Nyleg vart det kjent at Helle Vaagland sluttar som redaksjonssjef for Dagens Næringsliv sitt magasin D2 etter at tilsette i avisa fekk tilbod om sluttpakkar.
No er det klart at Anders Kemp, som har vore med i D2 sidan det vart starta opp for 12 år sidan, vert produkteigar – og øvste ansvarleg for D2.
– Det er spanande tider i møte, eg likar å vera i angrepsposisjon, og eg ser mange moglegheiter for D2. Me lagar mykje god feature-journalistikk som kan gå godt digitalt, seier han til Medier24.
Kemp vert den første mannlege D2-sjefen. Han rosar redaksjonen sin, som «alltid har fått mykje skryt for fine bilete og det visuell», og legg til:
– Men det er litt underselt at vår vesle redaksjon har tre Hestenes-prisar i Kristiane Larssen, Simen Gonsholt og Nils Anker. Me har definitivt fleire av dei sterkaste pennane i landet – i ein livsstils- og featureredaksjon. Det gir gode moglegheiter.
– Enorme utfordringar
Han seier det er tidleg å seia om lesaren vil merka store endringar i magasinet, men legg til:
– Mykje av målet blir nok å bevara det beste med D2. Det er litt difor eg har vore interessert i jobben, og så kjenner eg DNA-et til D2 godt.
– DN står midt i ein nedbemanning- og omstruktureringsprosess. Korleis ser du på oppgåvene?
– Det er enorme utfordringar. Me skal laga meir stoff – med færre folk. Me skal bli betre digitalt, samstundes som me skal halda på merkevara D2 har på print. Det er definitivt ei tid for å bretta opp ermane, seier han.
Strålande nøgd redaktør
Live Fedog Thorsen, fersk redaktør historieforteljing og livsstil i Dagens Næringsliv, er nøgd med å få på plass Kemp som ny sjef.
– Me er strålande nøgd med å få Anders Kemp som D2-sjef. Han har vore med sidan starten og få kjenner D2 betre enn nettopp han. Han har solid kompetanse, er sterk på det visuelle, er oppteken av at DNs forteljande journalistikk skal få større gjennomslagskraft og har teft.
– Eg er trygg på at han kan styrka merkevara og løfta den vidare. Og så er det gøy med endeleg ein mannleg D2-sjef, seier ho.