me har hatt det som ein praksis, og no ser me at me utfordrar personvern og teieplikta. 

Ho seier òg at dei i denne omgangen ikkje ser på ei alternativ løysing for korleis disse opplysningane kan bli gitt på ein forsvarleg måte. 

– Me gjer ikkje det i gjennomgangen, me har jobba med dette i eit par-tre år for å sjå om me kan einast om ein måte å gi denne informasjonen på, slik at me ikkje bryt pasientane sitt personvern, og at me ikkje utfordrar medarbeidarane på den teieplikta me har. Me oppgir jo ganske lite informasjon i meldingane som me gir ut i dag.

– Me har snakka med dei store sjukehusa i Sverige, Danmark og Storbritannia – den praksisen me har hatt har vore veldig liberal i ein nordisk og internasjonal samanheng, seier ho.

Norsk Redaktørforening reagerer

Generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Arne Jensen, er òg sterkt kritisk til den nye ordninga.

– Dette er svært beklageleg og etter mitt syn òg ikkje naudsynt. Eg meiner det er ei misforståing når Helse Vest viser til «personvernforordninga». Rettstilstanden på området er, så vidt eg forstår ikkje endra med innføring av GDPR, og teieplikta er den same som før. Dette vil me få vurdert juridisk og vil ta det opp med Helse Vest og eventuelt Helsedirektoratet, seier han til Medier24, og held fram:

– Den typen informasjon som Helse Vest no vil leggje lokk på er nøkkelopplysningar i samband med omtale av ulukker og alvorleg kriminalitet og definitivt informasjon av stor allmenn interesse.

Sigvald Sveinbjørnsson, sjefredaktør i Bergensavisen.
Kommunikasjonsdirektør i Helse Vest, Bente Aae.
Magne Kydland, redaktør i Sunnhordland.
Distriktsredaktør i NRK Hordaland, Dyveke Buanes.
Arne Jensen i Norsk Redaktørforening.
Powered by Labrador CMS