
Arbeidarpartiet brukte VG sitt bilete av Trym Aafløy utan lov
Partiet legg seg flat.
Det er NRK Hordaland som torsdag skriv at Bergen Ap onsdag la ut eit sponsa Facebook-innlegg kor dei hadde brukt eit bilete av toppkandidat Trym Aafløy ved Folkeaksjonen Nei til mer bompenger (FNB).
Biletet var VG sitt – og partiet hadde ikkje spurt avisa om lov, skriv statskanalen.
«Takk for at du gjorde oss oppmerksom på det – her har det gått litt fort i svingen. Vi sletter og legger ut en ny versjon», skriv valkamprådgjevar Magnus Hoen Iversen i en SMS til NRK.
Nyheitsleiar Trond Olav Skrunes skriv til NRK at VG som utgangspunkt ikkje sel bilete til politisk reklame.
«Dette ville vi selvsagt informert Arbeiderpartiet i Bergen om, dersom de hadde spurt», skriv Skrunes.