I to og eit halvt år har New York Times produsert daglege episodar, hovudsakleg om amerikansk politikk, i podkasten «The Daily», med Michael Barbaro som programleiar.
Då podkasten gjekk på lufta var dei tre personar som jobba med konseptet. No er dei rundt 20, og The Daily var den mest lasta ned podkasten hos Apple i 2018, ifølgje Rain News. I juni skreiv The Jakarta Post at episodane har i snitt to millionarar lyttarar.
– Me vil vise at verda er ein komplisert stad – i staden for å vise seks ting som skjedde dagen før, seier produsent Andy Mills til Medier24. Han er i Bergen for å halda føredrag under Fortellingens Kraft 2019.
– Det er nok historieforteljinga som gjer at folk lyttar til oss i staden for andre. Når det er sagt har New York Times ein redaksjon ingen i verda kan måle seg med. Me har journalistar verda over som jobbar hardt for å avsløre og breake nyheiter, seier han.
– Redd det er eit blaff
Ideen om podkasten kom under 2016-valkampen i USA, som resulterte i at Donald Trump slo motkandidat Hillary Clinton på målstreken, og vart president i januar 2017.
New York Times-journalistane hadde aldri dekkja ein liknande valkamp, og Trump-kontroversane kom på rekkje og rad. Retorikken sjokkerte verda over, og svolten etter siste nytt var større enn aldri før. Podkast-redaksjonane måtte lage ekstraepisodar i hytt og gevær.
– Og lyttartala var like gode på alle episodane, seier Mills.
– Etter Trump-valet var det mange som hadde kjensla av å leve i ei boble og at dei trengde fleire, og ulike, medier, legg han til.
Avisa var full av gode saker kvar einaste dag, og Mills og kollegaene var sikre på at det var interesse for ein dagleg podkast som gjekk bak overskriftene, og gav kontekst til nyheitssakene.
– Var de ikkje redd for at interessa ville dale så fort Trump vart innsett?
– Me intervjua produsentar for å jobbe hos oss, og det var vanskeleg å overtyde flinke folk til å bli med på laget. Eg intervjua ein talentfull produsent som takka nei fordi han – for det første – ikkje var interessert i å jobbe så mykje som me gjorde, og så trudde han at interessa for Trump ville gå nedover og at lyttartala dermed ville rase.
To og eit halvt år seinare har dei bevist at det var rom for podkasten. No tener avisa pengar på det òg, seier Mills.
– Podkastmarknaden er opna, og annonsørane ynskjer å samarbeide med oss. Nokon er likevel redd for at det berre er eit blaff, seier han.
I Norge er både Aftenposten-podkasten «Forklart» og VG sin «Giæver og gjengen» (tidlegare Giæver og Joffen), med sine daglege episodar, inspirert av NYT-podkasten.
Kontekst
Sjølv om The Daily har eit rikt utval saker å velje mellom, er det ikkje alltid like enkelt å få det til å fenge – i lydformat. Strukturen og historieforteljinga i podkastane er svært ulik papirformatet.
– Me tenkjer mykje på struktur. Kvar startar saka, og korleis får me inn konteksten? I staden for å fokusere på kjendisar og skandalar, fokuserer me på kontekst, seier han.
Han viser spesielt til dekninga av Charlottesville-samanstøyten mellom høgreekstremistar og motdemonstrantar på seinsommaren 2017, som kulminerte i at 32 år gamle Heather Heyer vart drepen.
Medan tala til Trump vakte stor internasjonal oppsikt, gjorde «The Daily» det på sin eigen måte.
– Me byrja med å vise kva som skjedde dagen før drapet, deretter morgonen, og så viste me steg for steg korleis det utarta seg. Me gav det ein emosjonell kontekst, seier han.
Kortare introduksjonar
– Har de gjort noko tabbar oppgjennom som de har vore nøydd til å endre på?
– I byrjinga hadde me ein 90 sekund lang introduksjon om saka, før me gjekk vidare til intervjuklipp. Det gjer me ikkje lenger. No brukar me mindre tid på å fortelje lyttaren det me meiner dei bør vite før me går rett inn i kjernen. Tradisjonelt skal du seie kva saka handlar om, men det treng du faktisk ikkje, seier Mills.
Han legg til:
– Det som fenger deg bør vere plottet, eller ein teaser – og ikkje avsløringa. Den må komma seinare.
I tillegg har dei etter kvart kutta ut kulturstoff.
– Meir harde nyheiter?
– Ikkje nødvendigvis, men me tenkjer meir over kva sak, av alle viktige saker i verda akkurat her og no, me vel.