Sveinung Rotevatn: – Ein veit stort sett kven dei anonyme kjeldene er
Statssekretær og leiaremne i Venstre, Sveinung Rotevatn, har lese kjelderapporten til Presseforbundet. Han seier ja til pølsefest, men nei til for tette relasjonar.
Statssekretær Sveinung Rotevatn (V) i Klima- og miljødepartementet har etter kvart blitt godt kjent med norsk presse etter at han vart leiar i Unge Venstre hausten 2010, før han tre år seinare vart vald inn på Stortinget for Venstre.
Den 32 år gamle nordfjordingen har vore i regjeringsapparatet det siste halvanna året, og har mellom anna markert seg som sterk kritikar av den kontroversielle nettstaden Resett.
Venstre-politikaren er oppteken av media, og har i tillegg engasjert i debatten om Norsk Presseforbund sin kjelderapport, som var eit heitt tema i Tromsø under haustmøtet til Norsk Redaktørforening før helga.
– Eg har lese heile rapporten, og eg tykte den var interessant, då eg er interessert i etikk og korleis media opererer. Det mest vesentlege er nok skilnaden mellom erfarne og uerfarne kjelder, seier Rotevatn til Medier24.
– Skremmande oppleving
Sjølv kategoriserer han seg, naturleg nok, i førstnemnde kategori. Eit Retriever-søk på «Sveinung Rotevatn» – inkludert papir, tv/radio og web – gir totalt 14.311 treff i perioden 2012 til i dag, med toppåret i 2013 med heile 2.990 oppslag.
– Eg hugsar veldig godt då eg byrja som ungdomspolitikar og gjorde mine første intervju. Det er ei ganske skremmande oppleving. Du føler du ikkje har kontroll og ting vert ofta vinkla annleis enn du hadde trudd, seier han til Medier24.
– Det er viktig å ha med seg eit særleg omsyn overfor dei uerfarne, som er på veg inn i ei karriere i offentlegheita. Det finst nok av døme på ungdomspolitikarar som har hatt ei dårleg medieoppleving som har skremt dei frå å søkja folkevalde verv.
Debatten som for tida går føre seg om norske journalistar sitt forhold til kjelder spring ut frå VG si dekning av dansevideoen med Trond Giske og Sofie Bakkemyr på Bar Vulkan i februar. Norsk Presseforbund sette ned eit utval for å granska journalistar si kjeldehandtering, og i august var VG felt på ei rekkje punkt for å ha behandla Bakkemyr på ein kritikkverdig måte.
Utvalet, leia av Sven Egil Omdal, har føreslått seks endringar i Ver Varsam-plakaten, og dei heitaste tema er sitatsjekk, sitatpraksis og bruk av anonyme kjelder. Rapporten føreslår no at sitat skal bli gjeve att presist, medan indirekte sitat kan gje att «meiningsinnhald».
– Siter gjerne ordrett, men då vil ein nok få politikarar som snakkar på ein annan måte, seier Rotevatn.
Det vert i tillegg føreslått å gjera sitatsjekken personleg, som betyr at det berre er intervjuobjektet sjølv som kan ta sitatsjekk, og ikkje ein rådgjevar eller spinndoktor.
– Har ein statsråd tid til sitatsjekkar?
– Det er ikkje ofte. Ein kan gjerne leggja opp til ein slik praksis, men ting vil gå saktare. Statsrådar har dårleg tid, og fem minuttar på sitatsjekk er fem verdifulle minutt i ein travel kvardag, seier han.
Forstår kven dei anonyme kjeldene er
Rotevatn er for tida sjølv blant dei heitaste kandidatane til å ta over leiarvervet i Venstre etter at fleire har uttrykt misnøye mot noverande leiar Trine Skei Grande. Andre kandidatar er Abid Raja og Guri Melby.
Dei siste månadane har det blitt skrive spaltemeter på spaltemeter om den pågåande leiarkampen, som i lengre tid har vore dominert av Abid Raja. Retriever-søket «kilder i Venstre» gir 109 treff i 2019 – det meste sidan toppåret 2013 – og mykje handlar om den neste partileiaren.
– Det er eit gamalt ordtak som går slik at «those who know don't talk, those who talk don't know». Det kan nok stemma relativt ofte, iallfall når det handlar om veldig viktige politiske prosessar. Ofte er det veldig få som veit kva som skjer, og dei vil sjeldan snakke. Og så er det dei som trur dei veit, som gjerne snakkar, seier Rotevatn.
Han meiner media bør bruka meir tid på å kvalitetssikra informasjonen som kjem frå kjeldene, og spør seg sjølv om lekkasjane eller informasjonen er representativ for kva som faktisk går føre seg.
