Dagleg leiar Ståle Pettersen, Bodø Nu, konserndirektør Are Stokstad i Amedia og sjefredaktør Geir Are Jensen i Bodø Nu.

Konkurranse­tilsynet ser på Amedia-oppkjøp: Fryktar for medie­mangfaldet

– Me er i prosess med å svara på spørsmåla me skal senda over til Konkurransetilsynet, seier Amedia-direktør Stig Finslo.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

På tampen av fjoråret vart det kjent at Geir Are Jensen sel 90 prosent av livsverket sitt Nu Publishing til avisgiganten Amedia. Konsernet eig både Bodø Nu, Rana No, Vefsn No og Lynx Publishing.

– Amedia vil få styrka posisjon

Fem månadar seinare har oppkjøpet enno ikkje blitt godkjent av Konkurransetilsynet, som ber om meir informasjon før dei kan gi grønt lys. Det viser dokument Medier24 har fått innsyn i.

«Fravær av konkurranse, ved felles eierskap, kan føre til redusert mangfold av informasjonskilder og ytringskanaler som opptrer uavhengig av hverandre i dekningen av aktuelle nyheter og tema (redusert mediemangfold)», står det i eit brev frå tilsynet til Amedia og advokatfirmaet Wikborg Rein & Co 21. februar.

Geir Are Jensen, gründer og Bodø Nu-redaktør.

– Bakgrunnen for pålegget er at begge selskapa er aktive med nyheitsformidling i avis i Bodø, Rana og Vefsn, og Amedia vil dermed få ei styrka posisjon. Difor ynskjer me å greia ut og undersøka ytterlegare, seier Therese Halvorsen i Konkurransetilsynet til Medier24.

– Kor høg er terskelen for å avvisa eit oppkjøp med grunngjeving i innskrenka mediemangfald?

– Det er for tidleg å seia noko om. Me ser på konkurransen i marknaden, og så har i tillegg Medietilsynet kome med ein uttale i saka, seier ho.

I eit brev til Konkurransetilsynet datert 9. desember presiserte Amedia at hovudformålet med transaksjonen er å få kontroll over Bodø Nu sitt teknologiselskap, Lynx Publishing, som har utvikla ein publiseringsplattform tilpassa små- og mellomstore aviser.

Om det skriv tilsynet:

«Etter Konkurransetilsynets foreløpige vurdering kan kunder av Lynx utøve et redusert konkurransepress overfor konkurrenter i markedet for nyhetsformidling i avis et dersom de blir stilt overfor dårligere forretningsmessige vilkår fra Lynx.»

Amedia: – Konkurransen vil halda fram

Amedia avviser at det er grunnlag for å påleggja meldeplikt for transaksjonen. Etter deira syn er det ikkje sannsynleg at konkurransen vil avgrensast i strid med konkurranselova § 16 første ledd, og at det difor ikkje er nødvendig å påleggja meldeplikt for Amedia sitt kjøp av Nu.

– Me er i prosess med å svara på spørsmåla me skal senda over til Konkurransetilsynet. Det skal me gjera når det er klart, seier Stig Finslo, direktør for utgjevarspørsmål og samfunnskontakt i Amedia, til Medier24.

Konsern av ein viss storleik har opplysingsplikt for alle transaksjonar dei gjer, uansett storleik, og det har Amedia hatt sidan dei kjøpte opp Edda Media i 2012. Det. var bakgrunnen for at dei melde inn Nu-kjøpet til Konkurransetilsynet.

Direktør for utgjevarspørsmål og samfunnskontakt, Stig Finslo, i Amedia.

– Og så har dei stilt oss nokre spørsmål rundt dette, og det er me i prosess med, seier Finslo.

– Fryktar de at oppkjøpet vert stoppa som følgje av konkurransesituasjonen?

– Då me kjøpte selskapet la me til grunn at det har vore fri konkurranse mellom avisene i nord, og at det no skal halda fram.

– Så aviser som Bodø Nu og Avisa Nordland, begge Amedia-eigde på sikt, skal begge konkurrera på same nivå som før?

– Ja, og det har me sagt heile tida.

Medietilsynet ber om meir informasjon

Nu-avisene skal ikkje bli ein del av Amedia-konsernet på lik linje med andre aviser, og skal halda fram med Lynx' publiseringssystem.

– Det står i brevet til Konkurransetilsynet at det var Lynx Publishing som var hovudmålet ved kjøpet. Kvifor måtte de også då kjøpa opp avisene?

– Nu Publishing bestod av fleire selskap, og me kjøpte Nu Publishing, som bestod av både Bodø Nu, Rana No, Vefsn No og Lynx Publishing.

Medietilsynet, ved direktør Mari Velsand og juridisk direktør Hanne Sekkelsten, skriv i sin uttale at det bør hentast inn fleire opplysingar om Amedia sine planar for den redaksjonelle verksemda i Nu-avisene, «for eksempel i hvilken grad det er planlagt å videreføre de ulike publikasjonene, i hvilket omfang det er planlagt et eventuelt redaksjonelt samarbeid, og i hvilken grad de tre nettavisene er substitutter til noen av Amedias lokalaviser.»

Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
Powered by Labrador CMS