Try-Fischer svarar på PR-kritikk: – Kompetansen på norsk politikk har eg alt delt ut
Anki Gerhardsen meiner det er problematisk når pressefolk blir PR-rådgjevarar. – Eg sit ikkje på eit arsenal av hemmelege ting, seiier Mathias Fischer.
Det vakte stor merksemd i mediebransjen då tidlegare Bergens Tidende- og TV 2-kommentator Mathias Fischer bytta beite og gjekk til TRY Råd i september.
Onsdag møtte han Anki Gerhardsen og Svein Harald Lian til debatt «Pressens PR-flørt» på Svarte Natta-konferansen i Tromsø.
– Eg vil ikkje leggja ned forbod, men eg ville sjølv hatt store problem med å gått frå journalistikk til PR-bransjen, og følt det var litt moralsk feil. Eg meiner det er problematisk, sa Gerhardsen om den mykje kritiserte svingdøra mellom bransjane.
– Det er noko eige ved journalistikken. Det er eit oppdrag. Det bør gjera noko med måten me tenkjer rundt det på. Me får mange nøklar som gir oss tilgjenge til makta, og alt er veldig ope og tilgjengeleg. Då bør det følgja ei viss ærefrykt, og ein må stilla spørsmålet om ein berre kan ta med seg den kunnskapen og alt ein veit om romma ein har fått nøklar til, inn i ein annan bransje og tene seg sjølv, haldt ho fram.
– «Knugar» ikkje på hemmelegheiter
Fischer deler ikkje oppfatninga til Gerhardsen, og stilte spørsmål om folk eigentleg visste kva han gjer på jobb.
– I det siste har eg til dømes hjelpt å kommunisera for eit selskap som er i ein omstillingsprosess, sa Fischer.
– Desse tinga er ikkje hemmelegheiter. Min jobb har tidlegare vore å formidla kunnskapen eg har fått frå «maktas korridorar» til heile verda. Eg sit ikkje på eit arsenal av ting eg fekk i hemmelegheit og kan bruka andre stader, sa han, og la til:
– Kompetansen eg har på norsk politikk har eg alt delt ut til folk, og eg driv ikkje og «knugar» på hemmelegheiter på politikarar for deretter å selja det i PR-bransjen. Eg opplever ikkje at kjeldenettverket eg har, eller journalistkollegaene eg hadde, er ein verktøykasse og ein pose med dollarteikn eg tok med meg ut frå TV 2 som eg kan selja.
Slik forsøkte han å påverka
Paneldeltakar og journalist Svein Harald Lien fortalde om då han hoppa frå TV 2 til kommunikasjonsbransjen under ei nedbemanning i tv-kanalen for ei tid tilbake. Etter totalt 16 år i TV 2 byrja han i Hurtigruten.
– Same veka som fristen gjekk ut for å søkja sluttpakke fann me ut at me skulle ha born, og så dukka det opp ei jobbannonse i Hurtigruta. Eg tenkte det kunne vera familievenleg og interessant, og så har eg alltid likt Hurtigruten. Ingen andre medium i Tromsø hadde ledige stillingar, sa han.
Berre eit par månadar seinare ville han tilbake til journalistikken, og kjapt sat han på jobbintervju til ei journaliststilling.
– Det var ein større skilnad mellom journalistikk og strategisk kommunikasjon enn eg trudde på førehand. Det er eit anna fag, med andre verktøy for å utføra jobben, sa han.
Vidare peikte han på ei konkret hending som fekk han til å tenkja seg om.
– Eg hadde ansvar for å spreia ei positiv pakke, og kontakta ein journalistkompis eg kjente, for å selja inn saka. Då me fekk tilbake saka dei hadde skrive, såg eg dette ikkje var så bra for verksemda. Deretter forsøkte eg å endra teksten til noko som var meir fordelaktig for meg. Det tok eg sjølvkritikk på så fort saka var publisert, sa han.
Gerhardsen meiner debatten bør løftast ut frå redaksjonane og ut i det offentlege rom.
– Eg saknar ein stor debatt rundt det. Me murrar om det internt, ler litt av det og snakkar om «the dark side». Men me tek det ikkje nok ut i samfunnet, sa ho.
– Fann meg ikkje heilt til rette i TV 2
Men kvifor valde den tidlegare TV 2-kommentatoren å bytta bransje?
– Eg har tenkt karrieremessig – eg er 26 år, og har arbeidd som politisk kommentator frå eg var 20. Då er det karrieremessig lurt å gå til ein bransje med nye impulsar. Eg må møta andre menneske, sa han.
– Eg fann meg ikkje heilt til rette i TV 2, og det var ingen perfekt match. Det er ein uføreseieleg arbeidskvardag, sa han.