Skjermdump av TV 2-innslaget med Amund Røsås på 21-nyheitene fredag kveld.

Kanalen beklagar:

Mann rasande på TV 2 etter hytte­innslag: – Fram­stilte meg som riks­idiot

Amund Røsås frå Oslo meiner TV 2 feilaktig framstilte han som ein som «gir blaffen» i helsemyndigheitene sine råd om å halda seg heime. No legg TV 2 seg flate og beklagar.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Eg har fått stygge meldingar, og det har vore eit helvete sidan reportasjen vart sendt, seier Oslo-bebuar Amund Røsås til Medier24.

Det var like klokka før 14 fredag ettermiddag at Røsås vart stoppa av ein TV 2-reporter utanfor Kiwi-butikken eit steinkast frå sin nykjøpte leilegheit på Sjusjøen han skulle overta.

Journalisten spurte om han kunne stilla han nokre spørsmål på video, og det sa han ja til. På spørsmål om han var uroa for auka korona-smittefare av at folk reiste på hytteferie, svarte han «ja, sjølvsagt», seier Røsås til Medier24.

På 21-nyheitene same kveld viser kanalen intervjuet med Røsås i samband med ein reportasje om at folk trassar helsemyndigheitene sitt råd om å ikkje dra på hytteferie, som følgje av mangel på helsepersonell i mindre kommunar.

 

– Forferdeleg

Rådet frå helsedirektør Bjørn Guldvog kunne derimot ikkje Røsås ha fått med seg – då det kom først etter intervjuet vart gjort. Etter å ha sett innslaget, og fått ein straum av negative tilbakemeldingar i ettertid, rykka Røsås ut på Facebook for å forklara situasjonen.

«TV2 har koblet innslaget på kvelden til et helt annet spørsmål jeg ble stilt tidligere på dagen. Hadde hele innslaget blitt vist, så hadde jeg ikke blitt fremstilt som en som ikke tar ansvar. Jeg har svart på et spørsmål som TV2 senere har endret. Hadde spørsmålet vært: "Hvorfor følger du ikke helsedirektørens råd om å holde deg hjemme?", så hadde jeg selvsagt svart at jeg skulle overta en leilighet og deretter kjøre hjem igjen», skriv Røsås på Facebook.

 

TV 2 beklagar

Nyheitsredaktør Karianne Solbrække i TV 2.

Nyheitsredaktør Karianne Solbrække i TV 2 tek sjølvkritikk på kanalen sine vegner, og beklagar at han vart feil framstilt.

– Me beklagar at me framstilte Røsås sitt opphald på Sjusjøen feil. TV 2 var på reportasjetur på Sjusjøen fordi fleire kommunar i forkant hadde bede folk halda seg unna hyttene sine på fjellet. Intervjuet vårt med Røsås vart derimot gjort tidlegare på dagen, før helsedirektøren gjekk offentleg ut og åtvara mot reise. Dermed vart det i reportasjen framstilt som om Røsås trassa forbodet. Me burde òg informert om at han var der i samband med ei lenge planlagt overtaking av ein leilegheit, seier Solbrække til Medier24.

 

– Svært skadeleg 

Overfor Medier24 forklarar han:

– Det er forferdelege greier. Eg har blitt framstilt som ein riksidiot, seier Røsås.

– TV 2 har kopla intervjuet med meg med rådet frå helsemyndigheitene og klippa det heilt feil. No blir eg eit døme på dei som gir blaffen, seier han.

– Dett er svært skadeleg for meg, då eg driv sjølvstendig konsulentverksemd og er avhengig av tillit og truverd. Dette kan få store konsekvensar for meg, legg han til.

Røsås driv selskapet Betre Økonomi.

Skjermdump av TV 2-innslaget med Amund Røsås på 21-nyheitene fredag kveld.

 

Vurderer PFU-klage

No kjem Røsås til å halda seg innandørs i frykt for å bli kjent att, men må bli i leilegheita, og ha heimekontor, då den skal leigast ut til veka.

Medier24 har sett døme på ufine meldingar som er sendt Røsås.

Oslo-mannen sa først at han vil klaga kanalen til Pressens Faglige Utvalg (PFU). Etter å ha høyrd beklaginga  er han meir i tvil, og vil bruka søndagen til å vurdera det nærare.

– Kva  tenkjer du om at dei beklagar?

– Det tenkjer eg er heilt på sin plass. Noko anna kan dei vel ikkje gjera akkurat no. Eg er nøgd med at dei beklagar på 21-nyheitene i kveld.

 

Beklagar i 21-sendinga

Solbrække forklarar feilen med dårleg kommunikasjon.

– Dette er ein glepp, seier ho.

– Vil de beklaga offentleg?

– Ja, me vil beklaga under vår 21-sending i kveld (laurdag, journ.anm.).

– Han sa han vil klaga TV 2 til PFU. Kva tenkjer de om det? 

– Ein kvar må få klaga til PFU, dersom dei følar seg dårleg behandla av media. Det står han sjølvsagt fritt til å gjera. Så håpar eg at beklaginga vår i kveld, og denne saka på M24, vil bøta på det som er gjort.

– Vil TV 2 jobba meir nøye med rutinane sine framover?

– Me har allereie gode rutinar, og dei kan alltid bli betre. Me forsøker å gjera så godt me kan, men feil kan skje. Det me kan gjera no, er å retta opp og beklaga det som er sagt.

Powered by Labrador CMS