Kritisk til nytt medie­støtte­råd: – Dette er politiske skjønns­spørsmål utan fasitsvar

– Ein kan sikkert fort risikere at det vert eit supperåd, erkjenner talsperson for mediestøttemeldinga, Tage Pettersen (H).

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Eit mykje omdiskutert tema i mediestøttemeldinga som vart lagt fram i slutten av mars er det føreslåtte mediestøtterådet, som skal leggjast under Medietilsynet frå 2021.

Rådet er meint å gi «armlengds avstand», men fleire har teke til orde for at dette rådet får altfor mykje makt, og at det kan bli praktisk utfordrande med å skaffe eit uavhengig råd.

 

– Synseråd

Trond Giske er blant dei som stiller seg undrande til rådet, som mellom anna skal forvalte pressestøtta.

– Hovudinnvendinga mot modellen er at ein gir openbert politiske avgjersler, kor mykje pengar som skal gå til riks- og lokalaviser, til eit ekspertutval. Det er heilt greitt å overlate fordelinga støtte mellom ulike enkeltmedium til eit ekspertutval – gitt at ein har overordna reglar å følgje – men dette er politiske skjønnsspørsmål utan fasitsvar, seier Giske.

Mediepolitisk talsperson i Sosialistisk Venstreparti, Freddy André Øvstegård.

Mediepolitisk talsperson i Sosialistisk Venstreparti, Freddy André Øvstegård, fryktar eit nytt «supperåd», og seier til Medier24 at han ikkje forstår kvifor ein skal ha eit råd til å forvalte pressestøtta.

– Me fryktar at dette skal bli eit supperåd, eller synseråd, i større grad enn ei ordning som held fast ved dei objektive kriteria og føreseielege ordningar ein kan stillast til ansvar for, seier han.

– Eg stiller meg spørjande til kvifor ein skal ha det, seier han.

 

– Forstår intensjonen

Bjørn Kristoffer Bore er sjefredaktør og administrerande direktør i Vårt Land.

Òg i mediebransjen er det knyt spørsmål til det omstridde rådet. I ein kommentar søndag skreiv Vårt Land-redaktør Bjørn Kristoffer Bore følgjande:

«Dette samler mye makt på et sted, men lite ansvar. Og politikken forsvinner ikke selv om man gjemmer den inn i et råd. Alle som er kompetente til å sitte i et slikt råd vil være personer som er synlige i samfunnsdebatten. Det åpner for usikkerhet rundt både rådsmedlemmenes og pressens uavhengighet.»

Sjefredaktør i Nationen, Irene Halvorsen.

Han får støtte av sjefredaktør Irene Halvorsen i Nationen:

– Me forstår intensjonen om armlengds avstand, men me meiner norske politikarar har vore strålande i stand til å halda fingrane unna så å seie all innblanding i norske medier. Det me er mest uroa for er som Vårt Land framhevar, at stor makt kan bli samla i eit fagleg råd med 5-7 medlemmer, seier ho.

– I mediestøttemeldinga står at dette rådet skal ha makt til å utarbeide forskrifter, regelendringar og føreslå ny mediepolitikk. Det meiner me er demokratipolitikk og høyrer heime i Stortinget. 

 

– Element av dette i dagens ordning

Mediepolitisk talsperson i Høgre, Tage Pettersen, har fått ansvar for mediestøttemeldinga på Stortinget, og svarar slik på kritikken:

Mediepolitisk talsperson i Høgre, Tage Pettersen.

– Ein kan sikkert fort risikere at det vert eit supperåd, men då vert det Stortinget si oppgåve å sørgje for at ein har eit mandat med avgrensingar som er tydelege, og at ein set saman rådet på ein best mogleg måte for å sikre transparents og kunnskap som mediebransjen meiner det er behov for, seier han.

Pettersen legg til:

– Det er nok ein ideologisk skilnad på regjeringspartia og venstresida i den forstand at me av prinsipp meiner det er sunt jo meir armlengds avstand og mindre handa på rattet me har i ein del av dei subjektive vurderingane som ligg til grunn.

– Sjølv med dagens regelverk er det enkelte subjektive kriterium, så allereie i dag er det element av dette i dagens ordning.

– Kan eit slikt råd utfordre tilliten til bransjen, ved at det vert sådd tvil om grunnlaget for å gi støtte til ulike aviser?

– Me bør nok ha flest mogleg objektive kriterium, men eit slikt type råd kan mykje raskare agere i ei tid der det er behov for omstilling, seier Pettersen.

Powered by Labrador CMS