Til venstre er politisk redaktør Kjetil B. Alstadheim frå då han vart kåra til Årets redaktør under Oslo Redaktørforening sitt årsmøte i fjor vår. Til høgre er statsminister Erna Solberg på Høgre sin partitime på Kanalplassen i Arendal i fjor.

Arendalsuka sette ned foten: Får ikkje bruke ord som «bar» og «vorspiel» i arrangements­namn

– Me tilpassa oss kravet ved å endre namn til «Politisk snacks», seier politisk redaktør Kjetil B. Alstadheim i Dagens Næringsliv til Medier24.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Medan Dagens Næringsliv sin promo-video for «Politisk bar» sirkulerer på Facebook, har avisa vore nøydd til å endre namn til «Politisk snacks» fordi Arendalsuka ikkje aksepterer «alkoholliknande ord» i arrangementstitlane.

– Me ynskjer ikkje å ha fokus på alkohol og alkoholliknande ord, seier Helle Ruhaven i prosjektgruppa til Arendalsuka til Medier24.

Politisk redaktør Kjetil B. Alstadheim i Dagens Næringsliv tek det heile med knusande ro, og har tru på at arrangementet blir bra likevel. Videoen vart laga før dei fekk beskjeden om namneendring.

– Beskjeden kom i sommar. Me har tilpassa oss kravet og satsar på at arrangementet vert like hyggeleg uansett, seier han.

 

Gudsteneste-nekt

Alstadheim legg til spøkefullt:

– Av respekt for Arendalsuka lovar me òg at me ikkje skal arrangere gudsteneste i DN-teltet.

Med det viser han til at Norges Kristne Råd, ifølgje Vårt Land, var nekta å arrangere ein økumenisk gudsteneste med temaet moderne slaveri under Arendalsuka.

– Av dei ulike avgjerslene Arendalsuka har gjort, tykkjer eg nok gudsteneste-nekt er den underlegaste, seier han.

Politisk redaktør i Dagens Næringsliv, Kjetil B. Alstadheim.

Alliansen og holocaust-fornekting var (nesten) lov, men 18-års-grense på «Politisk snacks» er ikkje lov. Kva tenkjer du om det?

– Folk under 18 bør òg få med seg eit interessant arrangement som dette vert med DN sine politiske reporterar Tore Gjerstad og Gard Oterholm, så det tykkjer eg er heilt fint. Med 18-års-grense er det jo berre så vidt Gard (21) ville sleppt inn på sitt eige arrangement, seier Alstadheim humoristisk.

Alstadheim fortel at arrangementet i fjor hadde 18-års-grense, medan Arendalsuka i år har bestemt at alle arrangement skal vere opne for alle.

– Det er jo sympatisk, seier han.

 

– Dei fleste forstår det godt

Ruhaven i Arendalsuka seier at det er ei handfull andre arrangement som òg har vore nøydd til å endre tittel på arrangementa sine.

– Dei aller fleste forstår det godt. Og så er det ikkje slik at me ikkje tillèt alkohol, seier han.

– Kan slike «alkoholliknande ord» vere ekskluderande?

– Vårt hovudfokus er at me er ein politisk møteplass der me skal diskutere samfunnsnyttige saker, seier ho.

– Korleis er fridomen for arrangementsnamn elles?

– I utgangspunktet oppfordrar me berre til å lage så gode titlar som mogleg, som beskriv tema for arrangementet. Arrangøren sitt namn skal heller ikkje vere i tittelen, fordi dei står like under, som arrangør.

Powered by Labrador CMS