«Jeg blir så opprørt. Dette fremstår for meg som det komplette lavmål fra Se & Hør», skriv Eva Sannum, tidlegare medlem i Pressens Faglege Utval, på Facebook.
Ho er sterkt kritisk til Se og Hør sitt siste framsideoppslag kor dei viser til eit eksklusivt intervju med Ari Behn sine foreldre. Faren Olav Bjørshol fortel mellom anna om at Behn ikkje var åleine då han avslutta livet sitt 25. desember, og at det verka som om han hadde funne ei slags ro den siste dagen.
Bjørshol er «svært takksam» for at han fekk vera hos sonen sin, seier han til vekebladet. Deler av intervjuet er også lagt ut på seher.no.
– Alvorleg tematikk
«Jeg har ikke ord, vet ikke hvor jeg skal begynne. Hvordan opplever hans tre barn dette?» spør Sannum vidare i innlegget.
– Eg blir opprørt fordi eg opplever dette som presseetisk problematisk. Spesielt i kjølvatnet av debatten om kva omtale og openheit rundt sjølvmord bidreg til, seier Sannum til Medier24.
I innlegget sitt skriv ho:
«Knapt 3 uker etter tragedien til Ari Behn kliner de opp hans foreldre på forsiden og lokker med et eksklusivt intervju, slik bare de kan. Ikke bare gir tittelen, fremstilt som et sitat, inntrykk av at vi her skal få fullt innblikk i sønnens død. Den presenterer også mye annet «snacks» fra et perfekt regissert familiedrama.»
– Alle kan vera frustrert på Se og Hør sine vinklingar og framsider, men denne tematikken er så alvorleg. Eg har òg sett korleis dette blir omtalt vidare – i andre medium – nokre stader ganske ukritisk.
Romantiserande form
Sannum var med i PFU som representant for allmenta. Ho vart først eit kjent ansikt då ho vart saman med kronprins Felipe av Spania, og fekk massiv presseomtale av både norsk og spansk presse på tidleg 2000-tal.
Ho har i tillegg kommunikasjonsutdanning og har arbeidd i både Try og Geelmuyden Kiese. Sannum var også med i Norsk Presseforbund sitt kjeldeutval, som utarbeidde rapporten om sitatpraksis.
– Dei første åra mine i PFU var det mykje diskusjonar rundt sjølvmordsomtale, så dette har alltid interessert meg, seier ho, og legg til:
– Eg har ikkje alle fakta her – det er det folk som driv med sjølvmordsforsking som har. Men det eg tykkjer er viktig er at media i større grad må diskutera slagsida all openheita har. Det blir så normalisert at det for meg skapar ei uro. Og spesielt når det får ei romantiserande form, seier ho.
Sannum meiner i tillegg Se og Hør har brukt ein «luretittel», og stiller spørsmål ved om foreldra var til stades då Behn tok livet sitt. Ho meiner det er spekulativt at Se og Hør brukar eit så alvorleg tema for å selja blad.
Forskar kritisk til sjølvmordsomtale
Forskar Fredrik Walby ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -førebygging (NSSF) er blant dei som har reagert på omtalen av Ari Behn sitt sjølvmord. Han reagerte, overfor NRK, på det einsidig og hyllande biletet kor ein berre fokuserer på personen sine sterke sider.
Reidun Kjelling Nybø og Hanna Relling Berg, høvesvis styreleiar og assisterande generalsekretær i Norsk Redaktørforening, skreiv seinare i eit innlegg at det har vore døme på utsegn som kan bidra til å glorifisera sjølvmord.
I november kom Norsk Redaktørforening med ein rettleiar med ti råd om sjølvmordsomtale. Der står det at ein må vera open, men at ein må vera bevisst på detaljbruk, visa omsyn overfor dei etterlatne og vera på vakt mot glorifisereing.
«Dypt uenig»
Redaktør Ulf André Andersen i Se og Hør svarar kritikken på e-post. Til Medier24 skriv han:
«Se og Hør har ikke noe imot en debatt rundt dette. Vår dekning av selvmordet til Ari Behn er gjort i tråd med veiledningen til Redaktørforeningen og Vær Varsom-plakaten. Nesten hele media-Norge har sitert fra saken. Til og med NTB har sendt ut en stor sak med bakgrunn i intervjuet – der de sogar linker til Se og Hør nettsak.
Det er ikke første gang Eva Sannum og Se og Hør er uenig om presseetikk. I dette tilfellet er Se og Hør og Sannum dypt uenige. Se og Hør anerkjenner og har dyp respekt for foreldrenes rett til å fortelle sin historie.»
Støtte frå Redaktørforeningen
Se og Hør får støtte av Kjelling Nybø i Redaktørforeningen. Ho har hatt ansvar for den nye rettleiaren, og har i tillegg skrive boka «Fra tabu til tema - selvmord i mediene» i 2007.
– Eg meiner stort sett dette ikkje er problematisk med tanke på vår rettleiar, seier ho til Medier24.
– Redaktørstyrte medium har eit ansvar for kva me bringer vidare av slike Facebook-innlegg, seier ho.
Kjelling Nybø er derimot samd med Sannum om tittelen, og stiller spørsmål ved om foreldra faktisk var hos sonen då det skjedde. Det meiner ho er eit spørsmål om presseetikk – punkt 4.4 i Ver Varsam-plakaten om dekning for tittel – heller enn sjølvmordsomtale.