Arbeiderpartiets Hadia Tajik under debatt om regjeringsplattforma i Stortinget. Til høgre er journalist Jon Hustad.Terje Bendiksby / NTB scanpix
Tajik om Hustad: – Han får seie frå når han er klar for å klatre ut av gjørmebadet han plaskar rundt i
– Det er rart. Eg har blitt 50 år og føler meg skambanka, seier journalist Jon Hustad etter å ha møtt massiv kritikk etter kommentaren «Gruppesex i presseklubben».
I eit innlegg i helga tek Jon Hustad føre seg kjærastforholdet mellom tidlegare Dagens Næringsliv-journalist Kristian Skard og Ap-nestleiar Hadia Tajik. Det vart først publisert i danske Weekendavisen. Deretter vart det gjengjeve av både Nordlys og Nettavisen.
«Om noen har lyst å spekulere i hvem som har vært kildene til [VG og] Dagens Næringsliv, er det åpninger for det», skriv Hustad om Dagens Næringsliv sine avsløringar om Trond Giske i fjor.
«Vi vet selvsagt ikke hvem som formidlet til VG, men Jette Christensen, som ifølge Nettavisen og Dagbladet var Tajiks nærmeste allierte på Stortinget, var også til stede», skriv han òg.
Hadia Tajik tok kontakt med alle tre avisene for å korrigere det ho meinte var faktafeil. Det gjekk på at ho ikkje skal ha oppmoda Ap-kvinner til å melde om uønskja åtferd av Giske, at forholdet til Kristian Skard først oppsto etter Giske-saka og at det ikkje er riktig at Jette Christensen er hennar næraste allierte på Stortinget.
Nettavisen gjekk berre med på dei to sistnemnde presiseringane. No tek Tajik kraftig til motmæle mot Nettavisen og Jon Hustad i eit intervju Medier24.
– Hovudpremissen i teksten til Hustad er ein konspirasjonsteori. Inntrykket han skapar handlar om samrøre mellom Kristian Skard og meg, då han var DN-journalist og dekka Giske-saken. I tillegg at eg skal ha oppfordra kvinnene som varsla om Giske om å gjere dette, og på den måten ha vore ein aktør. Dette er grove og feilaktige påstandar, som eg er glad for at Weekendavisen og Nordlys raskt beklaga og retta, seier Tajik til Medier24.
– Kva tenkjer du om at dei vel å trykke innlegget?
– Det burde ikke ha skjedd, men då det først skjedde opplevde eg at både Weekendavisen og Nordlys tok tilbakemeldingane seriøst, seier ho vidare.
Politisk redaktør i Nordlys, Skjalg Fjellheim, legg seg flat overfor Medier24.
– Kontrollrutinen hos oss svikta. Me publiserte ein tekst med ein påstand som ikkje kunne dokumenterast og som på andre punkt viste seg å vere upresis. Dette har me retta opp og beklaga etter eigne vurderingar, og me har beklaga i felles forståing med dei omtalte. Dette skulle vore gjenstand for ei betre kvalitetssikring, seier han.
Også Skard gjekk hardt ut mot artikkelen i ein privat Facebook-status, men han har ikkje ynskja å kommentere saka overfor Medier24. I sitt innlegg, kor han kallar verket til Hustad «fri diktning», skriv Skard:
«Om noen fortsatt skulle være i tvil: Hadia og jeg møttes for første gang i en privat sammenheng i juni – et halvt år etter Giske-saken. Vi ble sammen etter at jeg sluttet som reporter i DN og begynte i Try Råd.»
– Fått mykje kjeft
Journalist Jon Hustad innrømmer overfor Medier24 at han burde ha vore meir nøyaktig når han skreiv kommentaren, men meiner han har dokumentasjon for at Tajik oppmoda Ap-kvinner til å varsla om seksuell trakkassering.
– Eg har fått mykje kjeft frå ulikt hald. Det har blitt heilt kaos, men eg klagar ikkje – for alt som har skjedd er min feil. Det er rart. Eg har blitt 50 år og føler meg skambanka, seier Hustad.