– Kjelda kan gjerne seia det vedkommande meiner, men er det slik at det er gjengs haldning, og representerer meir enn kjelda? Politisk journalistikk handlar ofte om «opprør i Høgre» eller «sterk kritikk mot Jonas», og så er føresetnaden at det er ei rørsle på gang. Det er ikkje alltid sant, men ganske ofte at det er nokon med ein agenda som er villig til å snakka – utan at dei har særleg å tapa. Still spørsmålet om dei snakkar på vegner av fleire enn seg sjølv.
Og så er det ikkje slik at anonyme kjelder alltid står fram som særlege anonyme overfor dei som veit, og dei som sit i maktposisjonar. Han viser til redaktør Steinulf Henriksen i Folkebladet sin kommentar under debatten i Tromsø om at dei, som lita lokalavis, unngår bruk av anonyme kjelder, fordi ein i eit lokalsamfunn truleg veit kven som har uttalt seg uansett.
– Slik er det jo i politisk journalistikk også. Media brukar anonyme kjelder, men ein veit stort sett kven folk er. Ein skjønnar det ganske fort, spesielt i direkte sitat, då ein veit korleis folk snakkar, og kven som har interesse av ting. Heilt hemmeleg er det nok ikkje her heller, sjølv om Oslo er ein stor by, seier Rotevatn.
– Overvurderer ein kor stort miljøet er?
– Politiske Norge er veldig lite. Det er ikkje så mange journalistar, og det er ikkje så mange politikarar. Ein skjønnar som regel kven som snakkar.
Ja til pølsefest
Rotevatn har sjølv gått gradene i partiet, og har etter kvart lært seg kva han kan seia og kva han ikkje kan seia. Også når det gjeld bakgrunnspratar, eller «off the record» som det vert kalla. Likevel er det ikkje alltid premissane har vore like klåre når han gir eit svar på bakgrunn.
– Det har skjedd ein god del gongar at eg har hatt bakgrunnssamtalar med journalistar, og så har dei seinare blitt brukt som «kjelder i Venstre stadfestar». Om det er innanfor eller ikkje, får journalistane sjølv svara på.
Det er det likevel ikkje alle som er klar over.
– Det er uerfarne folk i Venstre, anten dei er heilt nye medlemmer eller nye i kommunestyra, som ikkje er vande med journalistar, og trur dei snakkar heilt uforpliktande med journalistar – og plutseleg opplever at dei vert ei sentral kjelde i Venstre som meiner noko på framsida av ei stor nettavis.
I kjølvatnet av VG sin dansevideo-sak vart det også reist ein debatt om kor nært forhold journalistar kan ha til politikarar og andre kjelder. Samstundes som politisk redaktør Hanne Skartveit i VG sto på NRK-programmet Debatten og forsvarte VG mot kritikk om dekninga, var fleire VG-journalistar i bursdagsfeiringa til tidlegare journalist i Dagens Næringsliv, Kristian Skard, og hans kjærast, Hadia Tajik (Ap). Det fekk fleire til å reagera sterkt.
Rotevatn meiner derimot ikkje ikkje at det er ølen eller pølsa som gjer at forholdet vert for tett mellom journalist og politikar.
– Eg tykkjer journalistar bør få gå i pølsefest til kjelder. Om det er ein privat fest handlar om kor mange som er til stades, kor eksklusiv gjestelista er, og om det er offentleg tilgjengeleg.
– Folk som jobbar saman blir vener, og politikarar og journalistar jobbar saman. Og ein plass går grensa, men eg trur ikkje den grensa går ved ein relativt offentleg fest med mykje folk, seier Rotevatn.
– På eit tidspunkt blir du for godt kjent
Sjølv er han oppteken av å pleia forholdet til journalistar.
– Då vert det enklare å gjera intervju, fordi dei veit kvar dei har deg, kvar du står, og korleis du snakkar. Å snakka med politiske journalistar og kommentatorar er noko eg, og andre i min posisjon, brukar ein del tid på.
– Kva med journalistar, bør dei drikka øl med kjelder?
– Ja. Ikkje nødvendigvis bokstavleg, men ein bør forsøka å treffa politikarar i ein meir «casual» setting, kor det går an å snakka laust og fast og bli kjent med kvarandre. Det blir du sjeldan i ein intervjusituasjon. Då veg ein orda sine i gullvekt.
Venstre-politikaren meiner likevel det er viktig at redaksjonane har diskusjonar om bindingar og kor tett relasjonen blir til dei ulike politikarane.
– Eg har journalistar som eg har eit profesjonelt forhold til, og andre som eg kjenner veldig godt personleg. Det eg tykkjer er vanskeleg er dei som er midt i mellom – og dei er det ein del av.
– Det er ingen ulempe å bli godt kjent med politikarar, men på eit tidspunkt blir du for godt kjent til at det kan fungera som ein profesjonell relasjon. Det har vore situasjonar der eg har tenkt «burde du ha intervjua meg?».