Arill Riise og Siri Kleiven Strøm.

TV 2-profilar vert heidra med nynorskpris: – Det er ei ære

– Det er enormt stort, for eg jobbar jo hardt med språk, og nynorsk er så sterkt knytt til identiteten min, seier Siri Kleiven Strøm.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Saka vert oppdatert.

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar vert i år delt mellom Siri Kleiven Strøm og Arill Riise i TV 2.

Årets pristildeling er ei anerkjenning av det viktige arbeidet prisvinnarane gjer, og det er òg ei påminning til TV2 om å vere medvitne den viktige rolla dei som allmennkringkastar speler i den norske tospråksstoda, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Begge prisvinnarane trudde dei skulle på eit møte om stortingsvalet med nyheitssjefen, og vart oppriktig overraska då juryen dukka opp i kaffikroken i lokala til TV 2 i Bergen.

- Eg kjenner at eg har høg puls. Tusen, tusen takk for ein så høgthengande pris. Det er enormt stort, for eg jobbar jo hardt med språk, og nynorsk er så sterkt knytt til identiteten min. Eg kjenner at eg nesten er på gråten, sa Siri Kleiven Strøm.

Kollega Arill Riise er og glad for å få prisen.

- Eg blir nesten litt på gråten, eg og. Eg er glad for at TV 2 får denne prisen no, det er jo vi som har det munnlege talemålet og flest nyhendeanker som brukar nynorsk. Eg kjenner at eg blir fantastisk stolt. Det er ei ære, seier Riise.

Powered by Labrador CMS