Rasmus Laupsa Rasmussen (Ap).

Politikar sterkt ut mot VG-valgomat: Meiner avisa tek feil om bompengar

– I ytste konsekvens kan feilen bidra til å gi eit anna valresultat, seier Rasmus Laupsa Rasmussen (Ap) til Medier24. No legg VG inn presisering.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Rasmus Laupsa Rasmussen (Ap), politisk rådgjevar for fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland fylkeskommune, reagerer på VG si formulering om byvekstavtale for bergensregionen i sin valgomat.

Han meiner avisa tek feil om bompengar, og reagerer i tillegg på at avisa ikkje ryddar opp når han påpeikar det han meiner er feil.

– Feil premiss

I eit ope Facebook-innlegg kritiserer Laupsa Rasmussen valgomaten, då avisa skriv at deler av veg- og kollektivtilbod av byvekstavtala må finansierast med bompengar. Det er ikkje riktig, ifølgje Laupsa Rasmussen.

Her er spørsmålet – med presisering – som Rasmus Laupsa Rasmussen (Ap) reagerer på.

– Premissen i påstanden er feil. Ein veljar som ikkje kjenner detaljane i byvekstavtala vil sannsynlegvis tru at ein byvekstavtale for den aktuelle kommunen vil bety auka bompengar. Det er reint faktisk feil. Byvekstavtala tilfører kommunane friske, statlege midlar, utan å påføre folk kostnadar i form av bompengar.

I eit svar til Medier24 skriv VG: «Vi har presisert i spørsmålet i valgomaten at det ikke er snakk om nye bomstasjoner i Bjørnafjorden kommune som følge av avtalen.» Les heile svaret lenger ned i saka.

– Kan påverke valresultatet

Då Laupsa Rasmussen oppdaga feilen, tok han kontakt med VG, som først svarte at det var for seint å korrigere påstanden. I Facebook-innlegget skriv han:

«Hva gjør så VG når feilen blir påpekt? Jo, de takker vennlig for innspillet og tar det med seg i det videre arbeidet. VG og andre medier gjør en viktig jobb, for å sikre at folk tar opplyste valg. Det burde være en selvfølge at de retter opp når de bidrar til det motsatte.»

– Det er vel ei typisk høflegheitsfrase, som eg mistenker at dei gir til alle som kjem med tilbakemeldingar på valgomaten, seier Laupsa Rasmussen til Medier24.

Det er på spørsmålet «Jeg er positiv til en byvekstavtale med staten for bedre vei og kollektivtilbud i Bjørnafjorden, selv om deler må finansieres med bompenger» hordalandspolitikaren meiner avisa tek feil.

– Kva tenkjer du om at dei ikkje retta?

Her frå bompengestasjonen i Sandviken i Bergen under demonstrasjon i 2017.

– Det tykkjer eg er underleg. Dei bidreg til å spreie feilinformasjon. At parti med ein eigen agenda gjer det er ein ting, men at VG, som ikkje har noko verken å vinne eller tape på korleis valgomaten deira påverkar veljarane gjer det har eg vanskeleg for å forstå.

– I kommuneval er det ofte svært små marginar det er snakk om, og berre nokre få stemmer den eine eller andre vegen kan påverke valresultatet, seier Laupsa Rasmussen vidare.

Slik svarar VG:

I ein e-post til Medier24 skriv nyheitssjef i VG, Eva-Therese Loo Grøttum, at dei legg inn ei presisering.

Her er svaret frå VG når Medier24 tek kontakt:

«En byvekstavtale går ut på at flere kommuner går sammen for å begrense trafikk inn til et regionsenter, mot at omlandskommunene får kollektivtiltak eller vei tilbake. Det er dette spørsmålet dreier seg om, og det stilles i valgomaten til flere av kommunene som er part i forhandlingene om byvekstavtale for bergensområdet. Denne avtalen innebærer en milliard i årlige bompenger. Det er ikke snakk om nye bomstasjoner i Bjørnafjorden kommune, og det står det heller ikke. Spørsmålet om man er innstilt på å betale mer bompenger når man kjører til Bergen enn i dag, og få gang/sykkelvei og kollektivtiltak i retur, slik byvekstavtalene legger opp til. Vi har presisert i spørsmålet i valgomaten at det ikke er snakk om nye bomstasjoner i Bjørnafjorden kommune som følge av avtalen.

Det er mer enn 7000 lokale kandidater som har besvart VGs valgomat. I dette arbeidet, som fremdeles pågår, tar veldig mange tatt kontakt med oss med innspill og forslag forbedringer. Vi jobber for å besvare alle og tar dem selvsagt på alvor med tanke på arbeid med fremtidige valgomater. I dette tilfellet har vi gjennomgått spørsmålet på nytt og lagt inn en presisering.

Eva-Therese Loo Grøttum, nyheitssjef i VG.

Vi håper så mange som mulig av våre lesere tar valgomaten for å bli bedre kjent med sine lokale politikere og hva de mener i ulike spørsmål. Det er selvsagt viktig for oss at informasjonen til velgerne er så riktig som mulig, uansett hvor mye vekt de legger på valgomaten når de skal stemme.»

– Tek ikkje innspel på alvor

Laupsa Rasmussen er lang frå nøgd med svaret avisa gir overfor Medier24.

– VG sitt svar viser jo at dei ikkje tek innspel på alvor. Premissen er framleis at folk må betale meir bompenger enn i dag, og det er beviseleg feil. Bompengenivået i Bergen eller bergensområdet vert ikkje påverka av om Bjørnafjorden sluttar seg til avtala, seier han, og legg til:

– Faktisk påverkar ikkje avtala bompengenivået overhovudet, uavhengig av kva kommunar som sluttar seg til avtala. Ved å stille spørsmålet slik dei gjer skapa dei ei kopling mellom byvekstavtala og bompengar som ikkje eksisterer. Dette er svakt av VG.

Loo Grøttum ynskjer ikkje å kommentere saka ytterlegare.

Powered by Labrador CMS