Trønder-Avisa sine lokale i Steinkjer.

Bråket i T-A:

Delvis Polaris-eigde Trønder-Avisa kan inngå Amedia-samarbeid. Det skuffar Polaris-sjefen

Trønder-Avisa skal sjå på moglegheitene for å gå over frå Polaris til Amedia sine tekniske løysingar. Det vart avgjort på styremøte torsdag.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det har storma rundt eigarskapet til Trønder-Avisa i lang tid. Polaris Media eig ti prosent av aksjane, og har ved to ulike høve dei siste to åra i børsmelding varsla oppkjøp av avisa – men begge forsøka har blitt stoppa på målstreken.

Torsdag er det vedteke i styremøte i Trønder-Avisa at dei skal gå inn i forhandlingar med Amedia om mogleg samarbeid, på linje med aviser som til dømes Gudbrandsdølen Dagningen – kor Amedia har ein mindre aksjepost via Amedia Lokal og Østlendingen.

Styreleiar Kolbjørn Almlid i Trønder-Avisa.

– Amedia har på lik linje med Polaris kome med sine med tilbod om mogleg samarbeid, og det er sider ved Amedia si framstilling me ynskjer å gå djupare inn i, seier styreleiar Kolbjørn Almlid i Trønder-Avisa til Medier24.

 

Ikkje einstemmig

Om lag ein halvtime etter Medier24 si sak kom Trønder-Avisa med ei pressemelding om styrevedtaket.

I vedtaket heiter det:

«På grunnlag av administrasjonens utredning og medieselskapenes tilbud beslutter styret etter en samlet vurdering i første omgang å oppta forhandlinger med mediehuset Amedia med sikte på å avklare muligheter for å inngå en avtale hvor målet er å sikre en god utvikling for konsernet Trønder-Avisa på kort og lengre sikt».

 

Partnarskapsavtale

Avisa brukar frå før Polaris sine tekniske løysingar, men kan no gå over til Amedia sine.

Konsernsjef Per Axel Koch i Polaris Media.

– Me er skuffa over at dei ikkje er tydelegare på å gå vidare med oss. Men eg registerer at det ikkje er endeleg avklart korleis det blir. Me får sjå korleis det går ut på nyåret, seier konsernsjef Per Axel Koch i Polaris til Medier24.

– Me har brukt tid på å sjå kva moglegheiter ei tettare integrering av Polaris vil gi. At det ikkje har blitt noko av det tek me til etterretning.

Konsernsjef Are Stokstad i Amedia seier til Medier24:

– Dette er ein partnarskapsavtale knytt til utvikling av journalistikk og tenester.

Konsernsjef Are Stokstad i Amedia.

– Har de eit ynskje om å kjøpa T-A?

– Det kommenterer me aldri. Me er veldig opptekne av gode partnarskap, og dei har solide lokale eigarar.

Almlid kommenterer mogleg sal slik:

– Forhandlingane kan i prinsippet bety ulike ting – både strategisk samarbeid utan rørsle i aksjar, og det kan bety andre ting. Det er avhengig av kva me kjem fram til.

 

– Konstruktivt samarbeid

Sjefredaktør og administrerande direktør John Arne Moen i Trønder-Avisa.

Konsernsjef John Arne Moen i Trønder-Avisa har ikkje svart Medier24 torsdag ettermiddag. Han har derimot sendt en e-post til Medier24 med sitatene han har gitt til egen avis:

«Jeg er først og fremst fornøyd med at styret har samlet seg om en strategi som tar sikte på å avslutte usikkerheten som har hersket i to og et halvt år.

(…)

Vi har i ti år hatt et konstruktivt samarbeid med Polaris Media innen rammene av en samarbeidsavtale. Denne utløper om få måneder. Dette gjorde det mulig å se på framtidig eierskap på en bredere måte. Nå har flertallet i styret vedtatt at vi skal forhandle med Amedia, landets største selskap for mediehus på lokalt og regionalt nivå. Det gjenstår i se om det er mulig å komme fram til enighet, men jeg opplever at Amedia i sin tilnærming har vært tydelig på at de ønsker å utvide det strategiske rommet til særlig Trønder-Avisa.»

Det er to år sidan styret i T-A innleia samtalar med Polaris om å erstatta det strategiske samarbeidet med eit majoritetseigarskap.

TA-konsernet, som omfattar fem aviser og og eit tidstribusjonsselskap, er eigd av AS Nord-Trøndelag med 51,9 prosent, LL Inntrøndelagen med 38 prosent og Polaris med 10,1 prosent.

Powered by Labrador CMS