Sjefrdaktør Gard Steiro i VG og utdrag frå VG sin nye kjeldemanual.
Sjefrdaktør Gard Steiro i VG og utdrag frå VG sin nye kjeldemanual.

VG med husreglar etter skandalane: Gard Steiro tek sjølvkritikk for at journalistar var på pølsefest

Er det greitt å gå i bursdagen til politikarar, og kva er reglane for anonyme kjelder? Det får VG-tilsette no svar på i ny internhandbok.

Publisert

Førre tysdag fekk tilsette i VG ei kjeldehandbok som over 25 sider mellom anna beskriv korleis dei tilsette skal handtera anonyme, uerfarne, og profesjonelle, kjelder.

Det var etter Bar Vulkan-saka i vinter varsla ei lang rekkje tiltak frå VG, mellom anna ein slik kjeldemanual som inngår i eit større arbeid med å fornya dei interne etiske retningslinjene i VG. Arbeidet var starta like over nyttår, og pågår framleis.

– Etter Bar Vulkan-saka hadde me møte med alle avdelingar kor me diskuterte saka. Då såg me behov for å laga ein kjeldemanual, som ikkje berre går inn som eit etisk regelverk, men som eit verktøy me kan bruka i kvardagen, seier sjefredaktør Gard Steiro i VG til Medier24.

I manualen, som Medier24 har fått tilgang til, står det at «VGs nye kildemanual er ingen revolusjon. Den inneholder ingen radikale endringer».

– Dette byggjer på Ver Varsam-plakaten, men med husreglar i tillegg, seier Steiro.

Arbeidet er gjort på tvers av alle avdelingar, og nyheitsleiar Lars Håkon Grønning har hatt ei sentral rolle. Manualen har i tillegg vore på høyring hos Norsk Redaktørforening og Norsk Presseforbund.

Nyheitsleiar Lars Håkon Grønning i VG.
Nyheitsleiar Lars Håkon Grønning i VG.

– Dette er etikk, og ikkje matematikk. Der overordna etiske reglar kan gi føringar, har me vore opptekne av å trekkja fram uttaler frå PFU og viktige spørsmål til refleksjon, seier Grønning til Medier24.

 

Tek sjølvkritikk for pølsefest

Manualen har via eit heilt tema til habilitetsspørsmålet som dukkar opp når du vert invitert i bursdagen til ei kjelde.

«Det er ikke i tråd med god VG skikk å la en kilderelasjon utvikle seg til et privat vennskap», står det i manualen. Vidare skriv dei at det berre unntaksvis er greitt å gå i ein bursdag til ei kjelde, om du er invitert som journalist – og ikkje privatperson.

Hadia Tajik (Ap) og Kristian Skard under fredsprisutdelinga i Oslo Rådhus i desember.
Hadia Tajik (Ap) og Kristian Skard under fredsprisutdelinga i Oslo Rådhus i desember.

Det vakte stor debatt i pressenorge då tidlegare Dagens Næringsliv-journalist Kristian Skard, saman med hans kjærast Hadia Tajik (Ap), inviterte profilerte journalistar, redaktørar, kommentatorar, pr-rådgjevarar og politikarar til bursdagsfest på Wurst i Oslo.

Bursdagsfeiringa skjedde samstundes som VG sin politiske redaktør Hanne Skartveit sto på Debatten på NRK og svarte på spørsmål om Bar Vulkan-saka. VG-journalistane med byline på saka, Lars Joakim Skarvøy og Marie Melgård, var begge til stades i bursdagen. Det skulle ikkje ha skjedd, ifølgje Steiro.

– Avgjersla VG-leiinga gjorde, ved å gi dei løyve til å gå dit, har vist seg å vera feil. Ikkje fordi det var gale å vera der, men fordi det i den konteksten var mogleg å stilla spørsmål rundt integriteten. Det burde me forstått på det tidspunktet, seier han.

 

Uerfarne kjelder

Det er i tillegg brukt plass på korleis VG-journalistar skal møta uerfarne kjelder, og korleis dei førebur «mannen i gata» på å stå fram i Norges største avis. Det var noko dei fekk kritikk for etter dansevideosaka. Norsk Presseforbund sette i tillegg ned eit utval, leia av Sven Egil Omdal, som skal granska media sin omgang med ulike typar kjelder, anonyme kjelder, kjeldevern, og sitatpraksis.

Pressens Faglege Utval felte avisa for fem punkt i Ver Varsam-plakaten.

Sjefredaktør Gard Steiro og nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken i VG i PFU-møtet 28. august 2019.
Sjefredaktør Gard Steiro og nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken i VG i PFU-møtet 28. august 2019.

«Etter Bar Vulkan-saken har debatten dreid seg om oppfølging av uerfarne kilder. PFUs fellelse gir grunn til ettertanke og debatt», står det i manualen.

Vidare peiker den på ei rekkje andre punkt, som til dømes premiss for intervjusituasjon.

«Det er ditt ansvar – og bare ditt ansvar – at personer du intervjuer forstår premissene for samtalen», står det.

«Vær spesielt oppmerksom overfor uerfarne kilder, og sørg for at de forstår at informasjonen de formidler kan bli brukt i journalistisk arbeid», heiter det vidare.

– Var de like bevisste på handtering av uerfarne kjelder før Bar Vulkan-saka?

– Ja, det vil eg seia. Andre vil, med bakgrunn i den saka, hevda at me er dårlege på det. Eg vil seia at me er gode på det, og det finst mange døme på at me har gjort det heilt eksemplarisk i andre saker.

Klubbleiar: – Lurt

Naturlegvis står det òg klare retningslinjer for bruk av anonyme kjelder. Her står det mellom anna at avisa har nulltoleranse for at anonyme skal få komma med personkarakteristikkar, og at det som hovudregel skal brukast til å gi informasjon som kan faktasjekkast.

– I utgangspunktet er køyrereglane for anonyme kjelder like som dei alltid har vore. Eg trur òg dei reglane er temmeleg like som hos andre mediehus. Grunnreglane er dei same, men me er oppteken av å få ein diskusjon rundt det og setja ein standard på tvers av huset, seier Steiro.

Klubbleiar Tor-Erling Thømt Ruud i VG er glad for å ha fått på plass dei nye retningslinjene.

– Det er blitt meir medvit rundt det å sitera anonyme kjelder, ikkje berre i VG, men i store deler av medienorge – til og med Medier24 fekk kjenna på det. Det medvitet er bra og gjer oss til flinkare journalistar – og forhåpentlegvis redaktørar, seier han til Medier24.

Klubbleiar og journalist Tor-Erling Thømt Ruud i VG.
Klubbleiar og journalist Tor-Erling Thømt Ruud i VG.

Han legg til:

– Å friska opp retningslinjene er nok lurt i mange redaksjonar. Det skapar gode faglege diskusjonar. Det er ingenting i den nye manualen eg har reagert på førebels. Det meste er sjølvsagt opp til ein kvar journalist sin dømmekraft, folkeskikk og skjønn. Det same for redaktørane. Det er nærast umogleg å laga svart/kvitt-reglar for journalistikk.

– Har dette vore eit tema, eller uromoment, for tilsette etter dansevideo-saka?

– Ja, dette har vore tema etter Bar Vulkan-saka. Det er jo difor ein betre manual kjem på plass, slik me ser det, seier han.

Powered by Labrador CMS