– Det er det som har skjedd, at eg har fått så uhorveleg med kjeft for dette, og det har dei som er på trykk òg. Eg har lært at eg må vere 100 % nøyaktig. Eg trudde eg skreiv eit oppsummerande kåseri som ikkje skulle vere kontroversielt, men der tok eg fullstendig feil.
– Eg innrømmer at eg burde ha sjekka endå betre. Men det er pinleg at eg aksepterte retting om at Hadia Tajik ikkje oppfordra folk til å stå fram, og så finn ut etterpå at ho sa det til Dagens Næringsliv 11. desember, legg han til.
Han viser til ein artikkel i DN frå 11. desember 2017, kor det står:
«Tajik understreker viktigheten av å ta tak i sakene.
– Kommer det historier til overflaten om at noen i konkrete situasjoner har brutt tillit eller opptrådt uetisk, må det selvsagt meldes fra om og tas tak i, ikke minst om samme person ber om partiets tillit og tilgang til mer makt, sier hun.»
I DN-artikkelen er ikkje Trond Giske-varsla nemnt konkret av verken avisa eller Tajik sjølv. Ho presiserer overfor Medier24 at det var eit «generelt formulert» sitat.
– Kva er eigentleg problemet til Jon Hustad?
Nyheitsredaktør i Nettavisen, Erik Stephansen, følgjer opp med ein kommentar onsdag om kvifor dei ikkje har godteke korrigeringar frå Tajik. Han viser òg til fråsegnene til Tajik 11. desember 2017. Tysdag skreiv han i tillegg artikkelen Nå bør samrøret mellom presse og politikk luftes ut.
Tajik er lang frå einig i at dokumentasjonen Nettavisen legg fram legitimerer påstandane til Jon Hustad.
– Kva er eigentleg problemet til Jon Hustad? Han har no hatt mange dagar på å komma fram med dokumentasjon for sine påstandar, men det har han framleis ikkje klart, seier ho og legg til:
– Det Hustad eigentleg burde vore flau over er at han held fram med å drive spekulasjon og føleri om eit sitat frå meg som er generelt formulert, og på linje med oppmodingar frå Jonas Gahr Støre og andre leiande tillitsvalde om å varsle om seksuell trakassering. Det er pinlege greier. Han får seie frå når han er klar for å klatre ut av gjørmebadet han plaskar rundt i no, seier Tajik
«Gir rom for ulike tolkninger»
I ein e-post til Medier24 forklarar Stephansen innlegget slik:
«Da jeg først leste passusen fra Hustad, tok jeg den som en selvfølge. For jeg syntes også tydelig å huske at Tajik hadde vært ute tidlig og bedt folk om å melde fra til partiledelsen. Så kom den voldsomme, og litt uforståelige motstanden på dette, og da ba vi selvsagt Hustad om dokumentasjon.
Den kom sent, og jeg registrerer at Tajik mener at den er «pinlig». Det må hun jo gjerne gjøre. Men interjvuet signert Kristian Skard tre dager før den «offisielle» Giske-avsløringen gir åpenbart rom for ulike tolkninger, og det går utmerket an å tolke det slik Hustad gjør. Da kan ikke jeg som redaktør bøye av for et krav om «rettelse», selv om kravet kommer fra nestlederen i Arbeiderpartiet. Hun har selvsagt fått tilbud om tilsvar, og der kan hun jo forklare både settingen for intervjuet og hva som var ment. Det er akkurat hva situasjonen krever med hensyn til Vær varsom-plakakten.»
Vidare tek han sjølvkritikk på dei andre påstandane, og skriv:
«Det går alltid an å ettergå påstander bedre, og Hadia Tajik har rett når hun påpeker at Jon Hustad gikk for langt i å antyde at kjæresteforholdet begynte tidligere enn offisielt oppgitt. Dette burde jeg ha oppdaget, og derfor har vi tatt inn en presisering i dag. Det samme gjelder påstanden om at Jette Christensen er Tajiks «nærmeste allierte» på Stortinget.»