Gunnar Stavrum, ansvarleg redaktør i Nettavisen.
Gunnar Stavrum, ansvarleg redaktør i Nettavisen.

Nettavisen med massiv inntekts­vekst under korona­krisa

– Me har aldri hatt meir aktivitet i salsavdelinga vår, seier Nettavisen-sjef Gunnar Stavrum.

Publisert

Ja, du las riktig. Nettavisen auka nemleg inntektene med 38 prosent i april i år samanlikna med i fjor.

– Normalt er ikkje dei første månadane i året dei beste i mediebransjen, men at me går i pluss i april er kraftig betring frå i april i fjor, seier sjefredaktør og administrerande direktør Gunnar Stavrum i Amedia-eigde Nettavisen.

Ingen statleg støtte

Det skjer samstundes som at koronakrisa har slukt annonseinntektene hos mediehus landet rundt og hundrevis av medarbeidarar har blitt permitterte dei siste to månadane.

Førre veke kom også kulturminister Abid Raja med ein eigen krisepakke retta mot mediebransjen.

Gunnar Stavrum, ansvarleg redaktør i Nettavisen.
Gunnar Stavrum, ansvarleg redaktør i Nettavisen.

– Som del av eit stort konsern skal ikkje eg ha så sterke meiningar om mediestøtta, men eg konstaterer at heller ikkje denne gang kjem det statlege støttekroner til Nettavisen, seier Stavrum.

– Lang erfaring med digital økonomi

Det er over åtte veker sidan Norge blei stengt ned, ei rekkje bransjar mista inntektsgrunnlaget sitt og tilsette vart vist til heimekontor. Under krisetida har likevel Nettavisen auka inntektene sine.

– Me har aldri hatt meir aktivitet i salsavdelinga vår, seier Stavrum, og legg til:

– Hovudgrunnen er at sjølv om me er gratis, har me lang erfaring med ein digital økonomi. Me har låge kostnader i tillegg til stor vilje og evne til å snu om. Det har me fått etter 20 år i bransjen.

Til no har Nettavisen 34,2 millionar kroner i annonseinntekter, opp frå 28 millionar kroner i fjor. Berre i april har dei omsett for 9,4 millionar kroner i annonser – mot 7,1 millionar i fjor.

I tillegg har dei fått inn 14.900 betalande abonnentar, med eit snitt månadspris på over 100 kroner. Hadde dei ikkje hatt brukarinntekter, hadde dei slite med å gå i pluss, seier Stavrum.

Ingen permitteringar

Han seier det er viktig å snu seg om og tenkja at skjebnen ligg i deira eigne hender.

– Folk forstår at om ein ikkje får dette til, så blir nedbemanning og permittering ein trussel. Det har ikkje me gjort.

– Korleis har de klart det, medan alle andre tapar annonseinntekter?

– Det handlar om å tenkja på kva bransjar som ikkje steng ned, og kva bransjar me kan hjelpa i ei tid der folk har heimekontor.

Høg trafikk kompenserer for priskutt

I tillegg har dei hatt stor lesarvekst. Før koronakrisa hadde dei om lag 600.000 lesarar på ein god dag, medan toppen no har vore på over éin million lesarar i løpet av ein dag.

– Me har etablert oss på eit høgare trafikknivå, og det har kompensert for lågare prisar.

Sjefredaktør Gunnar Stavrum i Nettavisen.
Sjefredaktør Gunnar Stavrum i Nettavisen.

– Det er alltid moglegheiter, og det er lurt å ha ein økonomi som går rundt digitalt, utan at ein er avhengig av papirinntekter og statleg støtte. Det er bra med mange inntektsbein, seier Stavrum.

Powered by Labrador CMS