Framtida.no-journalist Andrea Rygg Nøttveit. og terrorsikta Philip Manshaus tilbake i 2015.

Fotograferte Philip Manshaus i 2015 – no vil «alle» kjøpe biletet: – Litt vanskeleg å selje det i tidleg fase

Nettavisa Framtida.no hadde det einaste redaksjonelle biletet av Philip Manshaus før han vart sikta for terror. På få dagar har over 56.000 lese saka kor han var intervjua.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I mars 2015 skreiv Framtida.no-journalist Andrea Rygg Nøttveit ei sak om litteraturelevar frå Oslo By Steinerskole som oppmoda lærarar til å gi elevane meir valfridom. I saka hadde ho intervjua 17 år gamle Philip Manshaus.

Lite visste ho om at same Manshaus 4,5 år seinare skulle bli sikta for drap og terrorforsøk. Allereie same kveld fekk Nøttveit vita at gjerningsmannen var personen ho sjølv hadde intervjua.

Kjapt etter melde riksmediene seg for å kjøpe biletet.

– Eg tykte det var litt vanskeleg å selje biletet i tidleg fase fordi eg var redd det skulle bli brukt i å identifisere han for tidleg. I tillegg var han mindreårig, seier journalist Nøttveit til Medier24.

– Eg må innrømme at eg ikkje hugsa han frå intervjuet, så eg måtte google han for å finne saka, seier ho vidare.

 

– Historisk interessant

Sidan Manshaus vart identifisert har trafikken på artikkelen skote i vêret. No er saka om litteraturelevane lese over 56.000 gongar dei siste dagane.

Redaktør Svein Olav Langåker fortel at fleire medium har spurt om å få kjøpe biletet. No har dei selt det til Dagbladet, NRK, VG, Budstikka og Scanpix.

Redaktør Svein Olav Langåker og journalist Andrea Rygg Nøttveit i Framtida.no

– Andre har teke kontakt og oppfordra oss til å ikkje slette saka – for å vise bilete av han for fire år sidan. Det er historisk interessant, seier Langåker.

Nettavisa har vore tydeleg overfor kjøparar at dei er nøydd til å skjere ut den andre personen som figurerer på et opphavlege fotografiet.

Document.no var blant nettavisene som var tidleg ute med å identifisere Manshaus. Dei brukte biletet til Framtida.no utan lov. Det likte Nøttveit dårleg.

– Då vart eg veldig irritert. Eg vert irritert på måten dei opptrer i slike saker. Det er spekulativt at dei går tidleg ut og identifiserer. Det kan i tillegg føre til at dei pushar andre på presseetikk.

Redaktør Hans Rustad i Document.no har tidlegare forklart overfor Medier24 kvifor dei identifiserte Manshaus allereie same kveld. Han stadfestar at dei tok biletet til Framtida.no utan lov.

«Det var etter at det dukket opp flere steder. I spesielle situasjoner blir ting delt. Vi tok det ned ja», skriv han i ein sms til Medier24.

 

– Riktig å ikkje la han styre showet

I forkant av terroråtaket publiserte Manshaus eit omfattande fotoalbum av seg sjølv på nettstaden Imgur, kor det var fritt for å laste ned bileta av han. Bileta vart brukt av fleire medium. Då han to dagar seinare stilte i fengslingsmøte i Oslo, hadde han gitt fotografane løyve til å både kringkaste og ta bilete under møtet. Media er dermed med på terroristen sin eigen strategi, sa professor Anne Gjelsvik ved NTNU til Dagens Næringsliv.

Nyheitsredaktør Frode Hansen i Dagbladet åtvara om å bli ein del av Manshaus sitt propagandaapparat. Det var blant årsakene til at Framtida valde å selje biletet til andre redaksjonar.

– Det var argumentet som avgjorde det. Biletet me har var eit redaksjonelt bilete kor han ikkje scenesette seg sjølv, seier redaktør Langåker.

Han får støtte av journalist Nøttveit:

– Me såg at bileta som var brukt tidlegare var hans eigne pr-bilete. Då vart det riktig å ikkje la han styre heile medieshowet, seier ho.

Nøttveit legg til:

– Det var tydeleg at VG og NRK var veldig merksame på at sjølv om dei hadde hans eigne bilete, ville dei ha det einaste andre som låg ute.

 

Christina Dorthellinger Nygaard er redaktør og leiar for visuell kommunikasjon i nyheitsbyrået NTB.

NTB: – Viktig med redaksjonelle bilete

Christina Dorthellinger Nygaard, redaktør og leiar for visuell kommunikasjon i NTB, seier til Medier24 det var viktig å få eit redaksjonelt bilete av Manshaus.

– Me lasta ned ei rekkje bilete frå hans Facebook-profil, som me ikkje valde å formidle. Då han først vart sikta for terror, brukte me bileta som var tilgjengeleg og som me meinte bar preg av å vere daglegdagse, og ikkje oppstilte, seier ho til Medier24.

– I vår verd er det viktig med redaksjonelle bilete, og det jakta me tidleg. Då me fant det, kjøpte me det så raskt me kunne og formidla det vidare. Me ynskjer ikkje å bruke bilete som nokon kanskje har lagt ut for nettopp å drive eigen propaganda

Dorthellinger Nygaard seier at dei òg var varsame med video frå fengslingsmøtet.

– Me ynskja å sende direkte, men me ville ha kontroll på det. Difor tok me opp videoen og gjekk gjennom det redaksjonelt før me publiserte.

Powered by Labrador CMS