Gunnar Stavrum, ansvarleg redaktør i Nettavisen.

Nett­avisen fjernar fast arbeids­tid og -stad. No reagerer tillits­vald

Klubbleiar Trond Lepperød er kritisk til at tillitsvalde ikkje vart involvert i prosessen. – Meiningslaus problemstilling, seier sjefredaktør Gunnar Stavrum i Nettavisen.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Sjefredaktør og administrerande direktør Gunnar Stavrum fjernar fast arbeidstid og arbeidsstad i Nettavisen, skriv avisa sjølv onsdag ettermiddag. Det skjer etter at Amedia-avisa har jobba heimefrå under koronakrisa sidan nedsteninga av Norge 12. mars.

– Det er bra både for den tilsette, for bedrifta, og for samfunnsøkonomien. Kvifor halda fast i ei stiv og lite fleksibel ordning når erfaringa viser at dette er bra for alle partar? Me har ikkje endra arbeidsmengda, men folk viser at dei er flinke til å ta imot fridom under ansvar, seier Stavrum når Medier24 slår på tråden.

Klubben reagerer

Klubbleiar Trond Lepperød, derimot, visste ingenting om endringane før han las artikkelen i Nettavisen.

– Dette visste me ikkje om før me såg det i vår avis. Eg har dermed ikkje hatt tid til å diskutera det, seier han på spørsmål om kva han tykkjer om endringa.

– Kva tenkjer de om at de ikkje vart konferert før endringane vart gjort?

– Det er me ikkje nøgd med. I hovudavtala står det at me vil bli inkludert i store omleggingar.

Journalistane Trond Lepperød, Magnus Blaker, Jørgen Berge og Heidi Schei Lilleås i Nettavisen.

– Det kjem me også til å ta opp med leiinga. Kvifor han (Stavrum, journ.anm.) har hatt det så travelt her veit eg ikkje. Han kjenner jo spelereglane, seier Lepperød.

No er han usikker på kva endringane vil bety i praksis.

– Som journalist er ein alltid på jobb, og det er grunnhaldninga til alle, men om ein då skal oppheva arbeidstid og -stad, kva betyr eigentleg det? Eg må sjå kva dette betyr, men me er interessert i å diskutera alt, seier han vidare.

– Søkt problemstilling

Stavrum avfeiar problemstillinga om å involvera tillitsvalde når Medier24 konfronterer han med kritikken.

– Det er ei heilt meiningslaus problemstilling. At me får meir fleksibilitet treng ein ikkje å konferera om på førehand. Den naturlege responsen burde vore at det er bra med auka fleksibilitet. Hadde me stramma inn, ville det vore openbert å diskutera det med tillitsvalde, seier han.

Sjefredaktør Gunnar Stavrum i Nettavisen

– Men kva om redaksjonen ynskjer meir rammer, kor ein veit kva ein kan forventa seg av oppmøte og arbeidstid kvar dag ein kjem på jobb?

– Eg tykkjer problemstillinga er heilt søkt. Om folk vil komma klokka 8 og jobbe til 16 er det fritt fram, seier han.

Auka produktivitet

Nyleg vart det kjent at Telenor sine tilsette ikkje treng å møta fysisk på jobb i framtida. Det skjedde i kjølvatnet av at halve Noreg har jobba på heimekontor under koronakrisa.

– Dette har vore praksisen vår i tre månadar, det er noko arbeidsgjevarar har blitt oppmoda til å gjera, og andre har også gjort det same. Slik sett er det ikkje forrykande endringar over natta. Me har også mange tilsette som ikkje er organisert i Norsk Journalistlag, seier Stavrum.

Konsernsjef Sigve Brekke i Telenor.

Ifølgje innovasjonsdirektør Pål Nisja-Wilhelmsen har dei hatt ein 63 prosents auke i produksjon på heimekontor.

Powered by Labrador CMS