Medier24 har no fått tilgang til eit internt brev frå konserntillitsvalde Eva Stenbro og Anne Rønningsbakk, som er sendt til alle Amedia-tillitsvalde. Der uttrykkjer dei uro knytt til pengeutdelinga, og vidare meiner dei det er uheldig at redaksjonelle medarbeidarar er med i juryen som deler ut pengane.
– Det tykte me var problematisk, seier Stenbro til Medier24.
«Vi advarte mot at utdelingen av disse midlene kunne få en slagside slik komiteene var rigget med at redaktørene som ledere av utdelingsarbeidet, men fikk mer eller mindre beskjed om at vi så spøkelser på høylys dag», skriv Stenbro og Rønningsbakk i e-posten.
– Kan hamna i ein skvis
Trygve Aas Olsen skreiv i sin kritikk på Medier24 at Amedia sine lokalaviser bruker 25 millionar kroner på å bryta med Ver Varsam-plakaten, og viste til punkt 2.2 om integritet og interessekonflikt.
– Eg er ikkje samd i at aviser ikkje kan dela ut pengar, fordi det har me gjort i mange år, og eg meiner avisa har ei plikt til å bidra til samfunnet ein er ein del av. Dette er pengar som skal gå til barn og unge, og der har alle ei plikt til å bidra, men eg er ikkje samd i at ein skal blanda inn dei redaksjonelle. Tradisjonelt er det marknadsavdelinga, og kanskje folk utanfor, som skal bestemma det, seier ho.
– Då kan ein hamna i skvis, og abonnentar kan tenkja at «oi, dei får både omtale og pengar, og me har ikkje fått noko».
– Vart de lytta til på møtet med Amedia-administrasjonen?
– Dei høyrde kva me sa, men dei var ikkje samde. Dei meinte det ikkje var eit problem, seier Stenbro.
– Har tillitsvalde internt reagert på pengeutdelinga?
– Det er litt ulikt kringom. Nokre tillitsvalde meiner det er eit problem, medan andre ikkje meiner det. Min jobb er å stilla dei kritiske spørsmåla, og vera eitt steg framfor og spør om ting kan oppfattast feil, seier ho.
«Bakgrunnen (for møte, journ. anm.) er at vi mener at redaktørene skal være svært selektive med hva de låner ut sitt navn og sin tittel til, og vi var kritiske til at redaksjonene skulle være involvert i dette arbeidet da vi var redde for at dette kunne komme i konflikt med redaktørenes og redaksjonenes troverdighet», skriv Stenbro og Rønningsbakk i brevet.
Ser ikkje problemstillinga
Finslo i Amedia er ikkje kjent med brevet som har gått ut til tillitsvalde, men stadfestar at han har drøfta problemstillinga i eit møte med Stenbro.
– Ho gav uttrykk for at det var betre med eksterne komitear, men me meiner redaktøren, som fremste ambassadør og representant for mediehuset, naturlegvis bør ha ein sentral plass i juryen. Det er eit ansvar redaktøren ikkje kan abdisera frå, seier Finslo.
Han legg til:
– Eg har vanskeleg for å sjå dette som ei reell problemstilling. Med resonnementet sitt insinuerer Stenbro at tildelinga som finn stad er synkronisert med redaksjonell omtale. Det har ingenting med saka å gjera.
– Ho meiner vel at det kan skapa grunnlag for spekulasjon, og ikkje at det nødvendigvis er slik.
– Om ein lyser ut at ein kan søkja på fleire hundre tusen kroner, er det ikkje implisitt at alle er rettkomen til å få søknaden innvilga, seier Finslo.
Han meiner spekulasjonen då vil kunne vera der uavhengig om redaktøren sit i komiteen eller ei.