NRK sine gamle lokale i Bergen, Bodø og Kristiansand.

Flyttesjau i distrikts-NRK: Har selt eigedommar for nesten 350 mill.

NRK har selt åtte eigedommar dei siste åra, og kan enda opp med å kvitta seg med seks til. – Me er ikkje spekulantar, seier kringkastaren.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det går for tida føre seg ein omfattande flytteprosess og omorganisering av NRK sin distriktsdivisjon. Gamle og for store lokale vert bytta ut med nye, moderne og høgteknologiske lokale. Statskanalen har bestemt seg for å leiga – og ikkje eiga – lokala sine.

Sidan 2017 har NRK håva inn 329 millionar kroner på sal av distriktskontor. I åra før selde ein i tillegg tre kontor i Finnmark for til saman 16 millionar kroner. Totalt er inntektene frå eigedomssal på 345 millionar kroner sidan 2010.

Og langt meir kan det bli. I tillegg spår OBOS-sjef Daniel K. Siraj at NRK kan få «mykje meir» enn to milliardar kroner for Marienlyst som vart lagt ut for sal torsdag. Statskanalen har også gått inn for å flytta Trondheim-kontoret frå Tyholt, som er det største utanfor Oslo. Også det kan gå for betydelege verdiar dersom dei får regulert til bustadbygging.

Dersom alt går etter planen, vil dei òg selja NRK Sogn og Fjordane-kontoret i Førde. NRK Rogaland inngår snart ein intensjonsavtale for å flytta frå sine lokale i Stavanger, og det er dermed sannsynleg at også den tomta skal seljast etter kvart. Det siste er likevel «ikkje nærståande», ifølgje NRK.

NRK har i tillegg byrja prosessen med å selja NRK Telemark sitt kontor på Borgåsen, då dei skal flytta til nye lokale i Porsgrunn sentrum. Økonomidirektør Andreas Norvik i NRK ynskjer ikkje å spekulera i kor mykje dei kan få for tomta. 

Rikskringkastaren vurderer også å selja sine lokale i Fredrikstad og Tromsø, får Medier24 opplyst.

Den realiserte gevinsten frå eigedomssal varierer frå tomt til tomt, men i rekneskapen for 2017 står det at dei tente 173 millionar kroner på sal av eigedommen på Minde i Bergen.

Økonomidirektør Andreas Norvik i NRK.

Norvik seier at sala har gitt friske midlar inn i NRK som har gått til innhaldsproduksjon. Han presiserer at transaksjonane i Bergen og Kristiansand skjedde «før hans tid». Sistnemnde tomt fekk dei 80 millionar kroner for.

– Eigedommane i Bergen og Kristiansand gjekk me godt i pluss på, seier Harald Haugerud, avdelingssjef mediestøtte i NRK, til Medier24.

 

 

Intensjonsavtalar

NRK har dei seinaste åra inngått ei rekkje intensjonsavtalar for flytting av sine distriktskontor.

Sogn og Fjordane-kontoret kan takka farvel til Førde-kontoret sitt dersom dei etablerer Nynorskhuset med Firda og Sogn og Fjordane teater. Partane har allereie skrive under på ein intensjonsavtale.

Det er òg signert ein intensjonsavtale om å samlokalisera NRK sitt Trondheim-kontor med NTNU på Gløshaugen i Trondheim. Dermed kan Tyholt bli historie for statskanalen.

I Stavanger er ein i desse dagar i ferd med å sluttføra ein intensjonsavtale for å etablera ei medieklynge i Stavanger, kor NRK Rogaland vil slå følgje med mellom andre Stavanger Aftenblad. Dermed kan det bli aktuelt å selja NRK-bygget i Stavanger. Eit sal er likevel «ikkje nærståande», ifølgje Harald Haugerud i NRK.

Spesielt Tyholt-kontoret byrjar å bli «gammelt og slitt», seier tillitsvald Lars Erik Skjærseth i NRKJ Tyholt til Medier24.

Harald Haugerud føyer til:

– Eigedommen i Trondheim kan ha ein god verdi, gitt at ein får regulert til bustadbygging i ein eventuell salsprosess.

– Er dette god butikk for NRK?

– Det varierer litt frå tomt til tomt og kvar me får regulert. Me gjer det ikkje primært for god butikk, men fordi me skal ha hensiktsmessige lokale. Det er ikkje slik at NRK spekulerer i eigedom. Desse vart kjøpt ved behov for lenge sidan, og no har me litt andre behov, seier han.

NRK Møre og Romsdal skal i tillegg flytta frå sine lokale i Ålesund sentrum, men eig ikkje bygget sjølv. 

 

Vurderer å selja ytterlegare to

NRK kan i tillegg enda opp med å selja sine lokale i Fredrikstad og Tromsø.

– Kontoret i Fredrikstad har ingen stor marknadsverdi, men det er eit bygg me vurderer å kvitta oss med, men me har ikkje konkludert, seier Haugerud.

 

– Tromsø-kontoret er stort og byrjar å bli nokre år gammalt, men me har ikkje konkludert der heller, seier legg han til.

Klubbleiar Odd Skjerdal i NRKJ Østfold ser fleire oppsider med å flytta frå noverande lokale, som er eit gammalt sjukehus frå 1700-talet.

– Me har Noregs kulaste kontor, midt i gamlebyen, men etter 10,5 år finn eg stadig nye rom eg ikkje har vore i før. Det er mange krikar og krokar, så det kan bli lange avstandar mellom avdelingane. I tillegg kostar det sikkert litt med vedlikehald, straum og oppvarming, seier han til Medier24.

Likevel meiner han det er «mykje sjel» i noverande lokale.

NRK Nordland sitt nye lokale i Bodø sentrum. Her ved prosjektleiar Dag Olav Mosevoll og nyheitssjef Anders Dahl Johansen.

 

– Bokført tap i Bodø

I vår selde dei NRK Nordland sitt 3.000 kvadratmeter store bygg utanfor Bodø sentrum. Det bygget fekk statskanalen 30 millionar kroner for, får Medier24 opplyst av NRK.

– Den bokførte verdien på bygget var 2-2,5 millionar kroner meir enn me fekk for det. I så måte resulterte det i eit bokført tap for oss. Men det er ein teknisk detalj, og det var eit godt økonomisk sal ut frå marknadsomsyn, seier økonomidirektør Andreas Norvik i NRK til Medier24.

– Korleis vert kostnadane ved å leiga samanlikna med å eiga, på lang sikt?

– Det veit ein jo aldri. Det som driv vårt behov for å leiga er fleksibilitet, og me meiner det er fornuftig. Me er ikkje spekulantar, men har forvalta midlane frå eigedom så klokt at me har bygd opp verdiar av det, seier Norvik.

Ifølgje Harald Haugerud i eigedomsseksjonen betalte dei 23 millionar kroner for Bodø-bygget, i tillegg til at dei kjøpte deira eigen leigekontrakt med verdi på 27,5 millionar kroner.

– Kvifor ynskjer de å eiga, og ikkje leiga?

– Det er mange forhold knytt til det. Det eine er fleksibilitet, og så er det andre at fokuset til NRK er å laga godt innhald, og ikkje å ha fokus på god eigedomsdrift, seier Haugerud.

Powered by Labrador CMS