Kommunikasjonsrådgjevar Hege Steinslad og produktsjef Vidar Holm i Vipps.
Kommunikasjonsrådgjevar Hege Steinslad og produktsjef Vidar Holm i Vipps.

Vipps går inn i medie­bransjen: Lanserer felles innloggings­system

Er du lei av å tasta inn ulike passord for alle avisene du abonnerer på? Det meiner Vipps å ha løysinga på. – Dette skal me testa, seier Schibsted-direktør.

Publisert

I det stille har Vipps lansert to ulike tenester som skal svara på fleire av problema til mediebransjen: Eit felles innloggingssystem og eit system for automatisk abonnementsbetaling.

Med innloggingssystemet vil selskapet gjera det enklare for brukaren å ha fleire abonnement, utan å måtte skriva inn ulike brukarnamn og passord. Med betalingssystemet vil dei redusera kundefråfall, ifølgje Vipps sjølv. 

– Frustrert

Eit felles innloggingssystem for norske medium på tvers har jamleg vore etterspurt av både lesarar og medietoppar dei siste åra. No meiner Vipps å ha løysinga.

Først ut som prøvekanin er Natt&Dag, som nyleg digitaliserte arkivet sitt.

For å logga inn må du skriva inn telefonnummeret ditt og godkjenna i mobil-appen. Dersom du vel å bli hugsa i nettlesaren, vil du seinare kunne logga logga inn på andre sider utan å godkjenna med telefonen. Dermed slepp du å leggja inn informasjon som namn, e-post, adresse, og – ikkje minst – passord.

Illustrasjon av Natt&Dag sitt innloggingssystem levert av Vipps.
Illustrasjon av Natt&Dag sitt innloggingssystem levert av Vipps.

– Innloggingsløysinga passar mediebransjen veldig godt, med låg terskel for oss lesarar, samstundes som ein unngår passord- og brukarnamn-surret. I tillegg har ein trygg identitet på lesarane, seier produktsjef Vidar Holm i «Vipps Logg inn» til Medier24.

Vipps, som vart lansert av DNB i 2015, vart skilt ut som eige selskap i 2017 og er eigd av ei rekkje av dei største bankane i landet, med DNB som største aksjonær.

Produktet har dei jobba med sidan sommaren 2018, like før fusjonen mellom Vipps, BankID og BankAxept, og vart rulla ut i marknaden i fjor sommar. Det har derimot vore knapt med marknadsføring.

Dagleg leiar Christian Fure i Natt&Dag meiner Vipps sitt innloggingssystem er ein aldri så liten medierevolusjon.

– Det er enkelt, og heilt genialt, seier han til Medier24.

 

Vil forenkla

Innloggingssystema som i dag dominerer norsk mediebransje er SPiD (Schibsted og Polaris), aID (Amedia og Aller Media), ConnectID, i tillegg til Google og Facebook sine.

Kommunikasjonsrådgjevar Hege Steinsland og produktsjef Vidar Holm i Vipps.
Kommunikasjonsrådgjevar Hege Steinsland og produktsjef Vidar Holm i Vipps.

Det blir for mykje å halda styr på, meiner kommunikasjonsrådgjevar Hege Steinsland i Vipps.

– Med dagens innloggingssystem kan media få problem med å halda på lesarane. Me ynskjer å lesa på tvers, og eg trur terskelen for å betala blir for høg dersom ein berre brukar eigne løysingar, seier ho til Medier24.

– Eg blir ofte frustrert sjølv, gjerne før sommarferien når eg skal frysa abonnementa mine. Då toppar det seg for meg, med for mange passord, legg ho til.

Holm seier Vipps ikkje har planar om å gå i direkte konkurranse med mediekonserna sine eigenutvikla løysingar. Dei vil heller bli eit supplement.

– Me vil forenkla vegen inn til dei fellesløysingane som dei har. Dei skal ikkje vera nøydd til å velja mellom oss og sine eigne løysingar, seier han.

– Me opererer i eit landskap med Google og Facebook og må difor ha ei brukaroppleving som er minst like god og enkel som dei, og i tillegg må me konkurrera på datakvalitet, validerte brukarar (brukarar bekrefta med BankID, journ.anm.) – og merkevare.

Og nettopp merkevara er godt kjent.

– Ein fordel for oss er at alle vippsarane er klare. Me treng ikkje få inn brukarar, seier Steinsland.

 

Bransjen er positiv

Sven Størmer Thaulow er teknologidirektør i Schibsted. Han er positiv til Vipps' initiativ.

– Me har veldig respekt for Vipps på betaling, og det er lovande det dei gjer på innlogging. Schibsted forsøker heile tida å gjera brukaropplevinga betre, så me tykkjer det er lovande – og skal testa det mot forbrukarane etter kvart, seier han til Medier24.

– Så når kan Aftenposten-abonnentane logga seg inn i nettutgåva via Vipps?

Sven Størmer Thaulow, teknologidirektør i Schibsted.
Sven Størmer Thaulow, teknologidirektør i Schibsted.

– Det er altfor tidleg å seia. Me vil uansett forsøke det i småskala. Aftenposten er nok ikkje først ut, seier Thaulow, og presiserer at det eventuelt blir som alternativ til SPiD.

Konsernsjef Per Axel Koch i Polaris Media har lenge vore kritisk til dagens innloggingssystem. For to år sidan sa han til Medier24 at det er «litt flaut» at mediebransjen enno ikkje har einast om eit felles system, og etterlyste ei løysing med nettopp BankID på laget.

– Det blir nok eit spørsmål om kva Schibsted gjer, men det er eit spanande initiativ, og me følgjer med, seier Koch til Medier24.

 Også Amedia har sett på Vipps sitt innloggingssystem. Pål Nedregotten, konserndirektør for innovasjon i konsernet, fortel til Medier24 at dei har vore i dialog med selskapet, men at dei ikkje har bestemt seg enno.

– Me følgjer godt med på kva som skjer i marknaden, seier han.

– No har me ein avtale med Aller om bruk av aID, og er godt nøgd med det me får til i fellesskap der. Men viktigheita av ei felles innlogging kjem an på kva ein vil med den. Det er det spørsmålet me manglar eit tydeleg svar på no, seier Nedregotten.

 

– Me veit ingenting om kva du gjer

Vipps seier at det dei har, som mange andre ikkje har, er brukarar som har bekrefta sin identitet med BankID.

– Det er ein elektronisk ID på høgste tryggleiksnivå, seier Steinsland.

– Skal de sluka data våre slik som Facebook og Google gjer?

– Me er veldig tydlege på at data til brukaren er brukaren sin, og data til bedrifta er bedrifta sin. Det me legg til rette for er at du som brukar kan dele data raskt og enkelt med ein bedrift, slik at du slepp å tasta det inn i eit skjema, svarar Holm.

Produktsjef Mario Ek Aparicio i Vipps.
Produktsjef Mario Ek Aparicio i Vipps.

– Me veit ingenting anna om deg enn at du logga inn hos mediumet på det tidspunktet. Me veit ingenting om kva du gjer der, sei han.

 

Vil redusera «churn»

Det andre produktet Vipps har lansert, som er mynta på mediebransjen, er eit system for automatisk abonnementsbetaling.

Produktsjef Mario Ek Aparicio meiner det har ei rekkje fordeler for mediehusa.

– Poenget er å fjerna friksjon i inngåing av abonnement, og å gi brukaren oversikt over abonnementa sine. I tillegg vil me fjerna ufrivillig churn, då Vipps har oppdaterte kort, og me har låg avvisingsgrad som følgje av kortfeil, seier han.

Powered by Labrador CMS