Generalsekretær i NATO, Jens Stoltenberg.Heiko Junge / NTB scanpix
Krass kritikk av nepotisme-kommentar i Dagsavisen: – Spekulativt
På leiarplass stiller Dagsavisen spørsmål om prosessen rundt tilsetjinga av Sissel Kruse Larsen som NATO-sjef Jens Stoltenberg sin rådgjevar. Det vekkjer reaksjonar.
I leiaren skriv Dagsavisen at tilsetjinga mellom anna kan teikna eit «bilde av at vår avholdte tidligere statsminister Jens Stoltenberg opererer med vennetjenester og bidrar til nepotisme».
– Utelukkande spekulativ
Det får Torbjørn Sølsnæs, ansvarleg for politikk og samfunnskontakt i NHO Service og Handel, til å reagera i eit Facebook-innlegg.
«Jeg har normalt svært lave forventning er til Dagsavisen. Likevel klarer de å overraske. Og det er faen ikke noe kompliment», skriv han.
– Dei konkluderer innleiingsvis med at ho er høgt kvalifisert og sannsynlegvis ein god kandidat til stillinga. Då blir resten av leiaren utelukkande spekulativ, seier han til Medier24.
Sølsnæs er tidlegare kollega av Sissel Kruse Larsen og har hatt Jan-Erik Larsen som sjef i pr-byrået Kruse Larsen. Han har også ein venskapleg relasjon til Sissel Kruse Larsen, opplyser Sølsnæs til Medier24.
Politisk redaktør Lars West Johnsen i Dagsavisen ber om å få spørsmål på e-post, når Medier24 ringer for eit intervju. I sitt svar skriv han mellom anna:
«Siden han er tidligere medarbeider i nettopp Kruse Larsen, er det ikke jo så overraskende at han er uenig. Vi er prinsipielt opptatt av åpenhet i denne typen prosesser, om roller, bånd og bindinger.»
NATO: «Ansatt på bakgrunn av egne meritter»
Sisse Kruse Larsen ynskjer ikkje å kommentera saka overfor Medier24, og viser til Stoltenberg sin kommunikasjonsrådgjevar, Anne Marte Vestbakke.
«Sissel Kruse Larsen blir ansatt på bakgrunn av egne meritter. Hun har bred erfaring fra presse- og kommunikasjonsarbeid og bringer med seg verdifull kompetanse. Vi er glade for å få henne på laget», skriv ho i ein sms.
Medier24 har forsøkt å nå Jan-Erik Larsen via telefon for å spør om kva han tykkjer om Dagsavisen sin leiar, og om hans relasjon til Stoltenberg. På spørsmåla vel han å svara skriftleg:
«Jeg var ikke engang kjent med prosessen før jeg ble informert om at Sissel var ansatt. Utover det, så anser jeg meg selv som helt irrelevant i denne saken.»
– Dei tre har ikkje gjort noko gale
Sølsnæs tykkjer Dagsavisen bommar med leiaren sin.
– Dei spekulerer berre på ein negativ måte som råkar tre andre – som ikkje har gjort noko gale, anna enn at to av dei har ein familierelasjon og to av dei har ein tidlegare jobbrelasjon, seier han.
– Men er det så rart å stilla spørsmålet, når faren hennar har hatt ein så tett relasjon til Stoltenberg?
– Ja, eg tykkjer det. Det er 11 år sidan han gjekk av som statssekretær i SMK. I oktober er det sju år sidan Stoltenberg gjekk av som statsminister, og han har vore i NATO sidan 2014. I mellomtida har Kruse Larsen vore journalist og rådgjevar, dei siste åra i TV 2 for administrerande direktør, seier Sølsnæs.
Etterlyser meir openheit
West Johnsen meiner det er openbert verd å påpeika at det er dottera til Stoltenberg sin næraste rådgjevar gjennom mange år som har fått jobben.
«Sissel Kruse Larsen har gode kvalifikasjoner, men det kan ha vært mange svært skikka kandidater til den jobben. Dette rommet for spekulasjon er dessverre ammunisjon til de som liker å hevde at arbeiderbevegelsens folk, som Larsen og Stoltenberg er, avgjør ting på bakrommet», skriv West Johnsen.
– Kunne Dagsavisen løyst dette på ein annan måte, som til dømes å nøsta opp i tilsetjingsprosessen – i staden for å ta det opp i ein leiar, utan motseiingar?
«Lederen er balansert for den som ønsker å se», skriv han.
– Burde NATO løyst tilsetjinga på ein annan måte for å unngå spekulasjonane?
«Vi mener de burde vært mer åpne om relasjonene, så hadde det kanskje heller ikke vært noe å påpeke i etterkant», svarar Johnsen.