Midt oppi Amedia si streaming-satsing sit iFinnmark-redaktør Stian Eliassen og driv det gigantiske aviskonsernet vidare – med sin heilt eigne spisskompetanse.
Det byrja i det små i 2013, for den dåverande journalisten – som rett nok hadde it-bakgrunn. iFinnmark skulle byrja å streame direkte, men kompetansen mangla. Engasjementet var der, og Eliassen byrja å lære seg. Steg for steg.
I 2017 tok dei satsinga eitt steg vidare då Eliassen bygde sin eigen «streaming-bil» av ein gammal Peugeot med 230.000 kilometer i ryggen. Sidan har det gått slag i slag, og snart står bil nummer to klar.
– Karrieren mi starta i it-bransjen, og det har hjelpt meg i oppbygginga av dette her. Ein kan ta i bruk kreative løysingar som er langt rimelegare enn me er vant til med tradisjonell kringkasting. Basisen for at det er mogleg er produksjonsbilen me har bygd, seier han til Medier24.
Og livesendingar har det blitt. I massevis.
I mars direkteoverførte dei Finnmarksløpet – 193 timar i strekk.
– Hurtigruta var vel berre 150 timar om eg ikkje tek feil, seier Eliassen og ler.
Saka held fram under biletet.
På videodesken til Amedia er Eliassen eit kjent namn. For han måtte ikkje ned til Oslo for å hente kunnskap. Her var det omvendt, og nyleg var Amedia sin videodesk oppe i Lakselv på opplæring.
– Me nyttar ein del teknologi som er interessant, seier Eliassen.
– Han er ein Reodor Felgen
Tord Selmer-Nedrelid, leiar for videoutvikling i Amedia, er svært glad for å ha ein som Stian «med på laget» i konsernet.
– Stian er ein inspirasjon og eit unikum. Han viser kva det går an å få til med pågangsmot og vilje til å gå laus på ting, seier han til Medier24.
– Han er ein inspirasjon for alle i Amedia, seier han vidare.
Han legg vidare vekt på viktigheita av å dele på kompetansen ein sit med.
– Me er flinke til å dele erfaringar på tvers, så han spreier både råd og inspirasjon til andre. Det er mange gamle avisfolk som har lært mykje om video i Amedia dei siste åra. Sportsjournalistar som er blitt kommentatorar og produserer kampar og pressefotografar som vaks opp i mørkerommet driv med direktesendingar og fleirkameraproduksjon. Folk har snudd seg, vist stå-på-vilje, lært seg nye ting og får det også til, seier han.
Ansvarleg redaktør i iFinnmark, Arne Reginiussen, er blant dei som verkeleg har fått drege nytte av kompetansen til den driftige it-mannen.
– Stian har mange nye idear, er innovativ og får mykje ut av få ressursar. Han er ein Reodor Felgen. Då eg byrja i 2015 var eg veldig klar på at me måtte bruke Stian der han hadde spisskompetanse. Han har gjort ein veldig god jobb med å byggje opp utstyrspark og bil, som er ganske ekstraordinært.
– Har bransjen elles noko å lære av måten de har drive på?
– Ja, det trur eg. Å finne smarte løysingar, og å ikkje berre hoppe på noko fordi nokon i konsernet seier det er bra. Det er smart å sjå på andre løysingar.
– Me fekk ein del kritikk
Men vegen fram til 700 timar med direktesending – på eitt år – var lang, for iFinnmark. Avisa byrja i det små for fem år sidan – to år etter at Eliassen fekk jobb i avisa.
– Heile Amedia var veldig med foten på gassen når det gjeld direktesendingar, men verken me eller lesarane var heilt førebudd på det. I byrjinga var det slik at me knapt visste om teknikken fungerte. Det var ein brokete start der me aldri visste om me kom på lufta eller ei, seier Eliassen.
Det gjekk ikkje upåakta hen hos sjåarane.
– Me fekk ein del kritikk. På den tida var det ope for alle òg. No er det berre for abonnentar, så folk har forventningar til at produktet er bra, seier han vidare.
– Eg har alltid hatt interesse for video og it, så eg tok på meg ansvaret. Eg trur ikkje dei visste kva eg sat inne med. Men det var sjølvsagt mykje å setje seg inn i. Er ein interessert i det, lærar ein.
Utfordrande fylke
Sidan har dei bygd stein for stein, og leverer no eit produkt som vert stadig betre – både for produsent og sjåar.
Saka held fram under biletet.
– Personleg har det vore ei meistringsgreie å byggje eigen videobil. No har eg passert 350 timar i Peugeoten, så det byrjar å gå på tolmodet. Eg er litt perfeksjonist, seier han.
– Men det må ein kanskje vere?
– Ja. Kollegaer stussar over at ein skal kvalitetssikre både ein og to gongar, men når ein sel abonnent på det så har sjåarane forventningar.
Ikkje berre har det vesle mediehuset avgrensa ressursar. Men geografien og vêrforhold gir det òg ekstra utfordrande.
– Det er eit utfordrande fylke, med få folk, store avstandar, dårleg 4G-dekning og vanskeleg geografi. Me hoppa ut i det og har gjennom mange år løyst utfordringane, seier han.
Under det nemnde Finnmarksløpet slo dei verkeleg på stortromma.
– Me brukte både kamerateam på vegen, produksjonsbil og remote-kamera som me styrer med 4G, seier han.
No skal innhaldet løftast
No er likevel både teknologi og kunnskap på plass. Vidare gjeld det å løfte det redaksjonelle, og gi sjåarane det dei vil ha.
– No har me hatt eit år der me har streama det me har hatt lyst til. No har eg fått i grønt, gult og raudt, som viser sjåartal osv. No skal me stake kursen, og målet for 2019 er å løfte innhaldet og det redaksjonelle, seier han.
I tillegg til å sende direkte frå kommunestyremeter, hundeløp, sykkelritt og festivalar, leverer dei òg blant dei største satsingsområda til Amedia: Breiddefotball.
– Når me før skreiv kampreferat frå fjerdedivisjon kunne dei ende opp med så få som 30-40 lesarar. Sender me direkte har me mellom 250 og 700 sjåarar. Ressursbruken er ikkje så mykje større, seier han. Når iFinnmark streamer fotballkampar held det nemleg med ein kommentator og ein produsent.