Det var etter FyllingenBergen sin heimekamp mot Haslum at trenar Andreas Gjeitrem gjekk ut på Twitter og kommenterte prioriteringane til bergensavisa.
«Ingen journalister fra BT intervjuet meg etter kamp i går. Flott tenkte jeg, nå har de fokus på spillerne. Så feil kan man ta, ikke en eneste utsendt journalist. Ikke ett eneste ord i dagens BT. Da er man takknemlig for at vi har BA. Ingen kjenner Bergen som BA», skreiv han.
– Ein må spegle interessa. Det gjer ikkje BT
Overfor Medier24 utdjupar han:
– Eg tykkjer den har blitt dårlegare og dårlegare dei siste åra. Ikkje berre for oss, men generelt andre idrettar som gjer det bra publikumsmessig, og som er i vekst – med stor interesse. Eg skal ikkje gjer det til ei klagesak for oss.
Gjeitrem legg til at sportsleiar i BT, Christian Nicolaisen, var raskt ute med å orsake overfor Gjeitrem at dei ikkje hadde ein medarbeidar til å dekkje kampen.
Slik forklarar Nicolaisen det:
– Eg har vore i kontakt med han, og i den konkrete kampen han viser til var det ein logistisk intern tabbe som gjorde at me ikkje var til stades. Det har eg forklart for han, seier Nicolaisen til Medier24.
Likevel meiner Gjeitrem avisa generelt ikkje er gode nok til å spegle breidda av idrettslivet i Bergen, og at det vert for stort fokus på fotball og Brann.
– Ein må spegle interessa. Det gjer ikkje BT, seier han.
Søk i analyseverktøyet Retriever viser at FyllingenBergen vart nemnt 48 gongar av Bergens Tidende i 2018. Det er det lågaste talet sidan klubben fekk namnet i 2010. Brann sin hovudtrenar, Lars Arne Nilsen, åleine vart nemnt 326 gongar av avisa same år.
Fleire reaksjonar
Det tykkjer òg BT-lesaren Svein Jansen som 26. januar hadde lesarinnlegget «BT peprer oss med Brann-stoff» på trykk i avisa. «Lider sportsjournalistene av fotballmani?» spurte han i innlegget.
Yngve Sundfjord, spelar i TIF Viking Volleyball, svarte Gjeitrem med følgjande kommentar på Twitter:
@volleyviking i same båt. Men Brann har vel starta sesongoppkøyringa no, så det skal vel rapporterast om Branns nye spiss likar eple- eller appelsinjuice best.
Nicolaisen i BT fortel avisa er nøydd til å gjere vurderingar basert på ressursar, og at sportsjournalistikken lokalt vil bli mindre prega av det terminfesta framover.
– Om me legg trafikk og sal til grunn, er min påstand at den tradisjonelle referatjournalistikken ikkje er blant sakstypane våre lesarar vil ha meir av, uavhengig kva idrettsarrangement me har skrive om, seier han.
– Bemanninga på sporten i 2019 er halvert dei siste fem åra. Me er nøydd til å prioritere litt kraftigare i likskap med resten av mediebransjen, legg han til.
Nicolaisen meiner likevel avisa går langt i å spegle det som skjer elles i idrettsbergen.
– Me har eit mål om å spegle det som skjer i Bergen. Me har hatt saker om symjing, e-sport, skating, idrettar med unge folk som gjer det bra, foreldretrening og bompengar, som angår ganske mange.
– Det er enkelte lag me følgjer tettare enn andre. Me har tre eliteserielag i handball, og sjølvsagt skal me følgje det. Dei har gode tilskodartal, så sjølvsagt skal me vere på kampar.