Gard L. Michalsen, sjefredaktør og adm. direktør i E24.

E24-Gard «møter seg sjølv i døra»: Berre menn i redaksjonsleiinga

Knapt nokon har skrive meir om dårleg kjønnsbalanse i norske medium enn E24-redaktør Gard Michalsen. No består hans eiga redaksjonsleiing av fire menn og ingen kvinner.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Eg er spent på kva E24-redaktøren seier til dette. Han er jo blant dei som har skrive mange saker om temaet tidlegare, seier Dagens Næringsliv-redaktør Amund Djuve til Medier24.

Og det har han rett i. Tidlegare Medier24-redaktør, Gard Michalsen, som sidan august i fjor har vore redaktør og administrerande direktør i E24, har skrive ei lang rekkje kritiske saker om dårleg kjønnsbalanse i norske medium.

Sjefredaktør og administrerande direktør Amund Djuve i Dagens Næringsliv.

 

– Møter meg sjølv i døra

Då han tysdag presenterte Lars Håkon Grønning som ny nyheitsredaktør i E24, står han sjølv med ei redaksjonsleiing beståande av berre menn. Grønning tiltrer seinare i haust.

– Dermed møter eg meg sjølv i døra. Det er altfor dårleg, og i løpet av det siste året har ikkje kjønnsbalansen blitt betre. Tvert imot har den blitt dårlegare, seier Michalsen til Medier24.

– Er det ekstra pinleg sidan du har vore så kritisk til dette sjølv?

– Pinleg er det ikkje, men eg har ingen problem med å innrømma at det ikkje er godt nok, seier Michalsen til Medier24.

Michalsen gir redaktørane rett

No gir han redaktørane og direktørane han tidlegare har intervjua rett i at ein svak kjønnsbalanse ikkje kan rettast opp over natta.

– Kjønnsbalansen bør ikkje sjå slik ut i løpet av dei neste åra. Uansett om det er i redaktør- eller desk- og nyheitssjefleddet må me rekruttera fleire kvinner framover. Over tid kan me ikkje leva med ein slik balanse, men dette er eit langsiktig arbeid.

E24 (0 av 4 er kvinner):

  • Gard L. Michalsen, sjefredaktør og administrerande direktør
  • Lars Håkon Grønning, nyheitsredaktør (ny)
  • Øyvind Henriksen, magasinredaktør
  • Andreas Fosse, utviklingsredaktør

 

FINANSAVISEN (1 av 6 er kvinner):

  • Trygve Hegnar, ansvarleg redaktør
  • Steinar Grini, redaktør
  • Stein Ove Haugen, nettredaktør
  • Jon Trygve Hegnar, leiar
  • Ole Christian Rønning, leiar lesarutvikling
  • Eline Hvamstad, leiar for video og podkast

 

DAGENS NÆRINGSLIV (3 av 6 er kvinner):

  • Amund Djuve, sjefredaktør og administrerande direktør
  • Gry Egenes, featureredaktør
  • Tor M. Nondal, nyheitsredaktør
  • Kjetil B. Alstadheim, politisk redaktør
  • Bjarne Dramdal Erichsen, produksjonsredaktør
  • Ingeborg Volan, redaktør lesarengasjement
  • Julie Lundgren, redaktør for produkt og innovasjon

Michalsen legg til:

– Om det er like dårleg om 1 eller 2 år er det pinleg.

Ein gjennomgang av dei tre største finansmedia i Norge – E24, Finansavisen og Dagens Næringsliv – viser at sistnemnde har den klart beste kjønnsbalanse i si redaksjonelle leiing.

Langt bak finn me konkurrentane E24 og Finansavisen, som til saman berre har éi kvinne blant totalt ti leiarar og redaktørar.

I Finansavisen er fem av seks menn. Trygve Hegnar seier via mediehuset sitt sentralbord at han ikkje ynskjer å kommentera saka.

Av dei totalt 45 tilsette i E24 er det ni kvinner, deriblant administrasjonssjef Ragnhild Oskarsen.

– Overraska over E24

Djuve i Dagens Næringsliv er overraska over den svake balansen hos konkurrentane.

– Mest over E24, fordi eg opplever at Schibsted har jobba systematisk med dette for å få ein betre kjønnsbalanse. Trygve Hegnar derimot har tidlegare snakka om «kvinnemaset» og at han ikkje er så oppteken av dette, seier han.

I hans avis går det føre seg for tida ein stor omorganiseringsprosess, og det kan skje fleire endringar i leiargruppa som består av totalt ti personar kommersielt og redaksjonelt. På redaksjonell plass har dei òg vore opptekne av å få inn fleire kvinner i spaltene, og i mars lanserte dei ei Facebook-gruppe for økonomiinteresserte kvinner.

Hegnar Media-sjef Trygve Hegnar. Med selskapet sitt Periscopus eig han ABC Startsiden og Hegnar Media, som inneber Kapital og Finansavisen.

Djuve seier det er viktig med kjønnsbalanse når dei no skal gjera endringar.

– For vår eigen del vert det betre diskusjonar og journalistikk når me har mangfald i gruppa. Det vert òg betre rekrutteringar, og meir attraktivt for talent av kjønn når me viser at me har mangfald i leiargruppa. Mangfald går både på kjønn, alder og ansiennitet, seier Djuve.

  • For ordens skuld: Gard Michalsen er tidlegare dagleg leiar og redaktør i Medier24, utan at det har betydning for våre redaksjonelle vurderingar. Underteikna vart tilsett etter at Michalsen slutta.
Powered by Labrador CMS