Amund Djuve, sjefredaktør og administrerande direktør i Dagens Næringsliv.Ole Alexander Saue
Kjelder til Medier24:
Styreleiar Djuve langa ut mot Morgenbladet-tilsette i internt DN-møte
Styreleiar i Morgenbladet, Amund Djuve, skal ha kalla Morgenbladet-journalistane for «anarkistiske individualistar». – Humoristisk beskriving, seier Djuve til Medier24.
NHST sitt profittkrav til avisa har også utløyst stor frustrasjon blant dei tilsette. NHST eig i tillegg Dagens Næringsliv, som også går gjennom ein nedbemanningsprosess. DN-redaktør Amund Djuve er styreleiar i Morgenbladet.
«Anarkistiske individualistar»
I eit allmøte i DN-redaksjonen fredag skal journalistar ha spurt sjefredaktør Amund Djuve om situasjonen i Morgenbladet, får Medier24 opplyst av ei rekkje kjelder. Tilsette skal ha lurt på om ein liknande situasjon kunne ha oppstått i DN.
Det skal Djuve ha avvist med at det er ein «annan kultur» i Morgenbladet. Då han fekk beskjed om å utdjupa det skal han, spøkefullt, sagt at det ikkje er lurt å seia høgt fordi det vil bli lekkja uansett. Vidare skal Djuve ha sagt at journalistane i Morgenbladet er ein gjeng som vil driva på dugnad, at dei trur dei ikkje treng leiarar, og at dei ikkje veit korleis bedrifter skal styrast.
Ifølgje fleire uavhengige kjelder skal han ha kalla Morgenbladet-tilsette for «anarkistiske individualistar».
Kjelder Medier24 har snakka med skal ha opplevd redaktøren som usedvanleg krass i karakteristikkane, og folk skal ha reagert med både latter og heva augebryn.
Djuve til Medier24: «Humoristisk beskrivelse»
Medier24 har stilt Djuve ei rekkje spørsmål på e-post om skildringa frå redaksjonsmøtet er riktig, kva han eventuelt meinte med kommentarane, og om han fortsatt står ved beskrivingane.
«Jeg har ikke lyst til å gå i detalj om hva jeg sier på interne møter, men på dette møtet forsøkte jeg meg med en humoristisk beskrivelse av forskjellene i kulturene i de to publikasjonene. Det er ikke sikkert det var riktig form.
Til tross for min uhøytidelig tone på interne DN-møter, tar jeg situasjonen i Morgenbladet på det dypeste alvor», skriv han.
I e-posten held Djuve fram:
«Staben i Morgenbladet består av hardtarbeidende dyktige medarbeidere, som har lyst til å gi leserne en best mulig avis. Journalistene leverer særdeles velskrevne og innsiktsfulle artikler som får leseren til å føle seg litt klokere. De klarer hver uke å få meg interessert i problemstillinger og temaer jeg knapt har hørt om før. Morgenbladet er en god og viktig avis.
For tiden er det et veldig vanskelig arbeidsmiljø i bedriften, og jeg håper ledelsen og redaksjonsklubben sammen kan finne en vei ut av dette.»
Medier24 stilte òg spørsmål til om han vil halda fram som styreleiar i avisa. Til det svarar han:
«Jeg fortsetter som styreleder.»
– Idealisme som kanskje er framand i NHST
Klubbleiar Jo T. Gaare i Morgenbladet er ikkje samd i kritikken som kjem frå styreleiar Djuve.
– Dersom alt dette stemmer, kan eg godt fortelja korleis Morgenbladet skil seg frå andre aviser. Denne samlinga høgt kvalifiserte journalistar brenn for avisa på ein annan måte enn det som er vanleg i mediebransjen. Det Morgenbladet som lesarane kjenner, har vore mogleg å laga med store dosar ekstra innsats og vilje til å gå dei ekstra mila som trengst for å laga best mogleg kvalitetsjournalistikk ut av små ressursar. Me jobbar ikkje berre for pengane, men brenn for avisa med ein idealisme og som kanskje er framand i NHST-kulturen, seier Gaare til Medier24.
Han held fram:
– Dersom det stemmer at styreleiar Djuve trur at me ikkje treng leiarar, tek han feil. Me har heile tida etterlyst ei betre leiing av avisa. Og det er faktisk ikkje vår jobb å forstå korleis ei verksemd skal styrast. Det er det me har eit styre til.
– Kan det vera at de sjølv er med på å skapa meir dårleg stemning enn det allereie er?
– Alt me gjer, gjer me av kjærleik til avisa. Me forstår at me har nytta oss av harde verkemiddel, men me har gjort det fordi me er alvorleg bekymra for framtida til ein 200 år gammal kulturinstitusjon, seier Gaare.
– Kva tenkjer du at den offentlege kritikken av Jenssen kan gjera med synet på Morgenbladet for framtidige tilsette og ein eventuell ny redaktør og leiing?
– Eg håpar folk forstår at arbeidsmiljøet blant dei tilsette i Morgenbladet eigentleg er utruleg godt, og at me faktisk er ein glad, samansveisa gjeng til trass for krasse kritikkar på utsida i det siste. Igjen, me ynskjer berre det beste for avisa, og framtidige tilsette treng ikkje vera redde for ei slik haldning, seier Gaare.
Sjefredaktør Anna B. Jenssen i Morgenbladet har ikkje svart Medier24 sine spørsmål i samband med denne saka.