TIl venstre er fuglane på Burger King. Til høgre er journalist Andreas Høyer i Nordlys.

I to rundar nekta Mattilsynet innsyn i fuglevarsel mot Burger King: – Heilt uforståeleg, seier journalist

No legg Mattilsynet seg paddeflate. – Dette var ikkje god bruk av tid, seier dei.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I to rundar fekk Nordlys avslag på innsyn i bekymringsmelding mot Burger King. Det får journalist Andreas Høyer til å reagere sterkt.

– Me vart først nekta innsyn i to rundar, så eg trudde det var ei større sak enn to fuglar på Burger King. Det reagerer me på, seier Andreas Høyer, journalist og avdelingsleiar for TromsøBy-satsinga til Nordlys.

 

Avvist to gongar

Den 13. februar tok imot Mattilsynet ei bekymringsmelding frå ein anonym varslar med følgjande tekst:

Journalist Andreas Høyer i Nordlys.

«Vil varsle om uhygieniske forhold på spisested. 13.02.2019 ca 07.40 så vi to småfugler inne på Burger King i Tromsø sentrum, da det var stengt. Mulig at de har vært der inne hele natta.»

Vedlagt var eit bilete av dei to fuglane som hadde slått seg til ro på Burger King i Tromsø.

Då journalist Høyer såg dokumentet i postlistene, bad han om innsyn i det. Det fekk han blankt avvist, med tilvising til Offentleglova § 24 2. ledd, 2. punktum. Avisa klaga, og fekk nytt avslag, med denne grunngjevinga:

«Vi erfarer dessverre at bekymringsmeldinger brukes og misbrukes i nabokrangler og for kanskje å sverte brysomme konkurrenter osv, osv.»

 

– Ikkje god bruk av tid, seier Mattilsynet

Steinar Westerberg i Mattilsynet.

– Dei bruker Offentleglova heilt feil i utgangspunktet. Dei heimlar det med eit mogleg lovbrot – som er heilt feil. Det verkar heilt uforståeleg kvifor dei skulle nekte innsyn når ein ser kva dokumentet inneheld, seier Høyer.

– Det er vår oppgåve å vurdere dette. Det er ikkje Mattilsynet som skal avgjere om dette er ei sak for media.

Etter ein ny klage snudde Mattilsynet. Mattilsynets avdelingssjef i Helgeland, Steinar Westerberg, legg seg flat overfor Medier24.

– Dette vart feil. Eg veit ikkje heilt kva som har skjedd i denne saka, men det er nok basert på misforståingar og mangel på lokalkunnskap, seier han til Medier24.

– Slik som dette skal ikkje me uttrykkje oss, og det beklagar me. Det er ikkje god bruk av tid, og er heller ikkje normalen, legg han til.

 

– Gå ein ekstra runde. Det er viktig

Høyer tykkjer det er svært problematisk dersom offentlege etatar ta stilling til kva media skal skrive om og ikkje.

– Det er eit stort problem om offentlege etatar skal byrja å avgjere kva media skal skrive og ikkje. Media beviser gang på gang at me er gode på å vurdere om ting er ei sak eller ei. Dei har ikkje eit godt argument, seier ho.

– Det er ei god påminning til alle journalistar om å ikkje stoppe opp. Gå ein ekstra runde etter første avslag. Det er viktig, legg han til.

Han fortel at det er første gang han opplever liknande.

– Det er første gang eg opplever å få fullt avslag utan at det inneheld sensitive opplysningar, seier han til Medier24.

Powered by Labrador CMS