Intern kritikk i Høgre etter Facebook-innlegg: – Har lært litt av denne saka
Men partiet slettar ikkje innlegget om julemat på Seljord. – Pinleg, meiner politisk redaktør Trine Eilertsen i Aftenposten.
– Me merkar oss tilbakemeldingane og har lært noko av denne saka, seier kommunikasjonssjef Daniel Torkildsen Lea i Høgre til Medier24.
«Selvfølgelig skal det være lov å si julemat og juleball!» skreiv Høgre på si Facebook-side, og la ved eit skjermbilete av ein NRK-notis om at elevar ved Seljord ungdomsskule er beden om å ikkje bruka orda julemat og juleball, men å seia tradisjonsmat og skuleball. NRK siterer den mykje omtalte saka til Telemarksavisa (TA).
Nokre dagar i førevegen hadde barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad delt den same notisen, og skrive «Dette blir for dumt. I Norge feirer vi jul. Enig?» Også Høgre sin kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner kommenterte på Ropstad sin post: «Selvsagt snakker vi om jul og er stolte av våre tradisjoner.»
Månedlig
Første mnd til kr 1
deretter 189,- pr mnd
Kjøp
Årlig
12 mnd abonnement for 1899,-
Kjøp