– Diskerud finn seg sjølvsagt ikkje i å bli karakterisert som korrupt. Det er ei klar og uriktig skulding som han meiner DN må beklaga og betala erstatning for. Påstanden er utan dekning, seier Diskerud sin advokat, John Christian Elden, til Medier24.
Han opplyser at søksmålet no berre gjeld sistnemnde artikkelserie, om mogleg korrupsjon.
Diskerud krev inntil tre millionar kroner i erstatning og oppreisning.
Meiner DN la trykk på kommunen
DN skreiv i november 2014 at Tinn kommune melde selskapet Rjukan Technology Center (RTC), kontrollert av Diskerud og hans familie, til Økokrim for mogleg korrupsjonsforsøk. Bakgrunnen er at selskapet ifølgje DN skal ha tilbode næringssjefen i Tinn kommune både jobb og bonusar i prosent av det han klarte å skaffa selskapet i offentleg støtte.
I stemninga til Oslo tingrett avviser Elden at selskapet skal ha tilbode næringssjefen prosentar av støttemidlane. Han skriv at støttemidlane først vart tema etter at næringssjefen hadde takka nei til jobb i selskapet.
Vidare peiker Elden på at DN publiserte opplysingane om brevet til Økokrim før kommunen faktisk hadde sendt det.
«[Det fremgår] klart hvordan DN likevel trykket på for å få kommunen til å sende brev til Økokrim», skriv Elden i stemninga.
Elden meiner brevet frå Tinn kommune ikkje kan reknast som ei melding.
«Det forelå rent faktisk ikke noen anmeldelse», heiter det vidare.
Sjefredaktør og administrerande direktør Amund Djuve i Dagens Næringsliv seier til Medier24 at dei tek saka med stor ro.
– Det me skreiv i 2014 var god og viktig journalistikk, og eg trur og håper at også retten vil vera samd i det, seier han.
Advokat Vidar Strømme representerer avisa i saka.
– Eg meiner DN har sine ord i behald. Ei melding har ingen fast definisjon, og poenget er at ein ber politiet etterforska noko. Så vidt eg kan sjå er det det som er gjort her, seier Strømme, og legg til: