Sjefredaktør Anna B. Jenssen i Morgenbladet

Morgenbladet får støtte for digitalt innhald: Kom ikkje i land med bladbar utgåve denne veka

Morgenbladet vil truleg få dobla pressestøtte som digital avis. Denne veka har den digitale, bladbare utgåva, enno ikkje kome.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • Medier24 presiserer: I første versjon av denne saka sto det at Morgenbladet ikkje har kome ut digitalt denne veka. Det riktige er at dei har publisert saker digitalt, men ikkje samla sakene i ei bladbar utgåve som vanlegvis kjem kvar tysdag. Det er det digitale innhaldet, og ikkje den bladbare utgåva, som gir grunnlag for auka pressestøtte.

I 2018 utvida Morgenbladet sitt tilbod til abonnentane ved å publisera ei digital utgåve kvar veke i tillegg til den vekevise papiravisa. No varslar Medietilsynet at avisa truleg får ei dobling i pressestøtte, frå 4,8 millionar kroner, etter at dei fell inn under kategorien som nummer to-avis, og ikkje vekeavis.

I år har Morgenbladet publisert ei bladbar utgåve kvar tysdag med ei oppsummering av det digitale innhaldet. Det har dei ikkje kome i land med so langt denne veka.

Førre månad varsla Morgenbladet at dei må kutta åtte millionar kroner i i tilsette. I tillegg har det gått føre seg ein langvarig konflikt mellom redaksjonsklubben i Morgenbladet og sjefredaktør Anna B. Jenssen.

Etter det Medier24 kjenner til var det torsdag berre seks skrivande journalistar på jobb, og to av dei fast tilsette. Likevel klarte Morgenbladet å komma ut med 40-siders papiravis fredag.

Kan få betydning for pressestøtta

Den bladbare digitale utgåva, derimot, har ikkje kome ut so langt. Den kjem vanlegvis tysdagar.

– Den er på veg, seier sjefredaktør Jenssen til Medier24.

– Skulle den ikkje ha kome tysdag?

– Den har vanlegvis kome tysdagar. Den er berre ei oppsummering av det som er publisert digitalt.

– Det har vore langt mindre publisert på nett den siste veka?

– Det har vore ei veke med mindre digital produksjon, men det skal balansera seg.

– Kva er det som gjer at digitalavisa ikkje har kome ut?

– Dei utgåvene varierer av mange ulike grunnar.

– Kva grunnar?

– Det blir å gå i detalj. Det er mellom anna redaksjonelle prioriteringar.

Kommunikasjonsrådgjevar Nina Bjerke i Medietilsynet seier at talet på digitale utgivingar ikkje vil påverke 2019-tildelinga av pressestøtte.

– Støtta baserer seg på opplaget og utgåvene i det føregåande året. Dersom dei ikkje kjem ut med mange nok digitale saker i år, så kan det ha betydning for neste år, seier ho.

Ti saker i førre utgåve

Medier24 skreiv tysdag at den digitale utgåva har hatt eit snitt på 18 saker inntil for to veker sidan. Deretter har den vore betydeleg slanka med høvesvis ti og åtte saker.

For aviser som kjem ut som ein kombinasjon av papir- og digitalutgåver, set regelverket tydelege krav:

«Hvis hovedmediet kommer ut som en kombinasjon av papirutgaver og digitale utgaver, må de digitale utgavenes redaksjonelle innhold i volum utgjøre minst 50 prosent av papirutgavenes redaksjonelle innhold», heiter det i forskrift om fastsettelse av opplag og utgaver i nyhets- og aktualitetsmedier.

I tillegg har papiravisa gått frå eit snitt på 56 sider i 2017 til dagens nivå som har lege på 40 sider sidan juni.

Likevel vil ikkje Morgenbladet skru ned laussalsprisen på 59 kroner.

– Me produserer veldig mykje som også går digitalt. Me må som alle andre gjera omprioriteringar og tilpassingar. Dette gjer me fordi me trur avisa blir betre på det.

Powered by Labrador CMS