Teksten er først publisert på Vox Publica
I 2015 var verdien av momsfritaket for aviser ifølgje Finansdepartementet 1,5 milliardar kroner. Momsfritaket er grunngjeve med eit ønskje om å støtta ytringsfridom og norsk språk.
I 2009 gjekk likevel over ein femtedel av den indirekte pressestøtta i lomma på nynorskdiskriminerande VG, som har redaksjonelt forbod mot nynorsk.
Denne summen utgjer om lag det same beløpet som den samla direkte pressestøtta, produksjonstilskotet, som går til 149 aviser. I 2015 var denne støtta på 303 millionar.
Det er merkverdig at riksaviser som kneblar sine journalistar og steng ute eit av to jamstilte norske skriftspråk, skal støttast med slike summar når dei openbart ikkje lev opp til forventingane som ligg til grunn for fritaket.
Det nyttar ikkje å kasta om seg med språkpolitiske mål og ønske om å styrkja nynorsk. Om media ikkje vil sjå sitt språklege ansvar sjølv, må staten komma med tiltak.
Nyting utan yting
I 2009 fekk dåverande styremedlem i Språkrådet, Tor Fuglevik, publisert debattinnlegget Statsstøttet diskriminering i Dagens Næringsliv, ei av riksavisene som steng ute nynorsken.
Han ville at Stortinget skulle nytta handsaminga av stortingsmeldinga Mål og meining til å ta eit oppgjer med diskrimineringa som Sylfest Lomheim har omtalt som ei «institusjonalisert diskriminering av eit språk som allereie står svakt.»
Diskrimineringa i riksmedia er særleg problematisk, likevel er det riksavisene VG, Aftenposten, Dagbladet og Dagens Næringsliv som tener mest på momsfritaket.
Alle forbyr nynorsk på redaksjonell plass, og vel slik å nyta utan å yta.
VG har i tillegg fått merksemd for å gje att eit Frode Grytten-dikt på bokmål, og Aftenposten har fått merksemd for å omsetja nynorsk-tekstar frå sine samarbeidsaviser til bokmål, til dømes intervju med Jon Fosse.
Desse avisene driv altså eit aktivt arbeid mot nynorsk, til trass for at ein burde venta det motsette så lenge dei nyt godt av momsfritaket.
At ei støtte som er til for å styrkja ytringsfridomen og skriftspråka våre finansierer omsetjing frå nynorsk til bokmål, gjer det tydeleg at momsfritaket òg kan gå mot si hensikt.
Handling må til
I Soria Moria-erklæringa frå 2005 blei dei raudgrøne regjeringspartia samde om at staten måtte ta ansvar for å leggja til rette for meir likeverdige vilkår mellom dei norske skriftspråka.
Ein blei òg samd om at ein politikk som er tufta på eit oppriktig ønskje om å sikra levande norsk skriftkultur, må omfatta tiltak som er særleg innretta på å støtta nynorsk språk.
I Språkrådet sin rapport Norsk i hundre! er det skrive at staten ved å støtta media, òg må kunna stilla språklege krav om bruk av nynorsk.
Men i Mål og meining, som byggjer på Soria Moria-erklæringa og Språkrådet sin rapport, la departementet berre fram at dei «ventar at riksdekkjande aviser i større grad gjev høve til å nytta nynorsk på redaksjonell plass».
I den same meldinga er det fastsett eit behov for eit meir heilhjarta og systematisk arbeid for å styrkja nynorsk. Men viljen til å gjera noko for å følgja opp dette behovet, er fråverande. Det er ikkje nok å venta, det har òg regjeringa fastsett, og ein kan spørja seg kor det blir av tiltaka.
Staten støttar vond sirkel
Staten greier ikkje eingong å følgja opp Grunnlova slik støtteordningane er i dag. I § 100 står det at «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte».
Men ved å støtta riksaviser som nektar journalistane sine å nytta nynorsk, støttar staten snarare ein vond sirkel som bidrar til dårlege haldningar til nynorsk, og til usikkerheit kring eige språk. Det sistnemnte gjeld særleg unge nynorskbrukarar som gjerne går over til bokmål etter kvart som dei blir eldre, men òg andre målfolk har behov for å møta eige språk.
Språkrådet skriv i sin rapport at ein ikkje må undervurdera massemedia si betyding som arena for framvising av språk og språk sin status. Her blir det òg peika på at språkbruken i media påverkar folk sine språkvanar, og at utestenging av nynorsk frå riksaviser har negative verknadar på den offentlege samtala på norsk.
Ettersom samfunnsutviklinga tenderer til å redusera oppslutninga kring det minst brukte språket, er eit høgt tal på nynorskbrukarar eit viktig grunnlag for å styrkja posisjonen til nynorsk.
Det er difor viktig med tiltak som kan leggja til rette for at så mange som råd kan og vil nytta nynorsk. Eit tiltak som går ut på å stoppa støtta til nynorskdiskriminerande riksaviser ville verka positivt med tanke på rekruttering av nynorskbrukarar.
Samstundes ville tiltaket verka proaktivt med tanke på å motverka usikkerheit kring eige språk, og utviklinga av dårlege haldningar til nynorsk, som bidrar til det førstnemnte. Slik ville tiltaket igjen gjort det offentlege ordskiftet både meir ope og opplyst.
Eit språk som riksavisene skjøner
Det står mykje fornuftig i Norsk i hundre! og Mål og meining, men i sistnemnte er det ikkje lagt fram forslag om kutt av støtte til nynorskdiskriminerande riksaviser.
No må staten visa at det meinast alvor med språkpolitikken. Ein kan ikkje ausa ut fleire hundretals millionar kroner til riksaviser som kneblar journalistane sine, og som ikkje bidrar til å styrkja norsk språk, forstått som både bokmål og nynorsk.
Noko av det som ligg til grunn for momsfritaket er trass alt at media skal bidra til å styrkja desse skriftspråka.
Det å stoppa støtta til riksaviser som steng ute nynorsk vil heller ikkje vera eit inngrep i den redaksjonelle fridomen til pressa, som enkelte hevdar.
Om det ikkje hadde vore for ønsket om å styrkja ytringsfridomen og det norske språk, så ville ikkje aviser hatt momsfritak, så eit krav om motyting bør ikkje vera så kontroversielt.
Tiltaket vil såleis berre vera eit inngrep i støtteordningane til pressa, ikkje i deira redaksjonelle fridom. Eg meiner ikkje at staten skal tvinga momsfritaket på riksavisene.
Tiltaket vil verka oppmodande, det handlar berre om å nytta eit språk som riksavisene skjøner.