Åsulv Edland og Anne Baggethun på NRK Veteranenes tur til Cuba

MINNEORD:

Det er veldig trist at Anne Baggethun er borte

«Anne blei ikkje prega av at ho var ein av våre første og største kjendisar», skriver Åsulv Edland om sin tidligere kollega.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Anne var ein veteran i NRK. Ein god kollega og god å ha i omgangskrinsen. Siste samlinga hadde vi i sommar på Herregårdskroa. Vi var nokre nære vener og tidlegare kollegaer, det var svært hyggeleg. Vi merka at Anne ikkje var i toppform, men vi trudde ikkje det skulle gå så fort.

Anne Baggethun

Anne jobba i NRK i 45 år, og markerte seg godt frå starten. Ho blei ei stødig og sikker Ankerkvinne, ei av dei første her i landet. Då eg kom til Dagsrevyen fekk eg god hjelp og mange gode råd slik vi treng i starten. Eg minnest sommaren 1972 då eg arbeidde i Bodø. Anne kom innom ein dag, ho hadde vore på Jan Mayen og skulle redigere program. Etterpå gjekk vi ut for å eta middag på ein av Bodøs fine restaurantar, og eg høyrde eit lite sus då vi gjekk gjennom restauranten; "der går Anne Baggethun!".

Anne blei ikkje prega av at ho var ein av våre første og største kjendisar. Ho blei stadig meir kjent ute blant publikum. Ho formidla nytt får slottet og det politiske livet frå monarkia rundt om i verden. Anne var også svært aktiv når vi hadde sendingar om og fra Nobelprisen. Ho hadde framifrå engelskkunnskapar og kommenterte sendinga for EBU.

Då kong Olav døydde hadde Anne Baggethun laga ein nekrolog på engelsk som like etterpå blei sendt til fjernsyn over heile verda. Eg var vaktsjef den natta då kongen døydde og Golfkrigen byrja, og Anne og eg hadde eit nært samarbeid.

Anne Baggethun, fotografert en gang i 1960- årene.

I dei siste åra blei Anne mest kjend som hoffreporter og for dekkinga av utdelinga av Nobelprisen. Men i NRK hadde Anne Baggethun mange roller. Ho var ankerkvinne, reporter, vaktsjef og redaksjonssjef og ho var også planleggingssjef. I nokre år arbeidde Anne Baggethun i NRK Finnmark i Vadsø.

Anne fekk kongens fortenestemedalje for sin lange innsats i NRK i 2007.

Her hilser ekspertkommentator Anne Baggethun og ledsager Boye Baggethun fra Oslo på kong Harald.

Anne hadde studier frå universitetet i Oslo og frå Ohio i USA og ho hadde vore AFS-stipendidat. Anne Baggethun hadde også gått Forsvarets høgskole. Ho var ei tid språkkontakt i NRK, og hadde fått språkkprisar. Journalistikken hadde ho nærmast fått inn med morsmjølka; far hennes var mangeårig redaktør av Hortenavisa Gjengangeren.

Det er veldig trist at Anne Baggethun er borte. Eg er glad for dei gode minna etter Anne, og er også glad for den fine kontakten med henne og familien. Det var trivleg å få besøke dei på hytta i Valdres, og eg har hatt god kontakten med broren Boye heile mi NRK-tid. Etter Anne blei pensjonist var ho aktiv med NRKs Veteranklubb. Eg minnest særleg godt den flotte turen vi hadde til Cuba.

Takk for godt samarbeid og venskap i mange år. Fred over ditt minne Anne Baggethun.

Powered by Labrador CMS