Andrea Rygg Nøttveit vert redaktør for nettavisa Framtida.no.
Andrea Rygg Nøttveit gjer comeback i journalistikken - vert redaktør for Framtida.no
Framtida.no får ny redaktør i april.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Andrea Rygg Nøttveit startar som redaktør i den nynorske nyhende- og debattavisa for unge, Framtida.no 1. april.
– Eg har stort engasjement for Framtida-prosjektet, som handlar om å gje ei stemme til dei unge og auke nynorskdelen på internett, seier påtroppande redaktør Andrea Rygg Nøttveit.
Ho har vore tilsett i Framtida sidan 2013. Den gong vart ho tilsett som språkjournalist, før ho seinare vart redaksjonsleiar for Oslo-kontoret.
Etter eit vikariat som kommunikasjonsrådgjevar i Grønn Byggallianse, søkte ho seg attende til redaksjonen som redaktør.
– Framtida.no er ein unik arbeidsplass med dyktige og engasjerte journalistar, som eg gler meg stort til å koma tilbake til og utvikla vidare, seier Nøttveit.
Nyheitsleiar Bente Kjøllesdal er konstituert som redaktør for Framtida.no fram til 1. april.
Andrea Rygg Nøttveit tek over stillinga etter Svein Olav B. Langåker, som er tilsett som dagleg leiar i Landsamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).
Han held fram som redaktør for Framtida Junior. Det er LNK som driv Framtida.no og Framtida Junior i samarbeid med ABC Startsiden.
– Det er veldig kjekt å få Andrea tilbake i redaksjonen som redaktør. Med den dyktige redaksjonen me har no, så er eg sikker på at framtida ser lys ut for Framtida.no, seier Svein Olav B. Langåker.