Petter Northug, her på pressekonferansen då han fortalde at han legg opp som langrennsutøvar.Ole Martin Wold / NTB scanpix
Dobbeltroller:
TV 2-Northug har signert ny avtale med Skiforbundet: – I strid med Ver Varsam-plakaten
– Mange hattar i studio, meiner Anders Graver Knudsen ved OsloMet om Petter Northug si dobbeltrolle. No skal TV 2 diskutere framtida til det pensjonerte skiesset.
Nyleg vart det kjent at Petter Northug signerte ein avtale med Norges Skiforbund som inneber både kommersielle og sportslege samarbeid. Det skjer samstundes som den tidlegare skistjerna er langrennsekspert for TV 2, kor han har jobba sidan han la skia på hylla.
Med sin nye avtale blir han sportsbrilleleverandør for Norges Skiforbund med sin rykande ferske brillekolleksjon. Ifølgje TV 2 er avtalen verd millionbeløp. I tillegg skal han bidra med talentutvikling i forbundet.
Anders Graver Knudsen, førstelektor ved journalistutdanninga ved OsloMet, meiner den pensjonerte skistjerna sine nye oppgåver ser ut som «ei salig rolleblanding».
– Det er i strid med fleire punkt i kapittel to i Ver Varsam-plakaten. Det er ei utfordring for TV 2, seier han.
Graver Knudsen var emneansvarleg for sportsjournalistikk på OsloMet frå 2014 til hausten 2018, som var siste semester før emnet forsvann frå høgskulen.
Må vere open om bindingane
Det er tidlegare kjent via VG at Northug gjorde kommersielle oppdrag for Skiforbundet då han var ekspert under VM i Seefeld i vinter. Den avtalen gjekk ifølgje avisa ut i mai. Men no får Northug altså nye roller for Skiforbundet.
– No har han både kommersielle bindingar i tillegg til ei potensiell trenarrolle innanfor noko han skal kommentere. Det er ei opplagt rolleblanding som TV 2 må ha ein tydeleg idé om korleis dei skal handtere, seier Graver Knudsen.
– Skal tv-ekspertar vurderast som redaksjonelt tilsette?
– Det er eit godt spørsmål. Formelt sett gjer dei stort sett ikkje det, så det stiller store krav til dei redaksjonelle medarbeidarane i TV 2 som må vere kritiske og tydeleg på hans rolle. Dei må tora å vere kritiske til både Northug sine påstandar og dekkje sporten kritisk, sjølv med han på laget.
– Første steg er å verre open og tydeleg om bindingane som kommentatorane har. No sit Northug med mange hattar i studio.
Skal diskutere framtida
I ein e-post til Medier24 skriv Vegard Jansen Hagen at dei skal ha eit møte med Northug kor dei skal diskutere framtida.
«Vi skal ha et snarlig møte med Petter og hans manager der vi oppsummerer vår første sesong sammen og legger planene for den neste. Endringene som har oppstått underveis, som at Northug har blitt utstyrsleverandør for skilandslaget, vil være en naturlig del av de diskusjonene, men jeg skal ikke forskuttere utad hva vi gjør, for dette er ryddigst at vi tar med Petter selv først», skriv Jansen Hagen.
Han held fram:
«Vi er veldig fornøyd med det Petter har levert i TV 2 til nå. Fra innspillingen av den store underholdningssatsingen "Landskampen" til Camp Seefeld og Ekstremsportveko har Petter vist at han kan gjøre mange ting i TV 2 og vil kunne være en svært verdifull medarbeider for oss fremover i ulike roller.»
Northug vil ikkje kommentere
Medier24 har vore i kontakt med Northug sin manager, Terje Hallan, som seier at dei ikkje ynskjer å kommentere saka.
Det var den 18. august at Skiforbundet gladleg kunne proklamere «Petter Northug tilbake på langrennslaget» på sine nettsider.
– At Petter stadig brenn for skiidretten og vil bidra til utvikling av norsk langrenn tykkjer me er utruleg morosamt og inspirerande, er langrennssjef Espen Bjervig sitert på i pressemeldinga.
Avtalen inneber at trenarar, støtteapparat og utvalde løparar i norsk langrenn vil bruke Northug sine «Northug Multisportbriller» frå hans ferske solbrillekolleksjon.
I tillegg skal han for forbundet ha ei mentorrolle «overfor unge, lovende skitalenter i utvalgte formål som Northug og Skiforbundet vil avklare nærmere».
– Me jobbar for å finne ulike prosjekt Northug skal bidra i. Me har ikkje funne ut heilt konkret kva han skal gjere enno, seier medieansvarleg for langrenn i Norges Skiforbund, Gro Eide, til Medier24.