Advokat Svein Holden, til høgre Anne-Elisbaeth Hagen og redaktør i Natt&Dag, Ida Wammer.

Sterke reaksjonar på Natt&Dag sin Hagen-satire: – Smaklaust, seier familien sin advokat

Lesarstorm mot Natt&Dag etter satirisk sak om Lørenskog-forsvinninga. – Legitimt å tulla med korleis folk steller seg til store kriminalsaker, svarar redaktør Ida Wammer.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det har hagla med reaksjonar mot Natt & Dag på Facebook etter at dei publiserte artikkelen om den mykje omtalte Lørenskog-forsvinninga torsdag ettermiddag.

I saka spør avisa om det ikkje er «litt typisk at Anne-Elisabeth Hagen er et sted man alltid glemmer å lete?» og nemner mellom anna vaskemaskina, under setet i bilen og i bukselomma som stader å leita.

– Umenneskelig

Innlegget har på eit knapt døger fått 80 kommentarar, i all hovudsak negative:

«Umoralsk Og umenneskelig», skriv ein brukar i kommentarfeltet.

«Fullstendig usmaklig å gå for klikk, likes og humor i en uløst […] sak», skriv ein annan.

Advokat Svein Holden.

«Dette var mildt sagt usmakelig», skriv ein.

«Er det ingen over 14 år i redaksjonen til Natt&Dag lenger?», spør ein lesar.

Familien til Anne-Elisabeth Hagen sin advokat, Svein Holden, hadde ikkje sett artikkelen før Medier24 tok kontakt. Han er lite imponert over saka.

– Eg skjønnar godt at dei får kritikk. Dette er smaklaust, seier han til Medier24.

Redaktør Ida Wammer seier til Medier24 at artikkelen er satirisk meint.

Natt&Dag-sak 31.10.

«Det er satire, og jeg er uenig i at vi har gått over streken. Jeg mener at det er helt legitimt å lage en sak hvor vi tuller med hvordan folk forholder seg til store kriminalsaker. Mediene kjører store oppslag, og folk hiver seg på i kommentarfeltene og spekulerer i om det kan være folk med fast tilholdssted i Polen som står bak, Olsenbanden eller om det er Asbjørnsen og Moe – som garantert er uskyldige. Situasjonen har fått et anstrøk av true crime, og det peker vi på i denne saken», skriv ho i ein sms til Medier24, og legg til, sarkastisk:

«Flere varsler at de vil slutte å følge NATT&DAG. Hittil er det to stykker som har gjort alvor av truslene. Veldig synd hvis det fortsetter i samme tempo»

– Langt over grensa

Generalsekretær Elin Floberghagen understrekar at Natt & Dag ikkje er med i Norsk Presseforbund, og dermed ikkje kan fellast i Pressens Faglige Utvalg (PFU).

– Eg trur uansett ikkje det ville blitt råka av Ver Varsam-plakaten sine bestemmingar. Det er likevel eit veldig mislukka forsøk på humor, og her trakkar dei langt over grensa med omsyn til familie og pårørande, seier Floberghagen.

Generalsekretær Elin Floberghagen i Norsk Presseforbund.

Heller ikkje Floberghagen sin forgjengar i Presseforbundet, Per Edgar Kokkvold, er imponert av tekststykket.

– Eg trur det var Goethe som sa at humor er eit edelt fag. For å seia det med eit understatement: Han ville ikkje sagt det om dette, seier han til Medier24.

Om kritikken frå Kokkvold, Floberghagen og Holden, svarar Wammer:

«De må gjerne mene det.»

Powered by Labrador CMS