F.v.: Canadas statsminister, Justin Trudeau, og Are Saastad, dagleg leiar ved REFORM - ressurssenter for menn.Adam Scotti/PMO og Ole Alexander Saue
Sterke reaksjonar etter at NRK kalla Canadas statsminister «verdas kjekkaste statsleiar»
To gongar på 17 sekund omtalte NRK statsminister i Canada, Justin Trudeau, som «verdas kjekkaste statsleiar». – Utilbørleg, seier leiar ved ressurssenter for menn.
«Han er kalla verdas kjekkaste statsleiar, men den kanadiske statsministeren Justin Trudeau befinn seg no i ei stor politisk krise som involverer korrupsjon. Er dette spikaren i kista for den kjekkaste statsleiaren i verda, berre månadar før valet?»
Slik var NRK P2 sitt frampeik mot torsdagens Studio 2-sending på same kanal. Innslaget vart presentert like etter Nyhetsmorgen på P2 torsdag morgon.
At statskanalen to gongar på 17 sekund omtaler statsministeren frå Canadas liberale parti som den «kjekkaste», får Are Saastad, dagleg leiar ved REFORM – ressurssenter for menn, til å reagere.
– Ein kan jo tenkje korleis reaksjonane hadde vore om dette var om vår statsminister. Eg er ganske sikker på at hovud hadde rulla om ein kopla adjektiv om hennar utsjånad med ei nyheitssending. Det hadde ein ikkje akseptert, seier han til Medier24.
Redaksjonsleiar for Studio 2, Elisabet Davidsen, forsvarar ordbruken, og seier at det er rom for takhøgd i sendingane deira.
– Me har i Studio 2 takhøgd for at programleiarane kan koma med eigne skråblikk på nyheitsbiletet. Det har veldig mykje mediefokus på imaget, utsjånaden og utradisjonelle stilen til Trudeau, seier ho.
Vidare presiserer ho:
– I utgangspunktet er me 100 prosent einige i at innsatsen til ein statsleiar ikkje skal vurderast eller dømmast i lys av utsjånad. Det er me heilt einige i.
– Forstår du at folk reagerer med tanke på konteksten det kjem i?
– Dersom ein høyrer utelukkande på det som vert sagt så forstår eg at det kan reagerast på, seier ho.
– Langt igjen for menn
Saastad i REFORM held fram:
– Det er openbert overraskande at kjekke menneske kan vere involvert i korrupsjon. Det er generelt utilbørleg at ein kommenterer ein statsleiar, eller ein kven som helst anna politikar, sitt utsjåande, jo mindre det har direkte betydning for saka det gjeld. Det kan eg ikkje sjå at det har her, og det gjer det sjeldan elles, òg.
Davidsen seier dette var eit uhøgtideleg innslag.
– Det var ein uhøgtideleg inngang til saka, og så vert det jo sagt at det handlar om den største politiske krisa i hans karriere.
Saastad meiner det er meir akseptert å kome med slike merknadar mot menn enn mot kvinner.
– Absolutt. Det kan godt sjåast i samanheng med den auka medvita om at kvinner kan bli krenkja av å bli omtalt som kropp. Dette er jo bra. Men menn skal openbert stadig føla seg heidra over å få kroppen sin framheva, seier han til Medier24.
Davidsen i NRK ynskjer ikkje å svare på om dei ville sagt det same om ein kvinneleg politikar.
– Det vert eit hypotetisk spørsmål, så det kan eg ikkje svare på.
– Me er heilt einige i at utsjånaden til ein statsleiar ikkje har journalistisk interesse. Me seier at det er korrupsjonen er fokuset i Studio 2. Det blir òg fokuset under sendinga, seier ho vidare.
– Me tek uansett med denne erfaringa vidare i det redaksjonelle arbeidet med programmet, legg ho til.
– Kompetanse, ikkje utsjånad
Saastad meiner det ein uting å definere politikarar etter korleis dei ser ut, og meiner NRK lèt etter seg eit inntrykk om at Trudeaus utsjånad er viktigare enn hans vurderingsevne.
– NRKs omtale av denne saka viser at det er langt igjen, for menn. Her presenterer statskanalen utsjånaden til Trudeau nærast som viktigare enn hovudet og vurderingsevna hans, som i denne saka jo elles ser ut til å vere temmeleg dårleg, seier han.
– Mykje av kvinnekampen har sidan 1970-talet nettopp handla om å ikkje bli vurdert som kjønn, og korleis ein ser ut. Det skal ikkje vere utsjånaden som gjer at du blir vald, men kompetansen din, og korleis du utfører eit arbeid, legg han til.
– Kva i alle dagar?
Veslemøy Østrem, journalist i Aftenposten og leiar av Medienettverket – forum for kvinner i ledelse, tykkjer heller ingenting om NRKs omtale av Trudeau.
– Ein slik omtale indikerer at det er helt utenkeleg at pene statsleiarar kan vere dårlege leiarar eller leiarar som gjer feil. Og kva i alle dagar har hans utsjånad med saka å gjera?, seier ho, og legg til:
– Eg tykkjer ingen menneske, uansett om du er kvinne eller mann, skal reduserast til å utsjånad. NRK reduserer Trudeau med ein slik omtale. Openbert er han ein statsleiar som ser annleis ut enn mange andre statsleiarar, men ein kjem ikkje vidare om òg menn skal omtalast som kvinner han blitt omtalt i mange år.
Ho er likevel ikkje heilt samd i Saastad sitt poeng i at det er enklare å koma unna med ein slik omtale av menn enn om kvinner.
– Det er eg ikkje heilt sikker på. Eg trur det er stor medvit rundt dette no, i mange redaksjonar. Kanskje ein smiler meir skeivt og tenkjer «ja ja, slik får ein tole, no får dei smake same medisin som kvinnelege leiarar», men eg trur ikkje det er enklare å seie slik om menn, seier ho.
– Kategorisering
Østrem kjem like vel med ei klar oppmoding til norske redaksjonar:
– Mange redaksjonar bør diskutere språkbruken rundt korleis ein karakteriserer og kategoriserer menneske. Ein har veldig enkle sjablongar som verkelegheita vert systematisert i. Kjønn, etnisitet, klisjear og fordommar, kjem ofte inn i hovuda når me skal omtale grupper av menneske. Det meiner eg ein bør jobbe mykje med. Språk er makt, og me definerer gjennom språk, seier ho, og legg til:
– No har me ei kategorisering, og ein offentleg debatt kvar grupper vert sett opp mot kvarandre, og då er dette blant dei viktigaste verkemidla. Ein må skrelle bort dei klisjémessige sjablongane, og løfte fram andre element.
Davidsen i NRK er einig i at ein bør vere oppteken av språkbruk og korleis ein omtaler folk.
– Det er bra ein er oppteken av slike ting, at ein har fokus på korleis ein omtaler statsleiarar og andre folk, og at ein må vere obs på å bruke utsjånad – sjølv om me her brukar det i ein uformell og uhøgtideleg stil.