«I den situasjonen vi alle står i nå er det dessverre ikke mulig å utelukke, selv om vi vil strekke oss langt for å unngå det. Det gir ikke mening slik situasjonen er nå å spekulere i hvilke funksjoner eller selskap det i så fall vil dreie seg om, skulle vi måtte ta en slik beslutning», skriv Kristin Skogen Lund i ein e-post til Medier24.
Schibsted, som eig mellom anna Bergens Tidende, Aftenposten, Stavanger Aftenblad, VG og Finn.no, har enno ikkje sendt permitteringsvarsel til sine tilsette.
Konsernsjef Kristin Skogen Lund har tidlegare sagt at første kvartal 2020 vert råka av koronakrisa. Det gjentek ho overfor Medier24 torsdag.
Vekst for distribusjon
Men andre kvartal blir verre.
«Dette fordi Covid-19 kun har påvirket de siste ukene i Q1», skriv ho.
På spørsmål om kva dei forventar av ein hjelpepakke til media, svarar konsernsjefen:
«Vi forventer at regjeringen følger Stortingets pålegg om å vurdere situasjonen for mediebransjen spesielt.»
Det er for tidleg å svara på korleis tiltaka blir dersom ein slik pakke ikkje kjem, seier ho. Vidare vil Skogen Lund heller ikkje spekulera i om det kan koma oppseiingar i Schibsted.
Både nyheitsmedia og rubrikkverksemda til Schibsted er råka av nedsteninga av Norge. Distribusjonsselskapa Morgenlevering og Helt Hjem, derimot, opplever kraftig vekst, ifølgje Skogen Lund.
Vurderer fortløpande i Amedia
I mediekonsernet Amedia, som eig over 70 lokalaviser og Nettavisen, har dei permittert i ei lang rekkje selskap. Kor mange har ikkje konsernsjef Are Stokstad oversikt over.
– Er de ferdig med å permittera i denne fasen eller tek de stadig nye vurderingar?
– Me tek framleis løpande vurderingar. Det er lite nytt frå situasjonen før påska, seier Stokstad til Medier24.
– Me er spent på farta ut av april, kva myndigheitene gjer og kva som skjer i annonsemarknaden deretter, seier han.
Stokstad avviser at dei har diskutert nedbemanningar.
Ventar krisepakke for media
Også konsernsjef Per Axel Koch i Polaris Media fortel om stor nedgang i annonseinntektene trass auka inntekter frå brukarane.
– Me får inn nye brukarar, men det vil først kunne gi effekt over tid, då mange av dei kjem inn på tilbod og redusert pris. Det gjeld å halda på dei over tid – men det bidreg ikkje i stor grad på kort sikt.
Konsernet har alt permittert tilsette i ei rekkje mediehus.
– Kan det koma fleire oppseiingar?
– Det kan me ikkje kommentera no. me får sjå om det kjem ein hjelpepakke og tek det frå der. Ein må ta nokre veker om gangen.
– På Stortinget vert det jobba med ein hjelpepakke for media, og så får me vente og sjå kva den bidreg med. Den må demme opp for tapet av annonseinntekter.
For ordens skuld: Underteikna journalist byrjar i ny jobb i Aftenposten i løpet av dei komande månadane. Aftenposten er eigd av Schibsted.