Media City Bergen til venstre. Til høgre er sjefredaktør Vebjørn Selbekk i Dagen og sjefredaktør Øystein Hage i Fiskeribladet, Tekfisk og IntraFish.

Media City Bergen «altfor dyrt»: – Hipt og kult, men får ikkje nok igjen for det

Dagen og Fiskeribladet vil ikkje overta Bergensavisen sine 600 kvadratmeter ledige kontorlokale i mediebyen når BA flyttar ut. I staden kan Universitetet i Bergen flytta inn.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Måndag skreiv Medier24 at Bergensavisen har signert kontrakt for nye lokale i Bergen sentrum, som dei skal inn i sommaren 2020 – tre år etter at dei flytta inn i toppmoderne Media City Bergen.

Sjefredaktør Sigvald Sveinbjørnsson i BA grunngir det med plassmangel. No står det att å få inn erstattarar i dei ledige BA-lokala.

– Universitetet vurderer moglegheita, og desse areala er interessante for oss. Me har teke kontakt med Entra (huseigar, journ. anm.) for dialog, seier instituttleiar Leif Ove Larsen ved Institutt for informasjons- og medievitenskap på UiB.

– Er de i forhandlingar?

Instituttleiar Leif Ove Larsen ved Institutt for informasjons- og medievitenskap på UiB.

– Nei, me er på innleiande stadie, seier han.

Universitetet i Bergen har også saman med samarbeidspartnarar på Media City søkt om SFI-status for forskningssenteret «MediaFutures», som skal utvikla ansvarleg medieteknologi for framtida. SFI står for Senter for forskningsdrevet innovasjon, og er eit program under Forskningsrådet.

Får dei godkjent søknaden vil det bety fleire folk inn UiB-dørene på MCB.

– Vil det kreva større plass?

– Ja, ein SFI har eit stort arealbehov, og i vår søknad om SFI-status står det at dette skal ligga på MCB, seier Larsen.

UiB si medieutdanning held allereie i dag til både i same etasje - og i etasjen under – som BA. Her er også Senter for undersøkende journalistikk (SUJO).

– Prisa seg ut av marknaden

Dei to største avisene i Bergen som framleis ikkje er med i mediebyen – Dagen og Fiskeribladet – derimot, seier til Medier24 at dei har vurdert det, men at det vert for dyrt.

– Me var kontakt i med BA, då me har ein leigekontakt som går ut til våren, seier sjefredaktør Øystein Hage i Fiskeribladet til Medier24.

Øystein Hage, publisher for NHST-eigde Fiskeribladet, Intrafish.no og Tekfisk.

Han er redaktør for NHST-eigde Fiskeribladet, Tekfisk og IntraFish.

– Det var altfor dyrt, og eg trur ikkje me får meir igjen av det utanom at det er hipt og kult. Me ville omtrent dobla leigekostnadane, og etter å ha snakka med dei som er der borte ser eg ikkje dei store synergiane utover at det er hipt og kult, legg han til.

Den same ordlyden kjem frå sjefredaktør Vebjørn Selbekk i Dagen.

– Me har deler haldninga til Fiskeribladet og BA. Det er veldig flotte og fine lokale i MCB, men det kostar meir enn det smakar. Prisnivået gjer at det ikkje er attraktivt nok å flytta dit, sjølv om me ser mange fordeler ved å vera samla på ein stad, seier han.

Dei vurderte det for alvor for om lag to år sidan, men har det stadig i bakhovudet, ifølgje Selbekk.

Sjefredaktør Vebjørn Selbekk i den kristne dagsavisa Dagen.

– Me skulle ha gjerne hengt oss på, men dei har prisa seg litt ut av marknaden, legg han til.

 

Huseigar: – Lei oss

Leiar Sturla Hjelmervik for huseigar Entra i Media City Bergen ynskjer å få alle spørsmål tilsendt på e-post. Han vil ikkje kommentera pågåande utleigeprosessar, men skriv til Medier24 at dei jobbar med ei løysing for dei ledige lokala.

«Den ideelle leietakeren tenker vi vil være noen som komplimenterer medieklyngen, som for eksempel medieteknologi, kringkasting, journalistikk, utdanning, animasjon, grafikk, visualisering, sensorteknologi, robotikk, spillutvikling, film og så videre», skriv Hjelmervik. 

På spørsmål om dei fryktar at fleire gjer som BA, og flyttar ut, svarar han:

«Vi er alltid lei oss for å miste gode leietakere, men samtidige synes vi det er hyggelig at BA opplever en stor vekst både når det gjelder abonnenter og medarbeidere.»

 

Ingen nederlag for medieklynga

Anne Jacobsen, administrerande direktør for NCE Media – foran Media City Bergen, nokre månadar før opning.

Administrerande direktør Anne Jacobsen i medieklynga NCE Media, som held hus på Media City, avviser at det er eit problem for dei at BA no flyttar ut av milliardbygget.

– Det har ingenting å seia for klynga kor folk fysisk held til. MCB er uansett ein hub for ein heil haug med aktivitet som klyngeselskapa dreg nytte av, uavhengig av kor dei er lokalisert, seier ho.

Javobsen peiker på at berre 1/4 av medieklynga er i MCB, 2/4 rundt om på Vestlandet, og 1/4 er rundt i landet – frå Tromsø i nord til Stavanger i sør.

– Dette er altså ikkje eit nederlag for klynga?

– Nei. Det hadde sjølvsagt vore veldig kjekt om det var plass til alle medlemmene i MCB, men det får ikkje konsekvensar for korleis klyngeorganisasjonen jobbar.

Powered by Labrador CMS