P4-logoen og skjermdump av Klassekampen-artikkelen.

P4 blei lurt av Klasse­kampen sin april­spøk

– Eg tykkjer det er keisamt, seier P4-redaktør Katrine Berg Tollefsen. – Me hadde med ting som skulle gjera det ekstra openbert, seier Klassekampen-redaktør Mari Skurdal.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Onsdag 1. april fleska Klassekampen til med ein aprilspøk om at regjeringa lempar på reiseforbodet for au pairar i Norge som følgje av koronakrisa.

– Situasjonen krev mykje av norske småbarnsfamiliar. Dette kan bidra til at kvardagslogistikken går opp for fleire, siterer dei arbeidsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) på.

P4 beklagar

Saka blir deretter sitert av radiokanalen P4, som seinare måtte leggja ut på sidene sine at saka er ein spøk.

– Me har alltid ekstra god beredskap 1. april, men for første gang glapp det. Diverre for oss, og det me beklagar me. Me er lei oss for det. Men heldigvis vart saka berre meldt éin gong – på P4 – før me oppdaga det, fjerna det og følgde opp med ei opplysing på nett om at me gjorde feilen, seier nyheitsredaktør Katrine Berg Tollefsen i P4 til Medier24.

– Korleis kjennest det å vera dei som blir lurt?

– Eg tykkjer det er keisamt, og me beklagar det.

– Burde ein sett det var spøk?

– Me har alltid beredskap på det, men i år glapp det.

– Kva tykkjer du om at aviser har aprilspøkar?

– Eg tenkjer det får vera opp til ein kvar redaksjon om dei vil gjera det eller ei.

– Har skjedd før

Sjefredaktør Mari Skurdal i Klassekampen har fått med seg blemma til P4 når Medier24 tek kontakt.

– Det har skjedd før, det (at medium går på aprilspøkar), så får ein summera opp i løpet av dagen kva som har vore spøk og ikkje.

– Er det heldig at ein er nøydd til å summera opp kva nyheiter som er sanne og ikkje?

Sjefredaktør Mari Skurdal i Klassekampen.

– Om det er heldig eller ei? I så fall kan ein aldri ha 1. aprilspøk.

– Burde P4 ha forstått at dette var spøk?

– Me skreiv til og med 1. april til i botn, og skreiv om luftbrua i Oslo – som under krigen. Me hadde med ein del ting som skulle gjera det ekstra openbert. Men det er ei tid med veldig spesielle nyheiter. For ei tid tilbake ville me ha trudd det var aprilspøk at folk hamnar i fengsel for å reise på hytta. Me har likevel ein lang avistradisjon for å ha ein aprilspøk på 1. april, og litt humor må ein få lov til å ha.

Powered by Labrador CMS