Nettavisen-direktør Pål Nisha-Wilhelmsen og sjefredaktør Sigvald Sveinbjørnsson i Bergensavisen.

Amedia-aviser med ulik praksis for merking av sponsa saker

Ekspert er kritisk til at Nettavisen og lokalavisene merker dei same sakene ulikt. No vurderer Nettavisen å sjå på merkinga deira på nytt.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Amedia, med deira over 70 lokalaviser og Nettavisen, er – som elektronisk kommisjonær – storprodusent av kommersielle saker for Norsk Tipping og Norsk Rikstoto.

Slik merkar Amedia-avisene ulikt: Øvst er Bergensavisen, og nedst er Nettavisen.

Sakene, som «Derfor er det Lotto-trekning søndag», «Her er kommunene uten Lotto-millionærar» og «Seiersmaskinen innfrir på Biri», er kommersielle samarbeid med dei statlege spelselskapa.

I Ver Varsam-plakaten heiter det at sponsing alltid skal vera tydeleg merka. Men avisene har ulik praksis når det gjeld merking av sakene.

Skal over på nytt system

Lokalavisene i konsernet merkar sakene med teksten «SPORTSPILL MED ANNONSELENKER» eller «SPILLSENTER MED ANNONSELENKER», over svart bakgrunn.

Nettavisen, derimot, nøyer seg med «Sportspill», i grå skrift.

– Eg tykkjer ikkje Nettavisen si merking er god nok. Eg har mykje meir sans for BA sin måte å gjera det på. «Sportspill» kan jo vera noko artig redaksjonen har funne på sjølv. Media skal vera veldig varsame med å spekulera i ulik merking på dette. Jo meir samde dei er, og attkjennande det er, jo betre er det.

Jon Martin Larsen, høgskulelektor på Høyskolen Kristiania.

Det seier Jon Martin Larsen, høgskulelektor i journalistikk ved Høyskolen Kristiania, til Medier24. Han er tidlegare redaktør i Amedia-avisa Akershus Amtstidende.

Direktør Pål Nisja-Wilhelmsen i Nettavisen seier den ulike praksisen skuldast ulike tekniske plattformer.

– Merkinga resten av Amedia-avisene har hadde dei før me kom inn i huset, så me har ikkje teke den diskusjonen. Me skulle hatt eit redaktørmøte rett etter påske, kor me skulle diskutert forslag og nye måtar å gjera det på, seier Pål Nisja-Wilhelmsen, direktør for innovasjon i Nettavisen, til Medier24.

Etter planen skal dei over på Amedia-rigget i løpet av hausten.

– Ikkje rein redaksjonell sak

Redaktør Sigvald Sveinbjørnsson i Bergensavisen seier han ikkje har reflektert mykje over korleis merkinga deira skil seg frå Nettavisen, men er tydeleg på éin ting:

– Me ynskjer å gjera det tydleg overfor lesaren. Det er ikkje ei rein redaksjonell sak, då ein også kan spela på Norsk Tipping og Rikstoto der, seier han til Medier24.

– Slik har me gjort det så lenge eg har vore redaktør, og det var vanleg frå før eg byrja.

Sjefredaktør Sigvald Sveinbjørnsson i Bergensavisen.

Han held fram:

– Det går ikkje inn i den redaksjonelle miksen, og då må det tydeleggjerast på ein måte. Om ein har med eller utan setninga «med annonselenker» har eg ikkje reflektert så mykje over. 

– Lesaren skal ikkje vera i tvil om kva det er for noko, seier Sveinbjørnsson.

Diskuterer endringar

Nisja-Wilhelmsen i Nettavisen seier diskusjonen om merking på framsida er interessant.

– Artikkelen må merkast godt. Eg tykkjer våre er bra merka. Inne i artikkelen står det øvst at det er eit kommersielt samarbeid, og med tippesakene er de så etablert at me driv med det, då me var den første e-kommisjonæren, seier han, og legg til:

Pål Nisja-Wilhelmsen, direktør for innovasjon og forretningsutvikling i Nettavisen

– Me har hatt diskusjonen om me faktisk må sjå på merkinga vår på nytt, fordi me har fått så mange nye lesarar det siste året. Det er ikkje slik at me sit på fasit. Det er noko me kontinuerleg ser på.

Larsen tykkjer det høyrest fornuftig ut å diskutera ny merking då dei får inn nye lesarar.

– Det er i tillegg ei svært svak grunngjeving ag lesarane allereie er kjent med omgrepet «Sportspill», seier han.

Som kommisjonær får Amedia ein prosentdel av spelomsetnaden. Standardavtalen med Norsk Tipping, som Medier24 har fått innsyn i, viser at provisjonen er fastsett til tre prosent av spelinnsatsen. I tillegg betalar Norsk Tipping 100 kroner per nyregistrerte sluttbrukar.

Amedia har ei «sportspill»-avdeling på tre personar i høvesvis Førde, Oslo og Bergen, i tillegg til innleigde ekspertar.

Powered by Labrador CMS