Dagsrevyen-ankera Rima Iraki og Ingvild Bryn presenterte reportasjen måndag kveld. Til høgre er førsteamanuensis Anine Kierulf.NRK og Vidar Ruud / NTB scanpix
Reagerer på Dagsrevyen-innslag: – Lurer på NRK si presseetiske vurdering
Fleire reagerer på ei NRK-sak med ei eldre kvinne som vert overraska på sjukeheimen. Sjølv forsvarar både NRK og familien reportasjen.
Måndag viste NRK Dagsrevyen ein reportasje (00:23:46) frå Oslo kor ein familie overraska si 90 år gamle mor på Hovseterhjemmet etter at ho hadde sete isolert i fem veker. I saka besøker familien ho utanfor vindauget med ein lift, og saka viser at kvinna gret på innsida når ho ser familien gjennom vindauget.
Reagerer på etikken
Innslaget har fått fleire, deriblant jurist Anine Kierulf, til å reagera. Ho lufta kritikken først i ei twittermelding.
– I reportasjen ser det ut som om dama vert overrumpla og at ho viser kjensler og reaksjonar som om ho ikkje hadde kontroll over at ho kom på tv. Det kan vera ho samtykka, og då er det heilt greitt, men det såg ikkje slik ut, seier Kierulf til Medier24.
– Eg blei sitjande og lura på NRK si presseetiske vurdering som tilsa at det var greitt.
– Er det juridiske omsyn å ta knytt til personvern, også?
– Ja, heilt klart. Dersom ho ikkje har samtykka til å bli framstilt slik, har det sider til hennar privatliv.
Familien: – Avtalt på førehand
Kierulf er langt frå den einaste som reagerer. Twittermeldinga hennar har fått godt over 300 likes, og meir enn 30 svar, der dei fleste er samd i kritikken hennar. Også kommentator Frank Rossavik i Aftenposten kritiserte innslaget på Facebook. Han «ble nesten kvalm», skriv han, og får støtte av ei rekkje mediefolk.
Enkelte reagerer også på at NRK gir Oslo Liftutleie, som leigde familien liften utan å få betalt, gratisreklame.
Medier24 har vore i kontakt med både dottera Elisabeth Bakke, som er intervjua i reportasjen, og Hovseterhjemmet. Sjukeheimen seier det er eit forhold mellom den eldre dama og familien, og Bakke seier det var avtalt med mora på førehand. Vidare viser ho til mannen, Øyvind Janeschitz, for kommentarar.
– Det var avtalt på førehand, så ho visste det skulle koma på tv. Ho tykte det var artig, og alle sønene tykte det var veldig gøy. Ho er heilt oppegåande og full av humør, sjølv om ho har parkinson's, seier han.
Hovseterhjemmet fortel til Medier24 at det på noverande tidspunkt ikkje lèt seg gjera å få ein kommentar frå kvinna.
Var førebudd på ei overrasking
Redaktør Knut Magnus Berge for NRK Nyheter forsvarar reportasjen.
– Me vart kontakta av familien mot slutten av påska, og svarte at det var ein artig og annleis idé, som me ville vera med på, seier han til Medier24.
Berge fortel at NRK sin reporter hadde kontakt med sjukeheimen, og fekk vita at alt var klart og at det var eit felles løp mellom familien og sjukeheimen.
– Me gjorde opptaket, gjekk heim og redigerte det og sende det ei viss tid etterpå, legg han til.
– Var ho klar over at ho skulle på Dagsrevyen?
– Ho hadde fått beskjed av pleiarane om at det ville koma ei overrasking. Ho fekk ikkje i detalj vita kva overraskinga skulle gå ut på. Det ville jo øydelagt overraskinga.
– Det er skilnad på å vera budd på ei overrasking og budd på at du skal kringkastast på Dagsrevyen?
– Ja. Ho var ikkje blitt gjort medviten det frå vår side før opptaket skjedde. Me fekk likevel ei stadfesting frå familien om at ho ikkje hadde noko imot det, og at ho tykte det var ei fin oppleving.
Kritiserer framstillinga
Janeschitz reagerer sterkt på innlegget til Rossavik, kor han skriv at dei «buse[r] inn slik i en privatsfære og sende den eldre kvinnen på TV, mens hun griner».
– Som journalist burde han ha kontakta oss før han skreiv ein slik status. Ein kan ikkje leggja frå seg journalisthatten på Facebook, seier han. Janeschitz har sjølv erfaring frå radiobransjen.
Vidare seier Janeschitz at Oslo Liftutleie gav han tenesta gratis då dei meinte overraskinga var ein god idé. Det stadfestar også fungerande dagleg leiar Odd Asbjørn Johansen i Oslo Liftutleie overfor Medier24. Han seier at han ikkje var klar over at stuntet skulle visast på tv.
Når Kierulf får opplyst at familien seier reportasjen var avklart med den eldre kvinna, seier ho at det juridiske og presseetiske ikkje er det problematiske, men:
– Framstillinga gjer det vanskeleg for sjåarane å ta stilling til korleis hennar interesser var vareteke. Det er nok også difor det har kome så mange reaksjonar på innslaget, seier ho.