Sportsjournalist Ida Rasch i NRK og P3-programleiar Markus Neby.

Via fire minuttar til «P3 Gull» i sportsending: – Samanblanding av eigen­reklame og journalistikk

– Ser ut til at dei anten ikkje kjenner Ver Varsam-plakaten eller gir blaffen, seier professor Svein Brurås. – Ikkje redaksjonelt eller presseetisk problematisk, svarar NRK.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I NRK si studiosending etter 10 km verdscup i kombinert frå Ruka var P3-programleiar Markus Neby invitert for å snakka om P3 Gull, som skulle sendast på NRK same kveld. Det skjedde etter at Norge hadde teke både gull og bronse i tevlinga.

– Du er her fordi det er sjølvaste 17. mai, julaftan og alt på ein gang for P3 i dag, nemleg P3 Gull, sa studiovert Ida Rasch til Neby, etterfølgt av drygt 3,5 minutt med førehandsomtale av musikkprogrammet.

 

– Ingen journalistisk relevans

NRK fekk nyleg kritikk av etikkekspert og professor Svein Brurås ved Høgskulen i Volda for sin massive omtale av eigne program på sine nyheitsflater

– NRK har eit sterkt behov for å pussa støv av Ver varsam-plakaten sitt punkt 2.7, sa Brurås til Klassekampen i oktober.

SVEIN BRURÅS, professor ved Høgskulen i Volda.

I det punktet heiter det nemleg at «journalistisk omtale av produkt, tenester, merkenamn og kommersielle interesser, også mediets eigne, skal vere journalistisk motivert og ikkje stå fram som reklame. Oppretthald eit klart skilje mellom marknadsaktivitetar og redaksjonelt arbeid».

– Dette er det stikk motsette av å skilja mellom marknadsaktiviteter og redaksjonelt arbeid, seier Brurås til Medier24 om P3 Gull-innslaget.

– Dette er ei openberr samanblanding av eigenreklame i journalistikk. Det ser ut til at dette går over i kvarandre. Dette er eit fem minuttars innslag med reklame for NRK-program med ingen journalistisk relevans for kombinertsendinga, seier han vidare.

 

NRK: – Misforstått

Sportsredaktør Egil Sundvor i NRK avfeiar kritikken.

– Det er ikkje redaksjonelt eller presseetisk å snakka om P3 Gull når dei har ei svær sending om det seinare på kvelden.

– Eg trur ekspertane har misforstått bakgrunnen for punkt 2.7 i VVP. Hensikta er å unngå å oppmoda til kjøp, på redaksjonell plass, og at skiljet mellom redaksjonelt og kommersielt innhald vert viska ut, legg han til.

Sportsredaktør i NRK, Egil Sundvor.

Han peiker på at det er lov dersom det er journalistisk interessant.

– I studioet kunne ein høyra P3 Gull øva til programmet, og då var det veldig naturleg og relevant både å formidla bakgrunnen for det og ha ein gjest frå P3 på besøk for å fortelja kva P3 Gull er. Han fortalde også om sitt forhold til vintersport i helgene.

Han viser til at dei gjer det same under sjakksendingane.

– Der hentar me inn gjestar med interesse for sjakk og som kanskje har eit skråblikk på det.

– Men forstår du at det vert reagert på når ein snakkar meir om P3 Gull enn kombinert?

– Dette er ei vintersportsending frå ni på morgonen til sju på kvelden. Det er ei studiosending med gjestar og ekspertar, både dei som er utøvande og dei som ser på det og let seg gleda av vinterhelga- og idretten.

 

Anders Graver Knudsen ved OsloMet.

Eigenpromotering

Medier24 har i samband med laurdagens innslag prata med fleire uavhengige fagpersonar for å få vurdert innslaget opp mot punkt 2.7 i Ver Varsam-plakaten.

– Eg forstår kvifor dei plasserer eigenpromoteringa i ei slik studiosending, men det er opplagt ikkje noko journalistisk link der, seier førstelektor Anders Graver Knudsen ved OsloMet til Medier24. Han har mellom anna undervist i sportsjournalistikk.

Graver Knudsen blir likevel ikkje opprørt, seier han vidare.

– Men innslaget er langt, så det er noko med omfanget. Dei går djupt inn i eit anna program, og involverer i tillegg gjestane i studio. Dei koplar kombinertsendinga og P3 Gull tett mot kvarandre. Dei kunne hatt eit uavhengig innslag, men her forsøker dei å legitimera det ved å bruka deltakarane som allereie er der, seier han.

Jon Martin Larsen, høgskulelektor ved journalistikkstudiet til Høyskolen Kristiania, meiner det er naturleg og bra at ei stor musikkhending som P3 Gull vert rikeleg dekkja av både NRK og andre medium.

– Samstundes understrekar Ver Varsam-plakaten sitt punkt 2.7 at promoteringa skal vera journalistisk motivert og ikkje stå fram som reklame, og slik sett så strekk NRK i nokre grenser når dei inviterer ein P3-programleiar til ei sportsending for å snakka om P3 Gull i fleire minuttar, sjølv om han i starten får intervjua nokre sportskjendisar òg, seier han.

Jon Martin Larsen, høgskulelektor ved journalistikkstudiet til Høyskolen Kristiania.

 

Spent på journalistisk insentiv

Larsen har røynsle som journalist og er tidlegare sjefredaktør i Akershus Amtstidende.

Han meiner innslaget er eit godt døme på at NRK og TV 2 hyppig inviterer egne folk til ulike program for å promotera seg sjølv, sine program og nyheiter om eigen person.

– Det kan godt vera at dei aller fleste tilfella dette skjer så er det ok og journalistisk motivert, men eg er òg spent på å få høyra det journalistiske insentivet til at Markus Neby deltok i ei sportsending. Det har sikkert NRK eit godt svar på.

Brurås er hakket meir kritisk enn Larsen.

– Dersom NRK har slutta seg til norsk presseetikk ser det ut til at dei anten ikkje kjenner Ver Varsam-plakaten eller gir blaffen.

Powered by Labrador CMS