Programleiar Andreas Wahl i Folkeopplysningen.

Greenpeace klagar Folkeopplysningen inn til PFU

Miljøorganisasjonen meiner kanalen har brote fire punkt i Vær varsom-plakaten, medan NRK står på sitt.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Det handlar om å undersøkje kva ein publiserer, seier Erik Martiniussen, kommunikasjonssjef i Greenpeace, til Medier24.

Snart to månadar har gått sidan NRK først sende Folkeopplysningen-programmet der programleiar Andreas Wahl tok føre seg kjernekraft, og kor farleg det eigentleg er.

Episoden skapte stor debatt, og spesielt Greenpeace har stått i spissen for kritikken om at programmet både feilinformerer og undergrev viktige nyansar om kjernekraft.

 

Erik Martiniussen i Greenpeace.

Fire punkt

No klagar Greenpeace programmet inn til Pressens faglige utvalg (PFU), for brot på fire punkt i Vær varsom-plakaten:

  • 4.14
  • 3.2
  • 3.3
  • 4.15

Organisasjonen meiner statskanalen har svikta i både samtidig imøtegåing, kontrollere opplysningar, gjere greie for premissane før intervju, i tillegg til brot på tilsvarsretten.

– For det første så feilinformerte dei oss om premissane for intervjuet. Dei lata som om dei skulle lage eit opplysningsprogram om atomkraft, kor Greenpeace kunne leggje fram sitt syn, men så viste det seg at dei var ute etter å fastslå at miljøorganisasjonane har feilinformert om Tsjernobyl og kjernekraft. Dei sa det ikkje skulle handle om Tsjernobyl, men det gjorde det, seier Martiniussen.

– Dei har brukt forskar Britt Salbu sitt syn på kva me meiner, og så tok dei det for god fisk – utan å spørje oss om kva me faktisk meiner. Me gjorde dei merksame på at Salbu sin påstand om oss var uriktig, men dei var ikkje villig til å endre det, legg han til.

Klaga er signert leiar i organisasjonen, Trond Gulowsen, og kommunikasjonssjef Martiniussen.

Behandling over nyttår

«I programmet beskylder fysiker Brit Salbu Greenpeace for å overdramatisere konsekvensene av Tsjernobyl-ulykken. For å underbygge dette, hevder hun Greenpeace har sagt at 600 000 mennesker har dødd bare i Ukraina som følge av ulykken (16.57 minutter ut i programmet). Det medfører ikke riktighet. Programledelsen i Folkeopplysningen visste det, men lot likevel påstanden stå uimotsagt», skriv Greenpeace i klaga.

– Me har akkurat fått tilsvaret frå NRK, så den er ikkje klar til behandling, då den går tilbake til klagar, seier generalsekretær i Norsk Presseforbund, Elin Floberghagen, til Medier24.

Deretter skal NRK få kome med sitt andre tilsvar, får klaga vert behandla.

– Den kjem nok på andre sida av årsskifte, legg Floberghagen til.

Per Arne Kalbakk, etikkredaktør i NRK.

Programmet er òg klaga inn til Kringkastingsrådet.

NRK står på sitt

NRK, ved eksternsjef Petter Wallace og etikkredaktør Per Arne Kalbakk, svarar slik i sitt tilsvar til PFU:

«NRK er ikke enig i at vi har brutt Vær varsom-plakaten på noen av disse punktene. Etter vår mening ble premissene for intervju med Greenpeace tydelig klargjort, og klager ble gitt god adgang til samtidig imøtegåelse i selve programmet - da kan det heller ikke være et krav at man i tillegg skal få adgang til tilsvar om de samme forholdene. Vi mener også det er dekning for faktaopplysningene som kom fram i programmet».

Overfor Medier24 utdjupar Kalbakk:

– Dette er saker der me er fagleg usamde med Greenpeace, og så er det opp til PFU å ta stilling til om Folkeopplysningen gjorde premissane tilstrekkeleg klare, gav høve til imøtegåing og kontrollerte faktaopplysinganeo. Der er det usemje mellom oss og Greenpeace.

Powered by Labrador CMS